30. sep. 2022

Kvardagsmorgonar med ein himmel i brann







Fire forskjellige morgonar, fem bilete av ein himmel i brann, av sola som står opp over hustaka, over vatnet og fjella i horisonten. Siste dag i september er nesten over, og eg veit at det er meldt gråvêr i natt, men eg tar med meg desse morgonane. Morgonar i september, alle saman den siste veka. Å gå til bussen og sidan sitje på toget slike morgonar. Sitje der med ei god bok i fanget og innimellom ta ein liten pause frå orda fordi utsikta er så fin, så fin. Min kvardag, min jobbveg til og frå nabobyen.

28. sep. 2022

Så mangt det går an å skape


Trass ein del støy, rot og litt kaos (då snakkar eg fyrst og fremst om fredagen med alle skuleklassane inne), var det gøy å få vere med på skaparfestivalen på jobb førre veke. Alle moglegheitene som finst på huset, og det har vore ekstra kjekt å vere innom makerspacerommet og berre utforske alle maskinane, materiala og fargane som ein kan bruke. På festivalen fekk talentsenteret vise fram mikrobitorkester, publikum kunne lage kule ting ved hjelp av ein 3D-skrivar, utforske koding og progammering og sykle på forskjellige, rare syklar. Sjølv skulle eg gjerne ha vore med på alt saman ;)




Liten konsert ved Tesla-spolen fredagsformiddag, ein ganske annleis konsertoppleving og ganske stilige saker. Nokon fekk hjelp til å lære å hekle, andre korleis ein strikkar rette og vrange masker. Mange syntest at det kulaste var pannekakeroboten (!), og det var også fleire som stod i kø for å teste vinylkutting og stryke motivet på ei T-skjorte eller eit handlenett. Og jaggu meg hadde me ein liten keramikkverkstad også. Fullt trøkk begge dagane, mitt fyrste arrangement på Vitenfabrikken.

26. sep. 2022

Kaféperle langs vegen


Lurer på om dette må vere verdas koselegaste kafé. Alle dei gamle møblane, det herlege interiøret, den hyggelege stemninga. Knallgode, heimelaga kaker (blåbærostekake = tipp, topp, tommel opp) og smilande folk bak kassa. Viss du køyrer forbi Sjøholt, viss du er på veg mellom Ålesund og Molde, berre må du stikke innom Stolt Mat. For å sitje der og lese med ein kopp kaffi, det er tingen, det!

25. sep. 2022

Fyrste månad på Vitenfabrikken




Torsdag var det ein månad sidan eg byrja i ny jobb, og det har vore ein lærerik, kjekk, travel og spennande månad. Ikkje ein dag er lik, om ein ser bort frå sjølve døgnrytmen – det har gjort godt å ikkje jobbe på skift, men å ha ein fast tid å stå opp på, ein fast tid å gå heim frå jobb på. Kvar dag lærer eg noko nytt og oppdagar nye feil eller manglar i utstillinga som eg på eit eller anna vis må fikse. Eigentleg litt artig. Fredag og laurdag var det skaparfestival på jobb, og på grunn av det, var eg på jobb nokre timar i går sjølv om eg ikkje jobbar helg til vanleg. Vinylkutting, symaskinrobot, mikrobitorkester og mykje anna, det var minst ein aktitivitet for kvar ein smak. Skal innrømme det blei kaotisk og mykje lyd når det var ørten skuleklassar inne på fredagen utan eit veldig styrt opplegg, men ein lærer av det også. Eg hadde delansvaret for strikke- og hekleverkstad, klagar ikkje på å få strikke på jobb ;) Broren min tok over leilegheita han nyleg kjøpte på fredag, og i går blei det flyttelass og i dag vasking. Har fått tid til litt avslapping også, altså. Og resten kan du lese punktvis:

raud bruktfunnkjole og ein einsleg, gul blome
lese I Kissed Shara Wheeler, den tredje boka frå Casey McQuiston 
soloppgang i nabolaget då eg gjekk til bussen onsdagsmorgon
"Top 10 Hauntingly Beautiful Songs in Musicals" – blir aldri lei når Rent blir nemnt
ha med kake på jobb, ho eg er vikar for hadde nemleg sin siste dag før permisjon 
teikneserieromanen Forår i Tjernobyl var ei heilt eiga leseoppleving
ete ute i Sandnes etter jobb og før orkesterøvinga på tysdag
prate om strikking og synge på ein Kaptein Sabeltann-låt i lunsjpausen i lag med ein kollega 
nye episodar av Grantchester ligg no ute på NRK Nett-TV
lyset på himmelen sett frå togvindauget ein av dagane 
må smile av Pokémon-figuren og Good Omens-sitatet som henger på kontordøra til mannen min
ler høgt av den nyaste Kongen befaler-sesongen som no har byrja
Jonnas vlogepisode som ho la ut førre veke – hunden Nanook er eit ordentleg sjarmtroll
lage sjokolademedaljar til vertane på jobb
strikke vidare på Markatoppen då det var skaparfestival
og sjå alle dei kule og fargerike tinga ein kan lage ved hjelp av ein 3D-skrivar
høyre nokon spele filmmusikk, mellom anna frå Narnia-filmane, på eit piano på Bystasjonen
hi, hi, Bailey vil ha senga si tilbake, men det er ikkje så lett med fire kattungar oppi
å lese Merkelig vær i Tokyo gav meg assosiasjonar til filmen Lost in Translation
hjelpe broremann med flytting og utvask 
og etterpå: laurdagspizza og resten av Ringenes herre: Ringens brorskap

23. sep. 2022

Musikaltur til Oslo – for ørtande gong!




Viss eg har klart å telje riktig, er dette den niande musikalen eg har sett på Folketeateret (har sett The Book of Mormon tre gongar, også den i Oslo, men på eit anna teater, så den tel ikkje). Matilda svarte verkeleg til forventingane med knallbra musikk, dyktige skodespelarar – både små og store – og herleg humor. Som vanleg heia eg litt ekstra då musikarane kom på scenen for å ta i mot applaus, eg kjenner jo trommisen :) Ofte pleier me å gå på kveldsforestilling, denne gongen gjekk me på matinéforestillinga og fekk heile kvelden i lag med Langhus-gjengen. Før musikalen byrja, var me ein tur innom Kampen og Tøyen. Haustfargane hadde allereie byrja å poppe fram, og sola skein på ei husrekkje i varme og flotte fargar. Koseleg å plutseleg stikke innom Deichman Tøyen, eit koseleg bydelsbibliotek på Tøyen torg. Diggar stilen og interiøret, eit lite frøbibliotek og sjølv om det ikkje går an å sjå på biletet, fann eg den tredje boka om den magiske bokhandelen der eg er sitert frå IG-kontoen min. Artig å bla og sjå i den på biblioteket. Og så besøkte me Kampen keramikkstudio, heile grunnen til at me var innom området i utgangspunktet. Ikkje den største butikken, men gurimalla, det var mykje fint! Kaffikoppar (me har nok, tihi), skåler, fat og vasar, alt i vakre, fargerike glasurar!

22. sep. 2022

Woodland Walk på veg til eit praktfullt feriehus




Tidlegare gjekk det an å ta den historiske togturen mellom Torre og Kingswear for å komme til Greenway House, ferieheimen til Agatha Christie. Ikkje heilt fram, men toget stoppa ved Greenway Halt, berre snaue tjue minuttar å gå. No er det anten bil eller taxi som gjeld om ein vil heilt fram, noko som kostar og me tok difor buss til Churston og gjekk frå busshaldeplassen og langs Greenway Road. Ordentleg sommartemperatur og fyrste delen av turen gjekk langs bilvegen, men etter kvart kunne me ta å gå i skuggen på ein sti parallelt med bilvegen. Alt i alt ein bra tur, og det var så verdt det! Etter å ha komme oss inn på området, utforska me hagen med fargerike blomar og eit oransjeri.






Før me i det heile tatt kom oss inn i sjølve huset, måtte me stoppe endå ein gong – så klart kunne me ikkje la vere å helse på denne katten. Så glad for å bli klappa! Me trudde den høyrde til på området, med halsband og alt, men ho eine som jobba der kunne fortelje oss at nei, det er naboens katt. Vidare fortalde ho at katten er så glad i gartnaren, og at den tusla rundt ved Greenway og berre venta på at gartnaren skulle komme heim frå ferie. Tihi, for ein storsjarmør i mjuk pels.

21. sep. 2022

Teikneserieroman frå eit katastrofeområde



I 1986 var den franske teiknaren Emmanuel Lepage 19 år og som mange andre fekk han med seg det som skjedde i Tsjernobyl 26. april gjennom nyhenda på TV. Dryge tjue år seinare, i april 2008, drar han til området rundt Tsjernobyl i lag med atomkraftmostandarar (både aktivistar og kunstnarar) for å dokumentere livet blant dei som overlevde og barna som veks opp der. Lite var han førebudd på skjønnheten i naturen ved katastrofeområdet, varmen mellom alle dei han møtte og kontrastane, alt det vakre og råe, og teikningane til Lepage er slåande. Ein fin, sår og gripande teikneserieroman.

19. sep. 2022

Landskap som fyk forbi


Flest timar på buss denne gongen då me reiste fram og tilbake Stavanger-Oslo. Billettane til Matilda kjøpte eg i fjor og dimed visste eg ikkje at det akkurat den helga skulle vere banearbeid mellom Kr.sand og Oslo. Men, men, bussen gjekk ganske direkte og det var stille og roleg, så det blei ein veldig fin tur lell. Og sjølv om det berre var nokre timar på toget, knipsa eg nokre bilete med mobilen: det jærske landskapet som fauk forbi, spesielt lys på himmelen og over eit lite berg, side etter side i ei bok med lys frå sola og ein vakker solnedgang. Alle moglege fargar på ein gong då himmelen stod i brann. Tok berre to bilete i går, for timane fauk av garde med ei kjempekjekk bok. Men superkoseleg at Mika følgde oss eit stykke på vegen då me gjekk til Vevelstad stasjon i går :) Og det blir ikkje betre med kaffi, ein scones og bok då me etter fleire timar på buss var komme oss vel om bord i toget. På toget til Oslo skal eg innrømme at det var nokon som skravla innmari høgt og det var vanskeleg å finne roa. Heldigvis var det ikkje slik i går, og det gjekk an å senke skuldrene. Eg slappa av der eg sat med kaffien og boka, i mi eiga lille verd medan toget suste av garde.

18. sep. 2022

Kjekke dagar, både på jobb og på helgetur








Kan vel like gjerne skrive det fyrst som sist: høgdepunktet denne veka var å få oppleve musikalen Matilda på Folketeateret i Oslo! Einaste med slike helgeturar er at laurdagen og sundagen går så altfor fort, og poff, så er det måndag igjen. Men det er no kjekt å vere på jobb, til dømes med LEGO-bygging og strikking denne veka. Kjenner det gjer godt å ha slike kvardagar der jobben gir ein noko, ikkje berre tar. Lesing på toget til og frå jobb, lesing heime og lesing på busstur no i helga, mange sider har blitt slukte. Som vanleg, tihi. Slappe av med roleg musikk om ettermiddagane etter å ha ledd på jobb, for jaggu meg er det ein herleg humor blant folka der. På fredag etter jobb tok me tog til Kr.sand og sidan buss til Oslo (buss-for-tog grunna banearbeid). Var seint framme, men pyttsann. Budde hos Langhus-gjengen og det var veldig kjekt å treffe dei igjen. Elles byrjar sundagen å gå mot slutten, så eg skal prøve å avslutte veka med alt det som har vore bra desse dagane:

How the Penguins Saved Veronica av Hazel Prior – eg fall sånn for denne nydelege boka!
titte opp av boksidene og sjå det flotte landskapet fyke forbi langs Sørlandsbanen
koseleg å treffe Langhus-gjengen igjen (både tobeine og firbeinte)
videosnutt av ein rød panda, dei er alltid så utruleg søte
vere med på eit møte i lag med alle vikarane som jobbar helger på Vitenfabrikken
gul og blomstrete kjole og grøne gummistøvlar er alltid ein bra kombo ;)
himla fint snitt på den eine kjolen som står i Øglænd-utstillinga på jobb
måtte smile då eg såg ein skjermdump frå eit gammalt NRK-klipp om EDB, hi, hi
starte veka med å bygge LEGO-bru som ein konkurranse oss kollegaer i mellom
veit ikkje om eg likte den heilt, men las likevel Den endeløse stranden, bok nr. i Mure-serien
få oppleve Roald Dahls Matilda som musikal på Folketeateret
og når det gjeld Matilda: artig at musikalversjonen snart blir å sjå på Netflix
lese på toget til jobb med ein soloppgang og syklist gjennom togvindauget
smakte godt å drikke kaffi og ete noko attåt på koselege Backstube på Tøyen torg
ha, ha, viss det å handle i ein fysisk butikk var som å handle på nettet, kunne det fort ha sett slik ut
tysdagsøvinga med orkesteret var veldig kjekk
stikke innom ein kjempeflott keramikkbutikk medan me venta på matinéforestillinga
og apropos keramikk: sjekk ut IG-kontoen til RBD Pottery, ein annleis og kanonfin stil 
lese ein god del på bussturen mellom Oslo og Kr.sand tidlegare i dag
søtaste pingvinen som me kjøpte i Settle og fine kort frå butikken Choosing Keeping i London
lese bok nr. fire i Tremarnock-serien, nemleg A Cornish Secret