29. apr. 2022

Utsikta som er vakker i all slags vêr ♥︎




Klarvêr og lyseblå himmel, tåke og trolsk stemning, Disneyhimmel og rosa farge over fjelltoppane. Blikkstille vatn og ei ro som ein berre får der oppe. Fjellroa. For det var verkeleg fint og fredfullt ved Moslivatnet i påska. Til og med tåke kan vere flott å sjå på (så lenge den ikkje ligg over landskapet fleire dagar på rad). Og månen som spegla seg i vatnet. Verkeleg ein drøymepåske!

27. apr. 2022

Magisk bokhandel, eit ordentleg eventyr







I fjor las eg både bok nummer ein og to i serien om Den magiske bokhandelen. Nærmast slukte dei, så då Harper Collins Norway tok kontakt på Instagram og lurte på om eg ville motta eit leseeksemplar av den tredje boka, svarte eg raskt "ja" (annonse). Og som eg har kost meg med å følgje Tilly og Oskar vidare på nye eventyr – kva er vel betre enn å lese om bøker i bøker, om dine favorittkarakterar, om jakten på myten om Arkivarane og å prøve å forstå bokmagi?! Ei heilt eventyrleg reise med andre ord, eit aldri så lite mysterium, alle bokelskarars draum! Litt stilig i bli sitert bakerst i boka, og illustrasjonane av Paola Escobar er like fine som i dei to fyrste bøkene.

"Dermed lukket han øynene, og en strøm av ren bokmagi begynte å flomme fra hendene hans og inn i treet. I løpet av sekunder kom bokmagien fra hele ham, og fantasien rant rett fra ham inn i bøkene og hjalp til med å sette fri hver eneste bok som var der. De kunne se bokmagien spre seg gjennom hele skogen og biblioteket, og den spraket som elektrisitet gjennom alt sammen. Da lyset spredte seg til alle bøkene, begynte Will å rakne, og til slutt ble han selv forvandlet til ren Fortelling – en konstellasjon av skimrende, strålende fantasi som bruste gjennom hele Kildebiblioteket og spredte virvlende, glitrende magi og den umiskjennelige lukten av grillet marshmallow." (s. 423).

Bokopplevingar av dette slaget ♥︎

25. apr. 2022

Hålandsvatnturen


Kjem nesten ikkje over vårvêret som var no i helga, kunne jo trudd at det var sommar. Gradestokken viser ikkje så mykje meir enn ti gradar i dag, men sola har likevel titta fra, og det var herleg å sykle fram og tilbake jobben. På laurdag stakk me (den faste turgjengen) til Hålandsvatnet sidan me hadde bestemt oss for å gå Hålandsvatnturen. Mesteparten av turen gjekk rundt nettopp Hålandsvatnet, men me var også ein liten snei innom Stokkavatnet. Kvitveis overalt inne i skogen, eføy opp ein trestamme og ein annan plass var det små, gule blomar så langt auget kunne sjå.
 




 
Tre rådyr på eit jorde og fleire gjess med dei søtaste gåsungane! Små dunnøste som alle hoppa i vatnet og svømte på rekkje og rad. Blå himmel, høgt siv, ein pust i bakken på ein benk. Kjente meg nesten euforisk fordi sola varma andleta våre (jada, solkremen var på), fordi det var godt å bevege kroppen, fordi vårlyset og fargane var overalt. Store smil hos alle tre, ein superduper laurdagstur!

24. apr. 2022

Nesten som fleire feriedagar



I hovudet har det framleis vore påskeferie denne veka. Joda, eg var på jobb tysdag og onsdag, men eg starta veka med fri og avslutta den med endå fleire fridagar. Som eg allereie har nemnt, har vêret desse dagane vore strålande. Kjenner det gjer godt for humøret og energien. På torsdag stakk eg til byen for å vere med på eit bokpratarrangement og i går var me ute på ein kjempebra gåtur. Elles har eg lese mykje ute på balkongen og eigentleg berre tatt det med ro. Det kjem til å gå i eitt dei to neste helgene med konsert i Oslo og stemne på jobb. Tidleg opp i morgon, ei lita liste no:

kopp med god kaffi latte og månadens Christie-bok: Hvorfor spurte de ikke Evans?
naboen som høyrde på "Gabriellas sång" medan eg sat og las ute på balkongen 
byrje å sjå verdas finaste Heartstopper på Netflix ♥︎
høyre Ella M. Hætta Isaksen prate om Derfor må du vite at jeg er same, boka ho nyleg har skrive
Martin som etter mange år fann ho som redda han då han drukna som fireåring
kvitveis i fleng då me gjekk Hålandsvatnturen i går
soloppgangen då eg sykla til jobb på onsdag, ein super start på dagen
ny vlog frå Bonnie Wright der me får sjå den nye boka hennar Go Gently
blomar på trea
treffe på ei god veninne midt i byen, koseleg å prate eit par minutt
20 påskebilete inne ho Synne, påskestemninga er til å ta og føle på
lese Under udalatrærne som denne månadens bok av ein ikkje-vestleg forfattar
"Lås in mig og släng bort nyckeln" – fine Emma skriv sterkt om demens i nær familie
is og reisereportasje frå Shetland etter laurdagsturen
minipusen som vil leike
stikke innom ein bruktbutikk og sidan biblioteket etter torsdagens bokprat
leseeksemplar av den tredje boka i Den magiske bokhandelen-serien
eldre låt, men Gotye sin musikkvideo "Somebody That I Used to Know" er ganske stilig
sluke krimserien Vera, britisk krim er den aller beste 
katt og kyllingar, søte venar alle i hop
sitje ute på balkongen med kaffi og bok, noko eg har gjort omtrent kvar dag

22. apr. 2022

Både inne og ute ved hytta i påskeveka


Kan ikkje klage på starten av helga når det nesten er for varmt til å sitje ute på balkongen midt på dagen. Både i går og i dag har vêret vore strålande, og eg har fått lese mykje og strikka ein del. I påskeveka fekk me oppleve litt av kvart på vêrfronten. Mot slutten av ferien stakk sola ordentleg fram, og me spelte dart på terrassen og sat ute i solveggen og las. Om morgonane var det kaldare, så eg tok på meg den lange, tjukke strikkagenseren, pakka meg inn i eit teppe og drakk varm kaffi medan eg las i ei av bøkene eg hadde med meg. Ute fann eg nokre trolske grei(n)er (ha, ha, tok du 'an?!) ein av dagane. Og så Ørneredet, då. Sjølve hytta. Takksam for ei slik hyttepåske.

20. apr. 2022

Trea ute nett no


Ute nett no. Me var innom universitetet i byrjinga av veka, og på campus er det fullt av blomar på trea. Saman med snøklokkene, er dette det vakraste synet om våren. Lysare dagar, sola som skin, fargane som poppar opp overalt. Rart å berre vere to dagar på jobb denne veka, men slik er det med ein påskeferie og sidan turnusfri. Herleg å sykle heim i dag med sol i andletet og temperatur på rundt femten gradar. Lesestund ute på balkongen og roleg musikk i bakgrunnen. Midt i veka.

18. apr. 2022

Påskehygge




Kunne gjerne ha vore lenger på hytta, det er ei eiga ro der oppe. Samstundes var det godt å sove i senga vår igjen og ha ein heil dag heime før jobb og kvardag i morgon. Dagane på hytta gjorde godt – me fekk slappa ordentleg av. Kaffi, påskeegg, bok og solskin, eg klagar ikkje. Me spelte "UNO" og "Kokkelimonke" om kveldane og fekk heilt latterkrampe. Avslutta kveldane med quiz i mange forskjellige kategoriar, ingen hyttetur utan quiz! Lesestund under eit mjukt teppe foran omnen var herleg då føtene mine var kalde. Og inga påske utan "Påskelabyrinten". Eg kan enno hugse at då me var små, høyrde me dette programmet i hytta til tante og onkel ute på Kråkerøy. Barndomsminne de luxe. Tenk at Viggo Valle har halde det gåande med denne spørjekonkurransen sidan 1987.






Artig at både Zalo og Balto var med oss på hyttetur. Pappa er framleis Zalos favorittperson, han er som kongen på haugen når han får sitje på hovudet til pappa. Ug så var det ganske tydeleg at Zalo likte "Kari-Pers polska", songen som er med i kvar episode av "Påskelabyrinten" – då laga han nemleg ekstra høge lydar akkurat som om han ville syngje med. Balto gav beskjed viss han såg ein hund gå fori hytta, men elles er han ein roleg og flott hund. Ein liten kamuflajsepuddel, for han går verkeleg i eitt med stoveteppet. Ro og hygge i lag med tobeinte, ein firbeint og ein med venger.

17. apr. 2022

Sosial og avslappa påskeveke





Prøver å lande etter flotte dagar på hytta. Eller eigentleg heile veka, for dei fyrste dagane var det som om me tok igjen for all den sosiale avstanden det siste året! Såg tick, tick...BOOM! av og om Jonathan Larson, han som laga den besteste musikalen Rent, på Netflix med ei god veninne her heime på måndag. Tysdag var det kaffidate og kino med ei anna veninne, og på onsdag – før me stakk opp til hytta – køyrde me til Bryne for å besøke eit venepar. Sidan har me verkeleg slappa av på hytta i lag med mamma, pappa og ei tante av meg. Ho hadde meg seg hunden Balto, og Zalo var også med. Strikka ein heil del, me har alle lese i kvar vår bok, luftetur/gåtur/joggetur (alt etter kven av oss det var), ein dag i tåkeheimen og elles har sola verkeleg skine. Quiz, brettspel og så klart "Påskelabyrinten", eg kjem tilbake med årets påske over dei neste dagane. Men essensen finn du i det eg nettopp skreiv, tihi. Det meste er allereie sagt, ei oppsummering får du likevel:
 
lese Røde knokler, bok nr. tre i den fyrste Shetlands-kvartetten av Cleeves, ypperleg påskekrim
følgje med på "Påskelabyrinten", og innimellom klare eit par av oppgåvene utan å bruke internett
byrje på eit nytt strikkeprosjekt
den offisielle traileren for TV-serien Heartstopper som snart kjem på Netflix
te, kjeks og filmen tick, tick...BOOM! i lag med ei god veninne
og dagen etterpå: kaffi på kafé og den nye Fabeldyr-filmen på kino med ei anna god veninne
naturformasjonen Stanage Edge som ein kan sjå i 2005-versjonen av Pride & Prejudice
blir framleis varm om hjartet av å sjå den lille Cinema Paradiso-utstillinga på kinoen
påskekrimmen Manhunt på NRK Nett-TV (og eg har enno til gode å sjå Vera og Shetland)
innspeling av "The Blue Bells of Scotland" frå 1901 (!) med A. Pryor på trombone, den tar heilt av!
fjellro og blikkstille vatn oppe ved hytta 
fint servise, knallgode vaflar og kjempefine folk ute på Bryne før me drog opp til hytta
påska inne hos Et katteliv med katt, sol, lemon curd og mykje fin påskestemning
kaffi i favoritthyttekoppen, lesing og gul påskeduk 
koseleg med tantebesøk, og mellompuddelen Balto lot seg gjerne klappe
Disneymusikk og TwoSetViolin
stikke innom ein kjempebra bruktbutikk då eg var i byen med veninna mi på tysdag 
latterkrampe då me spelte "Kokkelimonke", og veldig gøy å avslutte kveldane med litt quiz
bittelille pusen, så glad i personen som redda den frå gata og så er den like nusseleg som alltid
lesing (påskekrim) under eit mjukt teppe foran omnen
påskeegg og hyggeleg helsing frå jobben, ei god bok, strikketøy og den kulaste prosjektposen
viss det ikkje var tydeleg: generelt mykje tid til lesing, og det er noko eg alltid set ekstra pris på
og glimt frå årets hyttepåske i ein lite videosnutt