29. juni 2022

Grønt er alltid skjønt


Alltid litt vanskeleg å få fram fargen ordentleg når eg prøver å ta bilete av nye garnnøste, men sjå på denne grønfargen! Som ein mørk smaragdgrøn, i det rette lyset skin garnet og eg ser allereie at denne toppen kjem til å bli superfin. I fjor strikka eg ein Collett Tee med same garn (då kalla Nordisk sommergarn) og forelska meg heilt i kvaliteten. Blandinga av norsk lamull, morbærsilke og belgisk lin er som ein mjuk draum. Toppen eg skal strikke heiter Markatopp og er ein tynnare variant av Jamaicatopp. Sistnemnde såg eg då eg var innom strikkemarknaden i Oslo i slutten av april og eg må seie at eg likte den veldig godt. Har jo strikka ein del tjukke, varme genserar, og dimed slo eg til då eg såg at dei hadde laga ei versjon av toppen med eit litt tynnare garn. Og sjå den fine eska garnet kom i, saman med ein lten sjokolade og eit par maskemarkørar.

27. juni 2022

Om kveldane no nyleg




Synet som har møtt oss nokre av desse junikveldane. Ei sol så gyllen og rosa, ein himmel i varme gulfargar. Lyse kveldar, varme kveldar. Liv og røre i byen då eg var der i dag for å få unna nokre ærend. Måkene som skrik ute, fuglane som syng. Titte ut av kjøkkenvindauget for å få med meg spelet på himmelen. Stoppe bilen, opne døra og nyte sola som lyste sine siste strålar for dagen over eit jorde. Sommarkveldar i juni. Og enno har me både juli og august å sjå fram til.

26. juni 2022

Skribleri på tampen av ei litt rar veke




Mykje har skjedd på ei veke. Siste dagen min i svømmehallen var som eg skreiv på onsdag, og på torsdag hadde eg fått eit jobbtilbod. For å ta det fyrste fyrst: førre fredag var eg på eit jobbintervju, men eg kjente fort at det nok ikkje var heilt det eg såg for meg. Sidan var eg på eit intervju på måndag, og den var den eg fekk tilbod om på torsdag. Joda, det er eit vikariat, men det er eit steg i ei meir riktig retning for min del. I går feira me to bursdagar, mannen min sin dag på etterskot og broren min sin dag på forskot, og elles så prøver eg å lande. Prøve å senke skuldrene og kjenne at det akkurat no er greitt, at ting kjennest betre. Vakna i går til dei vonde nyheitene om det som hadde skjedd i Oslo, og tårene mine rann. Plutseleg så kjentest ting ikkje så bra ut likevel. Fram og tilbake med andre ord. Tankane har roa seg litt i dag, eg har lese og me har sett på destinasjonar til årets sommarferie. Ein del skribleri frå meg denne sundagskvelden, skal prøve å runde av det heile:

berre så det er sagt: eg diggar bøkene til Alice Oseman, også I Was Born for This
sjiraff og sommarfuglar på ein vegg ved Vitenfabrikken
Mira, den mest nysgjerrige og skjønnaste pusen, er tre år – hipp, hipp hurra!
at siste dagen på jobb blei fin
og at eg dagen etterpå fekk jobbtilbod som utstillingsvert ved nettopp Vitenfabrikken
lese om nye venskap, ikkje-binære karakterar og skeiv kjærleik i I Wish You All the Best
artig å spele TwoSetViolins "escape room-game" i lag med mannen min
kjempestas å ha Zalo på besøk i halvanna veke, for ein liten luring han er ;) 
las Nervous Conditions av Tsitsi Dangarembga som denne månadens ikkje-vestlege forfattar
kinobesøk i lag med ein ven for å sjå den rare Everything Everywhere All at Once
er glad for at sommaren er her, men Niinas oktoberbilete er berre så flotte og stemningsfulle
gamle, flotte dører med gode, gammaldagse dårhandtak
drøymer meg tilbake til Daunt Books i London når eg ser denne videoen på Instagram
stor og vakker bukett som eg fekk siste dagen på jobben
vaiande flagg på svømmehallbygget på min siste dag (eigentleg grunna EM i undervassrugby)
ler høgt når eg ser Mr. Bean spele på usynlege trommer (og her er ein versjon med notar)
solnedgang over eit av nabobygga ein av dei siste kveldsvaktene på jobb
søtaste geita ute på ei eng full av løvetann
alltid balkonglesing
lage mangopai, ete den og spele det herlege spelet "Imagine" i lag med familien
og før paien og spelinga: knallgod laurdagsmiddag og mykje prating

24. juni 2022

Jobbnytt




På onsdag hadde eg min siste dag på jobb i svømmehallen. I slutten av mars sa eg opp, eg hadde ikkje meir å gi. Halvanna år med bookingsystem som ikkje fungerte, badegjestar som lot all frustrasjonen gå ut over oss og lite informasjon generelt, eg blei sliten og var det lenge. Motivasjonen har vore låg og eg har heller ikkje fått bruke den kompetansen eg sit med sånn i det daglege. Rart å seie opp utan å ha noko å gå til, men etter kvart som tida gjekk, kjente eg at dette var det riktige valet. Og i går fekk eg tilbod om ei vikarstilling ved Vitenfabrikken i nabobyen. Byrjar om to månadar, og det blir spennande. No prøver eg å lande etter ei rar tid. Fekk med meg ein kjempeflott bukett frå dei på jobben, og den stor no på sofabordet og lyser opp heimen.

22. juni 2022

Kongen på haugen


Eller, i alle fall kongen på hovudet. For når Zalo er på besøk, er eit hovud den aller beste plassen, då har han oversikt over alt og alle. Mamma og pappa har vore på ferie, og sidan førre onsdag har  Zalo vore på besøk her hos oss. Det beste er å vere med oss og ete frukost, like morosamt kvar morgen. Maten fyk litt rundt omkring (sjå det andre biletet), så veit ikkje heilt kor mykje han et av det som eigentleg er maten vår. Men han verkar nøgd om ikkje anna ;) Å sitje på skuldra til mannen min og prate, er ein annan favorittaktivitet, og kvar gong lurer eg på kva det er Zalo prøver å fortelje. Og akkurat det trur eg det berre er han som veit. Du er jaggu meg ein søt, liten luring, Zalo!

20. juni 2022

Songeksplosjon 🎶



Ser ut av stovevindauget og kontrasten er stor frå i går – i dag skin sola og himmelen er lyseblå. Tenkjer eg skal lese i ei bok før seinvakta på jobb, så sånn sett stikk eg berre kjapt innom her for å seie "hei" og "god måndag". I påska såg eg filmen tick, tick...BOOM! på Netflix i lag med ei veninne. Veit eg har nemnt det før, men filmen handlar om Jonathan Larson, mannen bak den kulaste musikalen Rent. Veninna mi og eg såg den musikalen fyrste gong då me gjekk på folkehøgskulen på Bømlo i lag, og sidan har me sett den (på DVD) ganske mange gongar. tick, tick...BOOM! er ein slags biografisk musikalmonolog som Larson laga etter skuffelsen og avvisinga av musikalen Superbia. I filmen er det Andrew Garfield som speler Larson, ei rolle han blei Oscarnominert for tidlegare i år. Larson gjekk bort dagen før musikalen Rent skulle ha premiere Off-Broadway i 1996, og han blei tildelt blant anna Tonyprisen og Pulitzerprisen for beste drama posthumt. Songen "Sunday" frå tick, tick...BOOM! er ein herleg eksplosjon av ein song med fleire kjente andlet frå musikalverda, blant anna fleire av originalbesetninga frå nettopp Rent. Ein song om sundag på ein måndag.

19. juni 2022

Berre ei slik vekesoppsummering







Stor forskjell på ein regndag når det gjeld antal badande inne i hallen: i går var det veldig få til å vere ein laurdag, i dag måtte me til tider stenge inngangen til barnebassenget sidan me hadde nådd maks kapasitet. Viss du lurte, så regna det ned i dag og dimed var det mange som ville inn og bade, medan det i går var sol og sommar. Timane på jobb har gått veldig fort, men utanom det har eg kjent meg litt utanfor. Av og til berre er det slik utan at det heilt går an å forklare. Er ingen løyndom at koronaåra på mange måtar har tappa meg for energi, og eg bruker framleis litt tid på å komme meg igjen. Kaffi, bøker og strikketøy hjelper, sola i andletet når eg har sykla, bursdag i heimen og ein fugl på besøk. Fleire lyspunkt og lenkjer som har gleda meg denne veka kjem her og no:
 
alltid gøy å lese ei Christie-bok med Poirot i spissen
kvitre, kvitre, Zalo er på besøk og han er heilt med når me et frukost
laurdagspizza og den koselege finsk-kinesiske filmen Mesterkokken Cheng
heilt nydeleg refleksjon av nokre fjell i New Zealand
kveldsvakt er ikkje så ille nårdet er kveldslys på nabobygget
hunden Bailey og ein liten kvalp der den minste er veldig gira på å leike
spele "Ticket to Ride" i lag med broremann og min betre halvdel
ein podcast om klassikarar frå Sølvberget, og i denne episoden er det Christies Fem små griser
og når me snakkar om Agatha Christie: håper å få til ein tur til Greenway og Greenway House  
lilla grøftekantsbukett
ny vlog frå Jonnas kvardag
Marta sover av Romy Hausmann var ei spennande krimbok eg nyleg las ut
Susannes lille møte med eit kjempeskjønt ekorn 
både Flambeau og lady Felicia i den eine episoden av Father Brown 
fargerike fliser på ein vegg 
kjekt å gi mannen min ei flott piknikkorg med litt diverse oppi til bursdagen hans i går :D
knallbra bilete frå finaste Goathland togstasjon – å, som eg lengtar til Yorkshire
vite at eg har ein stor stabel med mange bra bøker som berre ventar på å bli lesne
pusle ferdig det artige puslespelet med motiv frå mange av Tim Burtons filmar
så innmari kult å strikke ein cardigan med Wes Anderson-hotellet frå The Grand Budapest Hotel
koseleg å få konfekt frå dei super folka som speler vasspolo i hallen hos oss
sniktitt på sommartoppen eg held på å strikke, og fargen matchar jo den lille glasvasen ;)

17. juni 2022

Tim Burton-filmar i mange små bitar


God fredag, folkens. Ein fredag midtvegs i juni. Puh, veit ikkje om eg skjønner at sommaren er her, men det er no slik det alltid er: tida fyk av garde. Sjølv blir det jobbing på meg i helga, så også den kjem til å gå fort. Innimellom lesinga og strikkinga, har me tatt fram eit puslespel og to. Vel å merke er det min betre halvdel som er eksperten (les: den mest tolmodige av oss), men dette puslespelet med motiv frå mange forskjellige Tim Burton-filmar har vore ganske artig å leggje i lag. Kunstnaren Alexandre Clérisse er han som har teikna det heile, og leitar ein, kan ein finne filmar som Batman, Big Fish, The Nightmare Before Christmas, Alice in Wonderland, Corpse Bride og andre kjente, sære og kule filmar frå regissøren Burton. Alle dei små detaljane i dette fargerike puslespelet.

15. juni 2022

Innom tre bruktbutikkar i nabobyen


Sidan me fyrst var i Sandnes og hadde god tid etter øvinga på laurdag, nytta me sjansen til å teste ut fleire av bruktbutikkane dei har i byen. Eller, rettare sagt, det var mannen min som kom på den idéen for å gjere laurdagen til ei lita utflukt og ikkje "berre" eit dryg time med orkesterøving. Åt fyrst ein god lunsj (veldig koseleg med kaffidate) og sidan gjekk me fyrst innom Bruk brukt, ein liten pop-up-butikk i regi av Sandnes kommune. Fann ei lita sak som eg har gløymt å ta bilete av, og tok heller ikkje bilete i butikken. Men i dei to andre, Om igjen og Velvet, måtte eg ta fram mobilkameraet. Karaflar i fleire fasongar og fargar, gamle lamper og møblar, små glas med søte mønster etsa på glaset og tøy i ordentleg syttitalsfargar. Velvet er ein butikk der ein finn på nytt og gammalt, medan hos Om igjen finn du berre gamle ting. Og der er det mykje å sjå på, garantert noko for ein kvar smak. Sjølv om det ikkje var mitt favorittmotiv, likte veldig godt formen på kaffiserviset. Eller kanskje me skal gå for eit middagsservise med små, fargerike blomar?! Neida, eg er nøgd med dei servisa me har, men alltid gøy å titte, for det er mykje fint ein kan finne brukt om ein berre leitar litt.

13. juni 2022

Ved eit lite vatn ein tidleg sommardag


Gråvêr her i byen i dag. Turnusfri utan solskin = lesing og strikking inne. Førre måndag derimot... eg har nesten ikkje ord. Andre pinsedag og fri. Sola skein som aldri før, og eg berre måtte ut av leilegheita og bort til ein plass der det var grønt gras. Joda, eg kunne ha sete på plenen foran blokka, men det hadde liksom ikkje blitt heilt det same. Valet fall på Vannassen. På med solkrem, lette klede, ein sekk med vatn og til slutt fann eg solbrillene. Å, det var så herleg å finne ein plass for meg sjølv på det grøne graset. Sitje og lese i ei kjekk bok, sjå på endene dykke, gå berrføtt, sjå den blanke morgondoggen og studere orkesternotar. Ein lyseblå himmel over vatnet, ordentleg sommerstemning, for nokre timar fann eg verkeleg roa der eg sat og berre tok livet med ro.

12. juni 2022

Hjarte ute på balkongen, orkesterhelg og ein lunsjdate









Fire tidlege morgonar (slapp jo unna måndag sidan det var andre pinsedag) og sidan ei helg der ein del av tida har gått med til orkesterspeling. Klassisk konsert i kveld med ei øving i går. Me i grovmessinggruppa spelte ikkje på alle stykka, så det har blitt ein del pausar. Men, men, dette var siste konserten før sommaren og til hausten har me blant anna ein gallakonsert som eg trur kjem til å bli veldig bra. Sol og sommar på måndag, produktive dagar på jobb, kjekke bøker, bruktfunn og gjenbruksbutikk oppsummerer veka ganske greitt. Meir spesifikt om veka og andre lenkjer:
 
Uten å nå toppen, elska Cognettis De åtte fjellene og likte også denne om å gå i eigne tankar
løytnantshjartet som eg fekk frå jobben i fjor, pyntar verkeleg opp balkongen vår
"Fargeparadokset" – ein god kronikk som tar opp temaet "gute- og jentefargar"
sjå vidare på sesong tjuefire av Tause vitner som akkurat no ligg ute på NRK Nett-TV
høyre Glen Hansards konsert frå 2020, tatt opp i National Library Dublin, for ei stemme Glen har!
byrje veka med å sitje ute i det grøne graset ved Vannassen og lese i ei bok 
kul fugl som dansar til songen "Happy"
stikke innom ein bruktbutikk som hadde mange gamle og flotte servise
dokumentarfilmen Gunda, hjarteskjerande og vakker, dette er rein poesi
ete god lunsj, kaffi og noko attåt på Espresso House etter orkesterøvinga i går 
alltid noko magisk ved ein solnedgang, til dømes denne som Ingeborg har fanga i all si prakt
lese og høyre orkesteret spele eit stykke eg ikkje sjølv var med på medan eg venta på bussen heim
koalaar er skjønne dyr og denne lille krabaten er berre eilt nusseleg 
sykle til jobb om morgonane med lys himmel og varm temperatur
to flotte bruktkupp frå butikken på Klepp stasjon 
prøve ut spelet "Imagine" etter laurdagstacoen i går, me lo og hadde det veldig morosamt 
hi, hi, ein ganske stilig måte syne fram Beethovens femte på, for sjekk ut denne animasjonen!
pusle eit artig og fargerikt puslespel 
Carinas klare bilete av eit søtt ekorn 
strikketid i sofaen når vêret har vore litt grått
for ei stille og samstundes vakker bok, Jocelyne Sauciers Det regnet fugler er ei minnerik historie

10. juni 2022

Glasvase og tre vakre keramikkrukker


I stasjonsbygninga på Klepp stasjon, finst det ein butikk som heiter Nytt og brukt. Førre laurdag gjekk me jo tur ved Frøylandsvatnet og parkerte ved stasjonen. Butikken var ikkje open då me byrja turen, men så klart måtte me stikke innom før me køyrde heim igjen. Kjøpte eit nydeleg golvteppe vevd av ei lokal dame på åtti år, eg skal hugse å vise det seinare. Fann ei søt glasvase med liljekonvallmotiv etsa på glaset – litt vanskeleg å sjå, men den er heilt nydeleg når du ser den på ekte. Blikket fall også på ei lita keramikkrukke med ein knallfin glasur. Eg snudde den og såg den var stempla med signaturen til Albin Brekke, ein keramikar som hadde verkstad i Kopervik på 60-talet. No har den fått plass heime saman med dei små keramikkvasene som også er laga av Brekke. Den som har gule og grøne jordfargar, fann eg i bruktbutikken til Team Albania i Kragerø for to år sidan. Og den til høgre på biletet fann eg i same butikk då me stakk innom på veg til Oslo i fjor haust. Tre keramikkfunn frå same keramikar funne i løpet av tre år, det synest eg er litt stilig!

8. juni 2022

Midgardsormen over Frøylandsvatnet



For omtrent seks år sidan, opna denne brua over Frøylandsvatnet. Midgardsormen bind saman kommunane Time og Klepp og er ein stilig konstruksjon ute på vatnet. Mannen min og eg har vore der ein gong før, denne gongen blei også broren min med. Brua snirklar seg som ein stor orm over vatnet og inn i skogen. Inn i skogen til bjørkestammene, til fuglane og til turstiane. 




Viss du skal gå rundt heile vatnet, går du i fleire timar: det er heile 16,6 km rundt! Me parkerte ved togstasjonen, gjekk over toglinja, bort til brua og over til Njåskogen. Sola titta fram etter kvart og det var berre herleg å traske på stiane i skogen. Blomar ved vatnet og blomar langs grøftekanten, høgt siv og knallgrøne eikeblad. Gjekk same vegen tilbake, og totalt blei det sju kilometer. Laurdagstur før me åt ein knallgod laurdagspizza og såg film utpå kvelden, heilt tipp, topp, tommel opp!