30. juli 2014

Spennande tidar i møte

Med tanke på at me i desse dagar skal til å kjøpe bolig, er det mange tankar som fyk omkring i hovudet. I tillegg skal jo han byrja i ny jobb neste måndag og eg på skulen om berre to og ei halv veke, så her er det mykje som skjer, og me går rett og slett nokre spennande dagar i møte. Og dei neste åtte dagane skal eg jobbe kveld, og med det kjem dagane til å berre fyke av garde. Eg kjenner det langt ned i magen at dette er spennande, skummelt og alt på same tid, mange kjensler er i sving, akkurat som ei berg-og-dal-bane, slik som dei me såg på Coney Island. Veldig kjekt å mimre litt tilbake på turen vår sånn midt oppi alt det andre som går føre seg her på Sola. Både med bilete og med alle minna. Me prøvde ikkje dei aller tøffaste karusellane, men me hadde det ordentleg moro lell berre ved å prøve nokre av dei små og elles gå rundt og berre sjå på alt og alle rundt oss :)

28. juli 2014

Utan mat og drikke...

...duger helten ikkje. Den har vel dei aller fleste høyrt før. På laurdag var eg, som tidlegare nemnt, ute i Stavanger sentrum saman med kjærasten, broren min og to gode veninner. Kvart år er det nemleg Gladmatfestivalen i byen, og så klart måtte me jo ta ein tur for både å sjå alle menneska og smake på alle dei gode, mystiske, lekre, eksotiske og fine matrettane. Og ein is sidan det var så himla varmt ;) Mykje godt å smake på, blant anna litt sushi, og mykje fint å sjå på, alt fra piñataar i telttaket til enorme garnnøste ute på ein båt. Hadde nokre fine timar ute i sola med herlege folk!

27. juli 2014

Mykje sol og varme siste helga i juli

Morgonskiftveka mi er over; i morgon er det måndag og med det ei ny veke. Ei veke med kanskje litt kaldare vêr, for slik det har vore her dei siste dagane, har så å seie blitt for varmt. Utruleg nok. I alle fall når ein pakkar ned i esker og ryddar ei leilegheit (leilegheita til mormor), og også når ein skal på visning der ein går fram og tilbake, kikkar opp og ned, bøyer seg for å sjå i skap og i sluk. Men nok klaging over vêret no, ein kan ikkje gjere noko med det uansett :) Her har me vore tolv stk. til bords på det meste, for slik er det når mamma sine søsken++ kjem på besøk. Sjølv om det berre så vidt er plass rundt bordet, er det jo veldig koseleg. Og til slutt: sundagslista mi:

✦ alle minna frå Vinjerock førre helg
✦ tenk å komme heim til nesten 20 000 ballongar etter å ha vore på bryllaupsreise
✦ bade i Stokkavatnet saman med ei av mine alle beste veninner, og etterpå berre liggje på grasplenen, slappe av, nyte sola og prate. Masse!
✦ bli rørt av denne fine artikkelen
✦ gå rundt og sjå (og så klart smake litt) på Gladmatfestivalen saman med kjærasten, broren min og to gode veninner
✦ nydeleg og økonomisk bryllaupsinspirasjon
✦ le av desse dyrebileta; tenk at også dyr kan vere linselus
✦ gleder meg (utruleg nok) til å byrja på det nye sudiet
✦ høyre på og sjå denne fine musikkvideoen som set fokuset på det at me kvinner ikkje alltid må prøve så hardt (her illustrert med bilete av kvinner med og utan sminke)
✦ gå på visning
✦  "Derfor får du så mange blikk om du har grønn lue på fjellet"
✦ å lese om folk som hjelper tiggarar ved å bli kjent med dei og gi dei husrom

25. juli 2014

Friske bær og herleg badevêr

Er berre innom ein kjapp tur for å seie "god natt". Har vore nokre varme dagar her som de sikkert har skjønt, og det har verkeleg freista å hoppe uti bassenget dei timane eg har vore på jobb. Men det kan ein altså ikkje gjere. Heldigvis finst det nokre ferskvatn som det går an å bade i i nærleiken av Stavanger sentrum, så etter jobb i dag sykla eg til Stokkavatnet saman med ei av mine aller beste veninner. Me bada (heilt fantastisk herleg temperatur i vatnet), sola oss, slappa av med både jordbær og bringebær, og me prata i eitt sett. For ei fin avslutning på morgonskiftveka mi! :D

23. juli 2014

Grillspyd og varme dagar

Varme dagar her på Sola og i Stavanger, akkurat som det er mange andre stadar i landet. Ein kan trygt seie at det er både fordelar og ulemper ved å jobbe ute når det er så varmt: ja, ein får farge i andletet og på armane, men gurimalla, så varmt det blir etter kort tid! Men elles så går det jo greitt :) Har vore på ei visning i dag (for ja, me driv og leitar etter ei leilegheit, og me vil helst kjøpe) og så grilla me då me kom heim i åtte-tida. Då var det faktisk okei å sitje ute og spise varm mat :)

21. juli 2014

Vinjerock 2014

Ei langhelg ved Eidsbugarden i Vang er over, og i dag tidleg stod eg opp litt over halv fem for å vere på jobb til kvart på seks. Tungt var det, men det gjekk no på eit vis. Me har hatt ei kjempekjekk helg med fine vener, nydeleg natur, god mat, bra stemning og veldig bra musikk. Me høyrde alt frå Odd Nordstoga til Kvelertak, Timbuktu og Veronica Maggio, Monica Heldal og Moddi og andre artistar/band. Datarock, eit band eg berre hadde høyrd om før og eigentleg kjente til kun på grunn av onepiecedraktene sine, klarte å skape ei kjempestemning og det var ordentleg gøy å vere til stades. Me leigde ein bil, og køyrde opp på torsdag og ned igjen i går. På turen var me innom fire fylke, køyrde gjennom verdas lengste veitunnel (Lærdalstunnelen), køyrde gjennom andre tunnelar og over bruer, såg mange fine fossar, køyrde på smale vegar og hadde rett og slett ein grei tur både opp og ned. Å vere på festival ved Eidsbugarden, særskilt med strålande sol, var heilt topp! Me koste oss ordentleg, og det gjekk faktisk greitt å sove i telt. Me gjekk opp til ein fjelltopp på laurdag og hadde den nydelege utsikta, me har hatt på oss ull og singlet om kvarandre, me har sete ute om kvelden med quizbok og mykje latter, og den siste kvelden såg ein fantastisk solnedgang! Vinjerock er diverre over for denne gong, men me sjåast nok (forhåpentleg) igjen – kanskje allereie neste år!

17. juli 2014

Klare for festival



Medan denne lille videosnutten blir publisert, er me på veg til Eidsbugarden og Vinjerock. Der skal me vere fram til sundag, og i løpet av desse dagane blir det mykje bra musikk, me skal vere med herlege folk, treffe andre menneske, ete fjellmat, sove i telt og sovepose, kanskje gå ein tur eller to, slappe av, ha ferie, ja, rett og slett ha det ordentleg gøy. Trur me gleder oss alle saman 

15. juli 2014

Pakkar til fjelltur

Byrjar å bli klar for fjelltur og sjølvaste Vinjerock. Teltet er funne fram, det same er soveposane og sekkane. Men å prøve å plukke ut så få klede som mogleg, den saken er verre. Har i alle fall byrja å finne dei fram, så får me heller ta bort det me faktisk ikkje treng. For det er han som er pakkemeisteren av oss, så det skal bli godt å få han hit i morgon (ikkje berre for å pakke altså...). Tidlegare i dag var eg ein tur på Kvadrat for nokre småærend – det er så himla greitt med alt som er gjort :) Og så hadde me koseleg besøk av i går, og då blei det mykje god grillmat og kjekk prat.

13. juli 2014

Snart Vinjerock :)

Jobbhelga er over for denne gong, og no har eg ei veke fri. Det har vore nokre varme og fine dagar, men det var godt med litt kjøligare temperatur no i dag, sånn rett før ferien. Pakking til festivalen står på planen dei neste dagane, for sjølv om det berre er for nokre få dagar, bør ein jo pakke litt, og då pakke smart med både telt, sovepose og det heile. Må seie at eg er spent på heile opplegget; eg er jo ikkje akkurat eit teltmenneske ;) Men før den tid, har eg ei lita liste som eg vil dele:

✦ sykle i ein heilt nydeleg solnedgang
✦ høyre "Six Ribbons" (ikkje originalen, men likevel bra) og "Girls Keep Secrets In The Strangest Ways" på radioen sånn rett før leggetid
✦ le av teikneseriestriper som denne og denne
✦ berre fire dagar igjen til Vinjerock
✦ og så er det berre tre dagar til han der fine kjem hit igjen
✦ å lese om "fotografen som gir noe tilbake"
✦ kanskje eg skal lage ei slik skattejakt neste gong me har åremålsdag?!
✦ ha jentekveld før me gjekk ut førre laurdag med to gode veninner og le så innmari av denne herlege musikkvideoparodien
✦ eit fiffig påfunn, nemleg å kle seg etter nasjonaldagane
✦ at eg endeleg byrjar å få farge på kroppen (har faktisk byrja å få klokkeskilje på handleddet)
✦ kreativ og veldig fin måte å samle inn pengar til ferie på
✦ to av mine favorittartistar, Laurence Fox og Markéta Irglová, kjem med album til hausten
✦ sjå video av Raju, ein elefant som etter femti grufulle år er på veg til å få eit godt liv

airbnb.no

På reisa vår som me var på for ein månad sidan, budde me ikkje på hotell; me budde rett og slett privat. Heime hos nokon. Nokon ukjende, så det var jo ein liten risiko. Men i og med at me skulle vere på reis såpass lenge, så fann me ut at me i alle fall skulle gjere ei undesøking med tanke på andre overnattingsmoglegheiter enn hotell (for det hadde blitt veldig dyrt). Og når nokre vener byrja å snakke om airbnb.no, tenkte me at dette kunne me sjekke ut. Som sagt, så gjort. Airbnb.no er ein nettstad kor du kan lage deg ein brukarkonto med litt opplysingar om deg sjølv (slik at vertane kan sjå kven du er), før du så byrjar å søke etter ein stad å bu, anten det berre er eit rom, eit hus, ei campingvogn, leilegheit, ja, moglegheita er mange. Du kan søke innanfor eit bestemt område, prisklasse osb. Og når du har funne ein stad, kan du ta kontakt med verten for å høyre om det er ledig i det tidsrommet du skal reise. Ein kan gå inn på profilen til verten for å lese meir om han eller ho, og når ein kikkar på dei aktuelle plassane, kan ein lese meldingar som andre brukarar har skrive, sjå bilete av bustaden og lagre dei aktuelle stadane i "ønskjelister". Det som også gjorde at me valde å prøve ut airbnb, er at sjølve betalinga blir fryst inne på nettsida (ikkje hos verten, men inne på sjølve airbnb.no) fram til du har vore der (bustaden) i 24 timar. Me valde å bu privat både i Reykjavik og NY, og då me fyrst hadde bestemt oss for å prøve airbnb, var me begge einige om at dei me skulle bu hos, måtte ha gode meldingar. Me fann noko me likte begge to, kikka nøye på bileta, tinga dei to plassane, og då turen nærma seg, fekk me god veiskildring og mykje bra informasjon frå begge vertane. Dette er verkeleg ein grei måte å bu på og spare litt pengar på. Kommunikasjonen går føre seg på sjølve airbnb og nettstaden er enkel å finne ut av. Dagbladet har også ein bra artikkel om kva du bør vere oppmerksam på når ein vil tinge bustad via airbnb. I bustaden me leigde i New York, budde det også ein katt (det visste me om altså), og det heile var ganske så koseleg :) Generelt vil eg anbefale airbnb neste gong du skal ut å reise, både for å spare pengar og for opplevinga si skuld. Me kjem nok garantert til å bruke denne nettstaden ein annan gong me er ute og reiser, og då særskilt om me skal ut og reise i meir enn ei veke.

11. juli 2014

"Sverd i fjell"

Ikkje at eg pleier å tenkje så mykje på det når eg syklar, men monumentet "Sverd i fjell" er jo berre nydeleg å sjå på i solnedgang. Tok eit bilete då eg sykla til jobb, men det er når sola går ned at ein (i alle fall for min del) ser kor fint det er rundt Hafrsfjord og dei tre sverda. Å sykle i nedoverbakke med litt vind i håret og ein nydeleg solnedgang gjer godt etter ein dag med mykje sol og varme :)

10. juli 2014

Rett før leggetid...



...vil eg berre dele ein liten musikkvideo. Markéta Irglová har så utruleg fin stemme, og i september kjem ho ut med eit nytt album. Gleder meg! Nettopp (nesten) komme heim frå ein lang og varm dag på jobben. Fy flaten, seier eg berre. Sol og sommar er herleg når ein kan liggje på stranda, bade i sjøen og berre slappe av. Og eg klagar ikkje så mykje, for me kan jo sitje ute på jobben og faktisk få litt farge på kroppen. Men å halde konsetrasjonen oppe med så mange folk i bassenget samstundes som sola steikar, det er ikkje berre enkelt. Vel, med fine folk på jobb går det greitt :)

8. juli 2014

Nokre sommardagar i juli

Sitje ute på terrassen med ei krimbok. Kjenne sola skine. Bittesmå frekner på nasen. Fine blomar i all slags fargar. Litt vind innimellom slik at det ikkje blir altfor varmt. Ha god tid. Drikke ein smoothie. Sjå på britisk krim om kvelden. Nyte dei timane sola skin. Sommar. Det er noko med det.

6. juli 2014

Litt småputling, mykje helg

Helg. Det er noko med det, og særskilt etter å ha jobba morgonskiftet. I går sat eg og jobba litt med bilete før broren min og eg åt middag saman i fem-tida. Etterpå var det på med nokre finare klede, for me, to av mine gode veninner og eg, skulle ein tur ut på byen. Me var heime hos ho eine fyrst og der blei det mykje prating, latterkrampe og ein god dose musikk. Etter kvart kom me oss til byen, og der møtte me tre andre frå musikklinja, noko som var kjempekoseleg! Alt i alt ein kjempekjekk kveld, og på bussen heim traff eg to av mine naboar som eg voks opp saman med. Me gjekk saman heim frå bussen i øsande regn, og såg ut som nokre drukna kattar alle tre. Sov litt lenge i dag også, men eg har fått gjort litt, både pussa bord og rydda i klede. Under er sundagslista mi:

✦ sykle forbi nyperoser som ser så fine ut og som duftar så godt
✦ møte gamle korpsvener på jobb
✦ "Flawsome – det er feilene dine som gjør deg fantastisk"
✦ pusse på stovebordet vårt slik at eg etter kvart kan måle det og gjere det til eit (nesten) anna bord. Det tar jo tid, men no er eg i alle fall i gong :)
✦ videosnutt av ein søt elefantunge som skal lære seg å drikke vatn
✦ sykle frå jobb og stoppe ved Hafrsfjord for å leite etter sand- og steinslipte glasbrot
✦ å sjå ein nydeleg raudrosa soloppgang på veg til jobb
✦ "Tid er ikke noe man teller"– fin artikkel om det å vere ute i naturen
✦ høyre stemma til han fine i telefonen, så langt borte, men også så nærme
✦ sykle forbi søte ender som dykker i Hafrsfjord tidleg ein morgon
✦ å komme heim frå ein kveld ute med to gode veninner med eit kyssemerke på kinnet som eg fekk frå ho eine då eg skulle ta bussen heim
✦ tips til korleis å ha det gøy utan å bruke så mykje pengar

5. juli 2014

"...tidlig en morgen"

Morgonskiftet er over for denne gong (skal ha det same skiftet om to veker), og i dag sov eg heilt fram til klokka viste halv ti. Luksus! For sjølv om det har gått greitt å sykle til jobb, før alle er vakne, før sola har stått opp, så har det vore tungt også. Ikkje sjølve syklinga, men det med å stå opp tidleg. Eg er verkeleg ikkje ein morgonfugl, ikkje i det heile tatt, så det å kunne sove til eg vakna av meg sjølv og ikkje av vekkjarklokka, var ganske så herleg. Hadde ein fin sykkeltur til jobb i går med nydeleg soloppgang, heilt motsatt av torsdagen. Då bøtta regnet ned, men eg var no fyrst ved sykkelteljaren som står rett ved "Sverd i fjell". I år som i fjor og året før der ;) Skal ta det med ro desse dagane med litt småputling innimellom (lage bileteserie, pusse bord, rydde...), og på onsdag er det jobb igjen. Men det å ha fire fridagar etter ei veke med morgonskift, kan eg ikkje klage på :)

3. juli 2014

Pannekakegleder

Kvar fredag medan både broren min og eg budde heime, åt me, alle fire i familien, pannekaker til middag. Nokre gongar med syltetøy, andre gongar med pølse. I går, sjølv om det ikkje var fredag, hadde me pannekaker til middag og pappa var pannekakesjefen. Han snudde dei til og med i lufta! Ville berre dele nokre kvardagsbilete, og altså då kvardagsgleder, etter ein del litt trøtte dagar på morgonskiftet. Berre ein dag igjen for no (skal på'an igjen om nokre veker...).