31. mai 2018

Om litt vender eg nasen heimover

Stor kopp med god latte, lesing ute i sola på graset (sjølv om vinden tok tak i håret), vårgrøne tre på campus og knallblå himmel. Fine og avslappande dagar i Moncton innimellom biltur ut til andre provinsar og kjekke opplevingar. I dag reiser eg heim. Veit det blir ein lang tur med tre fly og ørten timar på reisefot, men plutseleg er eg heime igjen. Det har vore ein ferie utanom det vanlege, ein ferie eg kjem til å sjå tilbake på mange gongar med eit stort smil om munnen. Takk for no, Canada!

30. mai 2018

Gleda er å vere med deg

Kvar dag med deg er ei glede. Takk for at du alltid er her. Med støttande ord, eit lite smil, eit kyss på panna når du går om morgonen. Eller med humoren din, varmen din, heile deg. I dag er det tre år sidan du og eg blei "me" på papiret – det er nesten ti år sidan det blei "oss".

Du er den finaste eg veit. Gratulerer med dagen, kjære. Eg ♡ deg.

29. mai 2018

Litterært museum ute på Prince Edward Island

Alt starta med at eg plutseleg fekk det for meg at eg skulle sjå Anne of Green Gables-filmen, den frå 1985 med Megan Follows i hovudrolla (for det er laga mange versjonar, seinast no på Netflix med serien Anne with an E). Dette er er vel omtrent to år sidan. Etter å ha sett filmen og også dei to neste med Follows, ville eg lese den fyrste boka. Og etter å ha lese boka på norsk, fann eg ut at eg skulle lese heile serien på engelsk. No sit eg her. Seks av bøkene er ferdiglesne, eg har sett musikalen Anne & Gilbert og eg har besøkt ein liten haug med relaterte stadar ute på P.E.I. Anne-turen vår starta ved Anne of Green Gables-museet som ligg i Kensington ute på øya. Til jul frå han fine fekk eg nemleg ein billettpakke med både musikal og fire Anne-plassar. Museet er i Campbell-huset, eit hus som tilhøyrde onkelen og tanta til Lucy Maud Montgomery, forfattaren bak bøkene. Ho har sjølv sagt kalla huset "the wonder castle of my childhood". Her finn du "Lake of Shining Waters" og det var også her Montgomery blei inspirert då ho skreiv mange av bøkene sine.


Montgomery gifta seg her i dette huset i 1911, og orgelet er visst i bruk enno sånn i ny og ne. Om ein vil, kan ein faktisk ha vigsla si her. Ein liten, men intim og romantisk seremoni. Mange av bøkene står utstilte rundt omkring i huset. I eit monter såg me signerte utgåver av bøkene frå Montgomery til Campbell-familien. Så rart å gå rundt i eit lite, gammalt hus, titte på alle detaljane, lese på dei små infolappane, gamle bilete på veggen. Det er som å ta ein tur tilbake til fortida.


I andre etasje kikka me inn på soverommet og der låg det jaggu meg ein katt og slappa av i ei lita vogge. Trur den hadde det veldig fint. I eit stort skatoll fekk me sjå fyrsteutgåvene av mange av bøkene. Montgomery skreiv jo ikkje berre Anne-serien, men foreløpig er det berre dei eg har lese. På ein gyngestol stod det ei brodert utgåve av Anne of Green Gables – slike detaljar som eg set pris på og som er litt ekstra stilig. På ein annan stol stod det ei bok om forfattaren. Portrettmåleriet av forfattaren på veggen, fine tapet i dei forskjellige romma, blondegardin i vindauget og "crazy quilt" laga av Montgomery. Stas å vere der og kunne sjå det som blir skildra i bøkene på ekte.

28. mai 2018

Fem flotte, fine og fargeglade bruktfunn

Slik kan det gå når ein bur i gåavstand frå to ganske store gjenbruksbutikkar. Ikkje lenge før eg reiste hit, tok eg ei opprydding i klesskapet og klarte å kvitte meg med ein liten haug med klede som eg gav til Fretex. Idéen var jo å ikkje kjøpe masse nytt, for eg har det meste eg treng. Men altså, når ein finn to kjolar, to T-skjortar og ein cardigan til omtrent 160 kr, då er det ikkje berre berre å gå forbi ;) Den kongeblå kjolen med frynsene er ermelaus og passar perfekt til ein litt varm sommardag. Må nok stryke den før eg kan ta den i bruk, men fargen og passforma er akkurat slik eg vil ha det. Ein kvit cardigan med blå striper og grøn kant blir ein sikker vinnar, og eg gleder meg til å kunne vere akkurat passe pynta med den svarte kjolen. Tok også med meg ei oransjeraud T-skjorte med små puffermer og ei herleg grøn T-skjorte i strukturstrikk. Fem supre bruktfunn!

27. mai 2018

Ei veke, mange fine og minneverdige opplevingar

Korleis skal eg oppsummere denne veka? For den starta ute på Prince Edward Island og sidan har det gått slag i slag. Okei, dagane midt i veka var ganske rolege, men heile helga har me vore ute og farta. Ønskjer jo å få med oss mest mogleg når me fyrst er her. Som eg allereie har nemnt i ein tidlegare bloggpost, ligg eg laaangt bak med å dele bilete av alt det me opplever her ute på Canadas austkyst. Men sidan det blir mykje jobb i juni og juli, er det jo kjekt å ha noko fint å sjå tilbake på og så kunne dele det her på bloggen. På lista denne veka blir det berre eit lite utval med bilete, for med vekas start på P.E.I. og vekas slutt på blant anna Hopewell Rocks, ville det ha blitt eit ordentleg bileteras viss alt skulle ha vore med. Har no likevel prøvd å oppsummere så godt eg berre kan:

✦ alltid ei god bok, og no er Anne of Ingleside lesen ut, her ved Anne of Green Gables-museet
✦ heilt rått å sjå dei store forskjellane på flo og fjære ute ved Hopewell Rocks
✦ morgonstund med kaffi og solstrålar
✦ oppdage meir gatekunst her i Moncton
✦ sjå ein Snipp eller Snapp då me gjekk rundt på Green Gables-området
✦ fem supre bruktfunn på nærmaste gjenbruksbutikk og ein 60-talskjole frå ein vintagebutikk
✦ videosamtale med pappa – lått og løye med mamma, broremann og Zalo i bakgrunnen
✦ neste reisemål må jo vere Gotland, i alle fall når eg tittar innom Emma sin blogg
✦ høyre på songane frå musikalen Anne & Gilbert om og om igjen
✦ innimellom P.E.I. og køyretur i helga: mykje tid til lesing
✦ køyre yttervegen i Cavendish og ete på Blue Mussel Café før me drog tilbake til Moncton
✦ "20 Most Memorable Gilbert Blythe Scenes in Anne of Green Gables" (frå filmane)
✦ dra innom laurdagsmarknaden her i byen og etterpå ete på ein koseleg kafé
✦ apropos koseleg kafé: lunsj hos Cinnamon Soul Café i dag etter ein tur ute på Hopewell Rocks
✦ endeleg finne dei to Agatha Christie-bøkene som eg har leita etter
✦ lesing i sola på strandpromenaden ute ved North Rustico
✦ "25 of the Best Insults From Literature"
✦ stas å ta turen innom Green Gables Heritage Site og sjå det "ekte" huset
✦ gå ute på den lange planke- og flytebrua på Greenwich på P.E.I.
✦ og gå ein litt liknande tur på sanddynene ute ved Bouctouche
✦ alltid ei god bok nr. to, for eg likte godt Anything is possible (saman med kaffi og sjokolade)

25. mai 2018

The Shipwright Inn og ein tur i parken

Som vanleg går tida altfor fort, og det er nesten ei veke sidan me køyrde over til P.E.I. Fyrste natta skulle me bu i Charlottetown, og me hadde bestilt eit rom på vertshuset The Shipwright Inn. På TripAdvisor står det at det er eit B&B (bed and breakfast), men me var begge to einige om at det var meir som eit hotell. Flott fasade og rommet me skulle bu på var endå flottare. Morgenkåper, to gode lenestolar, ei vakker seng og noko rar pynt over badekaret som på ein måte blei fint likevel. I fellestova fann me blant anna eit verdskart der gjestane kan vise kor dei er frå ved å setje ei nål i kartet. Då me skulle setje ei nål i Stavanger, var det ei der frå før, så no står det to i heimbyen.


Bokstøtter av nokre små globusar på kvar side av dei gamle bøkene, og frå forsida minner det meg om fronten på ein bil. Alt det fantasien plutseleg ser. Vertshuset er kanskje ikkje innreidd etter vår stil, men det passar huset ypperleg (og særskilt om ein tenkjer på namnet). Elskar når eit hus har slike detaljar som ein kan titte på, oppdage, drøyme seg vekk i. Gammal peis, sofaen, trøorgelet, fargane, den gamle kjolen, navigasjonsapparata. Frukosten fekk me servert på (sølv)fat og aldri har havregraut smakt så godt. Ei super overnatting på denne imponerande staden!


Dagen etterpå, det vil seie sundagen, hadde me nokre punkt på dagsplanen. Men me tok oss likelev tid til å vandre litt meir i Charlottetown før me køyrde vidare. Gjekk forbi St. Dunstan's Basilica Cathedral med sine rungande tårn, og me såg endå fleire vakre, fargerike hus. Me hadde bestemt oss for å ta turen bort til Victoria Park. På grunn av vêret blei det berre ein kort tur og difor få bilete. Men ein flott promenade nede ved sjøen er det laga til, og det er nok perfekt å vere der på ein solrik og varmare dag. Til slutt sette me oss i bilen og kom oss av garde til neste plass.

24. mai 2018

Charlottetown

Charlottetown tok i mot oss med sol og blå himmel. Høgdepunktet då me kom dit laurdag var jo å sjå musikalen Anne & Gilbert på kvelden. Musikalen er basert på bok nr. to og tre i serien om Anne Shirley (Anne of Green Gables om nokon lurer). Fann teateret og tok som vanleg eit bilete av det med lille meg i forgrunnen. Musikalen var forresten ei positiv overrasking. Teateret er kanskje lite og songane er kanskje ikkje dei sterkaste eg har høyrt på ei musikalscene, men eg storkoste meg likevel (min betre halvdel synest et var "heilt greitt", men så var dette julegåva mi frå han). Før me såg musikalen, traska me litt rundt i byen. Svipptur innom biblioteket; heilt greitt utanfrå, men ikkje så mykje å skryte av inne i sjølve lokalet. Men det er no slik det er nokre plassar. Såg så mange artige detaljar som ei lita mus, ein stor sølvfisk, fin klokke, kjempekul og gammal brannbil og ein dalmatinar, også den ved brannstasjonen. Ikkje ekte, altså, men litt artig likevel. Nede ved hamna fann me eit knallraudt 2018-skilt. Veit ikkje om det var ei spesiell greie med skiltet, men synleg var det i alle fall. På kvelden åt me pizza på ein restaurant der eg fann både ein liten raud skuter og ein knalloransje Vespa. Og etter det: musikal! Så klart har eg mange av songane på hjernen no.


Tok nokre fleire bilete av byen, for me fall begge to for Charlottetown. Endå fleire gamle bygg og fargerike hus enn i Halifax. Murbygg med ornament på, murstein i forskjellige fargar, nokre hus litt meir slitte enn andre. Langs den eine gata me gjekk ned, fann me nokre bruktbokhandlar på rekkje og rad. Me gjekk inn i den fyrste me såg, og det var The Bookman. Draumebutikken for ein bokelskar med hylle på hylle med bøker! Eg blei veldig nøgd då eg fann ei heil hylle med Agatha Christie-bøker og endå meir nøgd blei eg då eg fann dei to bøkene eg leita etter! Kan vise kva bøker det er snakk om seinare ;) Og eg blir like glad kvar gong eg ser slike flotte og fargerike hus!