30. sep. 2019

Fin haustdag med ein tur i fjæra og kaffi ute i hagen

Regnvêrsdag = innedag = brettspel og kino. Slik har det vore her i dag, men me har no hatt det fint for det om. Toy Story 4 slo an blant både store og små. Vêret var som nemnt upåklageleg den dagen me kom hit, og me stakk ned i fjæra og berre naut sola og sjølukta. Artig å kaste "fiskesprett" eller "flyndre", ikkje så ofte me gjer det ;) Liker godt at det er steinfjære, for då kan eg gå rundt og titte på alle dei fine steinane i mange forskjellige fargar. Ein kan seie at eg er litt "steingalen".


Eikenøtt, haustfargar og den blå himmelen. Etter å ha vore i fjæra, blei det noko middag. Og etter det tok me med oss ein kopp med kaffi kvar ut i hagen. Der sat me og las ein halvtimes tid. Septemberdagar kan vere fine når sola tittar fram og varmar oss i andletet. Jeremias var ute med oss ei lita stund før han rusla vidare til neste plass som han måtte utforske. Til slutt byrja sola å gå ned, og då blei haustfargane endå meir gylne. Sukk, det varme lyset som kveldssola gir

29. sep. 2019

Sundagsliste skriven på Sunnmøre

Full rulle her oppe på Sunnmøre, og dagen har gått unna i ein fei. Nokon har vore på ridetur, ein har jobba littegrann og andre har spelt brettspel. Til middag var me alle ti ute på restaurant og åt buffe medan det no er tid for litt avslapping. Ute regnar det og tåka ligg over fjella, men me var no heldige dei fyrste dagane me var her. Sol, knallblå himmel og over femten gradar. Kjekt å vere her, treffe familie igjen og berre vere utanfor Stavanger ei vekes tid. For sjølv om eg stortrivst i byen, kjenner eg at det gjer godt å sjå noko anna innimellom også. Treng ikkje å vere meir enn ein tur til hytta for den saks skuld. Starta veka på jobb før langhelga tok til etter vakta på onsdag. Leigebil, Hurtigruten og sidan Sjøholt. Her har eg starta kvar dag med kaffi og bok (etter frukosten, altså), me pratar med dei andre, klappar pusen og beundrar den vakraste solnedgangen. Eg ligg eit godt stykke når det gjeld blogginnlegga: eg har framleis eit par igjen frå Sverige, den lille helga i Oslo og no her frå Sunnmøre. Men eg stressar ikkje, for no vil eg vere med dei fine folka og så kan eg heller ha noko å sjå tilbake på når dei grå haustdagane kjem. Likevel, ei sundagsliste har eg fått laga til:

✦ Absent in the Spring, ein roman av krimdronninga, skriven under pseudonymet May Westmacott
✦ sjå den aller siste episoden av finaste Poldark på NRK Nett-TV
✦ og sesongfinalen av Mindhunter
✦ koseleg interiør på veggen i den eine kaféen på MS Nordkapp
✦ kjenner meg igjen her, og måtte difor le litt høgt: "21 Types of Orchestral Players"
✦ starte fredagen med songen Balladen om Morgan Kane på radioen, ein kopp kaffi og fjellutsikta
✦ lage ferdig ny postkortbok
✦ herlege sitat frå den aller kulaste The Princess Bride
✦ vår vanlege tur til Devoldfabrikken når me fyrst er her, og det same med Kyrkjetorget
✦ setje av tid om morgonen desse fridagane til å lese
✦ blir glad av å sjå dette innlegget med alpakkaer inne hos Alicia
✦ kvalitetstid med finaste Jeremias
✦ treffe svigers, svograne, svigerinna og tanteungane – ein herleg gjeng alle saman
✦ haustfargar på tunet her hos svigers
✦ vere ei lita stund nede i fjæra i finvêret på torsdag
kjempesøte flygepungekorn og ein dachshund
✦ den nye boka Evvie Drake Starts Over synest eg var veldig fin og god
✦ køyre til Bergen og ta Hurtigruten, vakne opp nesten i Ålesund og ete god frukost med utsikt

27. sep. 2019

Pusterom

Viss du las sundagslista eller har sett dei siste bileta på min IG-konto, veit du allereie at eg er på Sunnmøre. Og viss ikkje, så veit du det no ;) Me kom hit i går etter å ha køyrt frå Stavanger til Bergen på onsdag, og frå Bergen tok me Hurtigruten til Ålesund natt til i går. Ein kjempefin tur med sol og god frukost, og me var også innom Devoldfabrikken i Langevåg og ein tur nede i fjæra her på Sjøholt. Eg kjem tilbake med eit innlegg frå Hurtigruten, men akkurat denne fredagen – den siste i september faktisk – postar eg bilete frå fredagen for tre veker sidan. Då tok me toget til Oslo for å sjå The Sound of Music. Ute bøtta det ned, men det gjorde eigentleg ingenting. Me sat der i kvart vårt sete og slappa av. Las mykje, drakk kaffi og åt ein kjeks og to attåt. Titta på regndropane som rann nedover ruta. På veg heim var me heldigare med vêret. Små vatn, tre og eit lita hytte fauk forbi. Hadde fri og tenkte lite. Det er blitt sagt ofte her på bloggen, eg veit det, men å ta toget er ein veldig behageleg måte å reise på. Tempoet er mange hakk lågare, turen blir eit pusterom.

25. sep. 2019

Safari i ei gondolbane

Siste del av den kjekke dagen på Kolmården kjem her. Ein av attraksjonane er å dra på ein slags safari i ei gondolbane. Så kule og retroaktige safariskilt ved inngangen. Køa var lang, men det var også sjølve turen, så ventetida var absolutt verdt det! Utruleg stilig å sjå parken frå lufta, sitje høgt der oppe, slappe av, nyte det fine vêret og det beste selskapet. I løpet av den luftige safarituren, såg me eit par løver, høge, flotte sjiraffar og andre dyr som ikkje var så enkle å ta bilete av.


Fargane på toalettskiltet og fargen på veggen, sånt som alltid får meg til å smile. Flodsvina var det mange av, og dei låg der på bakken og tok det heilt med ro. Kamelane låg også og slappa av medan apene var i full aktivitet. Elefantar, nashorn og sebraer var andre dyr me såg i løpet av dagen i parken. Til slutt traska me bort til dei nysgjerrige surikatane. Å, dei er jo like søte som den raude pandaen, tihi! Etter Kolmården, køyrde me til Spilhammars camping i eit heilt utruleg regnvêr.

24. sep. 2019

Mønstrete bok til ein haug med postkort

Postkort i ein haug. Som nemnt kjøper eg med meg eit par pins eller postkort som ein liten suvenir frå dei plassane me har sett og opplevd i løpet av ein ferie. Den førre postkortboka mi byrjar å bli ganske full, så eg tenkte å dekorere ei liknande bok. Og det gjorde eg. Fann eit stykke mønstrete tøy i tøyskuffa mi, fram med limpistolen og – voilà! No er eg klar for nye postkort og nye eventyr.

23. sep. 2019

Godt og blanda frå Gotland

Sola skin i dag også, og eg gleder meg allereie til å komme meg ut på sykkelen til jobb. Det er ikkje lange turen, men eg får no i alle fall kjenne sola varme i andletet, kjenne litt på haustvêret som til no har vist seg frå ei veldig god side. Bileta over er frå Gotland, og det som går igjen er loppis og keramikk. Eg har allereie skrive litt om det me fann som me kjøpte med oss heim, men ved Etelhems Krukmakeri var det berre så mykje fint. Både blåfargane og grønfargane var vakre og auga mine fekk ikkje nok. Og kaféen med dei gamle bøkene og den rolege stemninga, kan ikkje alle kaféar sjå slik ut?! ;) Eke Kakelmakeri & Lantgård hadde også keramikk i nydelege gylne fargar. Over til loppisar. Me besøkte Tellungs loppis og der var det all slags mogleg krimskrams og ein kosete katt. Butikken Kuriåsa hadde spissa det heile meir med dyrare og eldre gjenstandar, til dømes antikke møblar. Litt vanskeleg å få noko slikt med heim, men butikken er likevel ein kjempefin antikk- og loppisplass. Me var også innom Hablingbo Crêperie, og eg kan ikkje seie noko anna enn at der blei me ordentlig mette etter ein crêpe kvar i tillegg til kaffi. Hi, hi!

22. sep. 2019

Favorittbok og ein klassikar

Seinvakt og jobbhelg. Timane no i helga har foke av garde, og i morgon er det plutseleg ei ny veke. Sidan vêret har vore såpass bra, har det ikkje vore så stappfullt inne i bassenget som det av og til er på laurdagar og sundagar, men eg klagar ikkje på ein bittelitt rolegare helg på jobb. Med seinvakt og helga på jobb, har eg ikkje lese så mykje, men litt innimellom har det no blitt. Sett eit par episodar av Mindhunter; den andre sesongen er like intens og bra som den fyrste. Etter å ha lese ei sak om elefantar i Kenya på NRK si nettside (lenkje i sundagsliste), kom eg til å tenkje på det at om eit par månadar er ti år sidan eg reiste til Afrika saman med folkehøgskulen. Tida altså! Me besøkte blant anna desse elefantane i tillegg til så mykje anna, verkeleg ei reise for livet! Veit ikkje om eg har så mykje meir å skrive om, veka er så å seie over og det gjenstår berre å dele nokre fine saker:

✦ gå til jobben i dag i lag med mannen min, heilt nydeleg septembermorgon
✦ Eventyrlig oppussing som hadde denne vakre låta i bakgrunnen i løpet av episoden
✦ boka My Oxford Year av Julia Whelan er til no ei av dei beste bøkene eg har lese i år
✦ Jonna sin vlog nr. 31 om hennar tur i hytta langt oppe på fjellet
✦ fargerike blomar langs vegkanten
✦ kult og interessant å lese om erfaringar med det å gå på auksjon inne hos Alicia
✦ god kaffe latte og eit browniestykke på kafé
✦ kunne ete sundagsmiddagen ute på balkongen
✦ "Kjærligheten som redder elefantenes liv" – finaste Sheldrick Wildlife Trust i Kenya
✦ stilig arkitektur på eit bygg midt i sentrum
✦ så himla nusselege kattar
✦ litt stas å bli reposta på Instagram av Scenekvelder
✦ ønskjer å besøke dette biblioteket, eit av dei eldste i Storbritannia
✦ sola som ein av dagane skein inn på sofabordet vårt, så godt med lys og solskin
✦ for alle musikarar, denne måtte eg le av: "10 Sight Reading Nightmares" (bladlesing)
✦ las Rosemary Sutcliffs versjon av myten Robin Hood som septemberklassikaren
✦ hadde ikkje klaga på ein laurdag som denne
✦ ikkje lenge til onsdag og tur opp til Sunnmøre