28. feb. 2022

Oppfinnelsen av Hugo Cabret






Brian Selznick har laga ein eigen sjanger med denne romanen. Oppfinnelsen av Hugo Cabret er ei nydeleg bok der forteljinga like mykje blir fortalt gjennom Selznicks fantastiske illustrasjonar som gjennom orda hans. Han skildrar boka sjølv som "not exactly a novel, not quite a picture book, not really a graphic novel, or a flip book or a movie, but a combination of all these things" – eg kunne ikkje ha vore meir einig. Såg filmen for mange år sidan og har hatt boka ståande lenge i bokhylla, no var det endeleg på tide å ta den fram. Blyantstrekane som steg for steg tar oss med på ei eventyrleg og spennande reise i Paris ein gong på 30-talet, for ei unik og magisk leseoppleving.

27. feb. 2022

Kjensler overalt








Kan eg seie at dette har vore ei verkeleg alt-mogleg-veke? Ei berg-og-dal-bane-veke? Eg vil påstå det. Kundar som skryt oss opp i skyene den eine dagen medan ein knallsur kunde som skulle klage på alt den neste. Kjekk orkesterøving og bra vêr i byrjinga av veka, så ein i fleisen når eg vakna på torsdag og såg nyheita om invasjonen. Eg skal innrømme at eg sat i sofaen og hiksta etter jobb på torsdag. Mange inntrykk og tankane i hovudet gjekk på høggir. På toppen av dette har min betre halvdel blitt forkjøla med "den derre forbaska sjuka", eg sit berre og ventar på at det blir min tur om litt (foreløpig har han heldigvis "berre" ei vanleg forkjøling). Vel, vel, eg har heldigvis nytt prosjekt på pinnane og fleire bøker som kan halde meg med selskap. Korleis har di veke sett ut? Har du også kjent på mange forskjellige kjensler? Oppi alt har eg no klart å setje saman ei god sundagsliste:

✦ knalloransje farge på den nye T-skjorta eg har byrja å strikke
✦ den varme og flotte sola og det kalde og magiske nordlysetIda har klart å fange begge delar
✦ undring og vakre setningar i Ólafsdottir nyaste bok Dyreliv
✦ sjå denne dokumentaren om Queen og Adam Lambert i lag med mannen min
✦ skulle gjerne ha sett endå fleire Hetty Wainthropp-episodar, likevel kjekt å sjå ferdig serien
✦ Bonnie som tar oss med på ei lita omvising i hennar nye by
✦ vaske trimrommet medan eg høyrde på songane frå Jesus Christ Superstar
✦ og neste dag vaske ute i hallen medan songane frå The Book of Mormon ljoma frå høgtalaren
✦ byrje å leggje eit nytt puslespel
✦ tårene kom då me høyrde obosoloen frå The Mission ("Gabriels obo") på tysdagens orkesterøving
✦ herlege Coco, ein av dei skjønnaste kattungane, kan lyse opp kvar ein grå dag
✦ to kundar som skraut på jobb: for kjempebra service og for at eg av og til syng som "ei lerke" :)
✦ spegelbilete i ein vassdam
✦ vilt og vakkert ute på Orknøyene, håper å kunne reise dit ein dag
✦ hugsar eg blei heilt slukt av forteljinga i Der krepsene synger, og det skriv Wilda også om her
✦ eit par snøklokkar i den finaste vasen frå MingarWalker glassblåseri
✦ diggar at Victoria's Secret endeleg har med ein modell med Downs Syndrom, nemleg Sofía Jirau 
✦ steinar i forskjellige jordfargar i eit bed rett utanfor blokkka vår
✦ fastelavnsbollar for ein kvar smak (eigentleg førre sundag, men pyttsann)
✦ meir fint frå kattelivet: ein nydeleg februarbukett og "I bloggverden XI" (takk for deling, Ida )
✦ snøklokker, blir like varm om hjartet kvar einaste vår
✦ lese ei feelgoodbok med eit par herlege karakterar

25. feb. 2022

Lik ein spegel




Kva skal ein seie om alt det som skjer lengre aust i verdsdelen no? Ord blir tomme, tankane i hovudet går på høygir, og dette på toppen av ein viss pandemi. For sjølv om me ikkje har særskilte restriksjonar, er det ikkje over enno. Kvifor er verda slik, at nokon vil andre så vondt... uforståeleg. Eg prøver å finne små gleder i det heile; her om dagen stoppa opp utanfor blokka vår og såg på ein pytt. Treet og himmelen som eg såg i den pytten, nesten som ein spegel. Og glatte, mjuke og nokre ruglete steinar i eit bed. Steinar i mange forskjellige jordfargar. Ei lita stund sat eg på huk, tok på steinane og studerte dei. Lot tankane fare for nokre minutt. Det skal eg prøve å gjere også no i kveld.

23. feb. 2022

Rullestein




Plukka med meg eit par vakre snøklokker måndagsettermiddag. No står dei i den finaste vasen som me fekk til jul frå mamma og pappa. Den er frå MingarWalker glassblåseri, eit glasblåseri med heilt nydeleg glaspynt ute på Jæren. Eg hadde den på ønskelista til jul, må vel innrømme det. Akkurat passe liten og den har ein flott, oval fasong. Vasen heiter Rullestein og fargen er rubinraud. Duken fann eg på Epla, og det er Ingunn som har laga den. Kjøpte jo desse kule øyredobbane av ho i fjor, og det er litt ekstra kjekt å finne endå meir frå den same butikken som verkeleg passar heimen vår. 

21. feb. 2022

Som eit løfte 🌸💚


På veg heim i dag. Eit syn av noko kvitt og grønt, noko smått i grøftekanten. Snøen låg tynt på bakken både laurdag og sundag, i dag var den borte, og på veg heim frå jobb fekk eg plutseleg auge på snøklokker. For meg det aller finaste vårteiknet. Vakre er dei der dei står, som eit løfte om kva som kjem. Lysare tider, lengre dagar, varmare dagar. Våren er smått om senn på veg.

20. feb. 2022

Fire bøker, finfin fargepalett og flott kjole








Tok det veldig med ro torsdag og fredag der eg for det meste las og strikka. Godt å senke tempoet etter åtte dagar på jobb, inkludert eit svømmestemne. I går kom me oss ut på bowling, og gurimalla, så gøy! Lenge sidan sist, men desto kjekkare. Gjorde det ganske greitt også om eg får seie det sjølv, tihi. Og elles då? Hmm, lite nytt. Sludd og regn om kvarandre, og i går snødde det. Liten tur til mannen min sin jobb for å øve på instrumenta våre tidlegare i dag, og sidan blei det middag heime hos mamma og pappa (og Zalo, må ikkje gløyme han). Veldig koseleg! Etter kveldsskiftet kjem morgonskiftet, og med det skal eg altså grytidleg opp i morgon. Kjem til å sitje lenge her i sofaen, senga ventar snart. Hummer og kanari i lista under, her er det berre til å lese og utforske:

✦ lese ut den litt spesielle boka Ta vare på mamma i samband med årets lesemål
✦ Hetty Wainthropp Investigates er berre ein så herleg kosekrimserie
✦ tihi, elefantungen Pyi Mai storkoser seg med bading og balleik
✦ ein av kunstnarane frå oljeutstillinga på kunstmuseet reposta mitt bilete
✦ bowle i lag med broremann og mannen min i går – det blei jaggu meg fem "spare" på rad på meg!
✦ Wilda som skriv gode og kjennelege innlegg om å logge av, roe ned og finne glede i dei små tinga
✦ bilete frå mobilen denne gongen: den grøne kjolen blei rett og slett kjempefin :)
✦ boka The Cornish Cream Tea Bus, te og knallgode havrekjeks frå Ryfylke bakeri og konditori
✦ "Jeg gir IKKE opp ungdommen" – ein veldig bra skriven IG-post om ungdomslitteraturen
✦ sundagsmiddag heime på Sola
✦ nok ei veldig bra bok om kjønn og identitet på idrettsarenaen (den andre var Obie is Man Enough)
✦ Sheldrick Wildlife Trust er 45 år i år, kjekt å følgje dei på Instagram
✦ kunde som skryt av oss og seier at me må jaggu meg vere tolmodige i den jobben me har
✦ og ein annan kunde, ein av dei som kjem kvar dag, som alltid er blid og som gav oss god konfekt
✦ "Top 10 Modern Musicals You NEED to Check Out" – her er det mange eg kunne tenkt meg å sjå
✦ få lyst til å lese og sjå The Durrells om igjen då eg tidlegare i veka høyrde hovudtemaet på Spotify
✦ såg denne kule Star Wars-hyllesten via Synne, stilig animasjon berre ved hjelp av tastaturteikn
✦ Hercule Poirot, ein stor båt og nok eit mordmysterium
✦ songen er finare på norsk, men å høyre Kyrkjebø og Domingo syngje saman er balsam for sjela
✦ og når me er inne på OL: rørande å sjå Dan Jansens løp frå Lillehammer-OL i 1994 
✦ øve litt på orkesternotane i lag med mannen min
✦ same lille pusen som førre liste, men altså, eg berre smeltar for kvar video med denne sjarmøren
✦ for ein herleg fargepalett inne hos Fretex-butikken midt i byen
✦ strikke meir og komme endå litt vidare med fotoboka

18. feb. 2022

Augustins no 11




Strikk på tjukke pinnar, og vips, så var kjolen ferdig. Den grøne kjolen eg byrja på rett rundt jul og som eg har kost meg med å strikke medan eg har drukke ein kopp med kaffi og to, av og til også når eg har lese i ei kjekk bok. Eg fall for kjolen då eg fyrste gong såg den på Instagram. Sjølv om det er mange som har strikka den, berre måtte eg også gjere det, tihi. Oppskrifta er Augustins no 11 frå nettopp Augustins. Kjolen er strikka i ein tråd Air og ein tråd Brushed Alpaca Silk frå Drops, begge i fargen skogsgrøn. I mine auge er den heller ei blanding mellom sjø- og skogsgrøn, men, men.

 



Fasongen på denne kjolen er rålekker! På ein måte så enkel, samstundes veldig feminin. Berre sjå på pufferma og den nydelege I-cordkanten som ein finn både på halsen, på erma og nedst på kjolen. Bakre delen av skjørtet er strikka noko lengre og slik blir uttrykket akkurat passe asymmetrisk. Eg sleit med å plukke opp maskene i midja, for der skulle eg bryte garnet og sidan strikke to masker i ei for å få til rynkene. Men det gjekk til slutt. Erma er litt vide, nesten som flaggermuserme, og sjølv om det kanskje ikkje er heilt min stil, gjer det ingenting på denne kjolen. Eg valde forresten å strikke trekvart erme sidan den nesten hadde blitt for varm med vanlege erme. Har lyst til å strikke ein til no med det same, men det får nok vente sidan eg så vidt har byrja på eit nytt strikkeprosjekt. Uansett, du kan sikkert sjå av smilet mitt at eg er kjempenøgd med resultatet. Ein grøn, finfin, heimestrikka kjole til kalde dagar, ein flott kjole eg kan bruke på kvardag og til fest. 

16. feb. 2022

Herre med bart


"Poirot smilte: "Enn jeg – er jeg innbilsk." "Nei, det tror jeg da ikke." Hun var tydelig fullstendig uinteressert, men det generte visst ikke Poirot. Han bemerket bare rolig og tilfreds: "Min beste venn sier jeg er meget innbilsk."" (s. 32) 

""Mais oui," sa han. "Jeg liker å ha tilhørere, det må jeg tilstå. Jeg er forfengelig, forstår dere. Jeg er sprekkeferdig, så innbilsk er jeg. Jeg liker å si 'se hvor skarp Hercule Poirot er!'" (s. 231)

To sitat som viser akkurat korleis sjølvaste Hercule Poirot er. Passe innbilsk, ein særeigen karakter, heilt herleg. God kveld, godtfolk. Sit her og høyrer på filmmusikk og er generelt litt daff etter åtte jobbdagar på rad. Lesing har det no likevel blitt tid til, og no nyleg las eg ut Mord på Nilen som denne månadens bok i #readchristie2022. Det er ikkje så mange år sidan sist eg las den, og som den gong, hugsa eg kven mordaren var. Men eg gløymer faktisk kor mange bikarakterar som er er med, kor intrikat denne historia er. Og så er den kjempeaktuell sidan det akkurat no er ein ny filmversjon ute på kino – veldig usikker på om eg skal sjå den, for i mine auge finst det berre ein Poirot (sir David Suchet om nokon skulle vere i tvil). Gleder meg allereie til å lese neste Christie-bok.

14. feb. 2022

Kvar gong


At himmelen kan stå slik i brann trass ei veke med mykje gråvêr. Ikkje lenge sidan førre gong eg la ut liknande bilete. Utsikta er den same, men skyene er ulike og fargen endrar seg frå gong til gong. Korleis skal eg forklare det anna enn at eg berre må ut på balkongen eit par minutt og nyte eit slikt syn kvar gong det oppstår. Solnedgang. Eller ein soloppgang. Me har alle opplevd det fleire gongar, likevel er det ei sann kvardagsglede gong på gong. Skal ikkje så mykje til, akkurat slik det alltid er ei glede å starte dagen og ei ny veke med kaffi, ei god bok og Morricone-musikk i bakgrunnen.

13. feb. 2022

På tampen av denne veka




Årets fyrste svømmestemne er unnagjort, og alt i alt må eg seie at det var ei kjekk helg. Fine folk å samarbeide med, i tillegg til at det ikkje blei fullt så lange dagar som antatt. Godt å komme heim til vegetarlasagne i kveld og sjå ferdig Peter Sellers-filmen Heavens Above. Stavanger-vêret har ikkje vist seg frå si beste side denne veka, men innimellom har sola titta fram og eg har verkeleg spart på dei små augneblinkane. Fullt orkester tysdagkveld, fleire timar med lesing, ordentleg strikkeglede og er så klart glad for at me har opna samfunnet igjen. Ikkje for det, det er på ein måte også litt rart no når me har levd så lenge med restriksjonar, og eg kjenner at det kjem til å ta ei lita stund før eg kan senke skuldrene heilt. Men nok om det, no er det på tide å få posta dette innlegget:

✦ småhumra og kost meg med å lese Simen, den fyrste boka i Aukrusts Alvdal-trilogi
✦ ein av dagane då eg sykla til jobb, skein sola og laga lange skuggar ved fylkeskommunen
✦ tihi, denne lille elefanten ser ut til å kose seg maks i matfatet ;)
✦ mannen min som laga knallgod kakao etter kveldsvakta på torsdag
✦ litt artig å sjå sir Tony Robinson oppleve Skandinavia på togskjener
✦ sola som skein inn i heimen vår før jobb på fredag, gjorde ekstra godt etter gråvêrsdagar
✦ når eg ser dette biletet frå Scalby, vil eg reise tilbake til Yorkshire med ein einaste gong
✦ solnedgang over naboblokka før orkesterøvinga
✦ starte nesten kvar dag med god kaffi og ei bok i fanget
✦ auguststemningar, for eit fint tilbakeblikk inne hos Niina
✦ heilt utruleg gøy å spele med heile orkesteret (og min betre halvdel måtte ha med begge tubaane)
✦ blir inspirert til å rydde klesskapet når eg ser Bonnie Wright si opprydding
✦ abstrakt skulptur på campus
✦ heimelaga latte slår aldri feil
✦ diggar Synne sin idé om å bruke det same skjørtet i to forskjellige lengder
✦ "Top 10 Ultimate Comfort Movies" – blant anna The Sound of Music og The Princess Bride
✦ sjå på All Creatures Great and Small og berre slappe av med strikketøyet
✦ å vite at det går an å dra på konsert og teater igjen
✦ kladdkake med sjokoladeglasur, kaka ser rett og slett farleg god ut
✦ laurdagspizza og endå ein Peter Sellers-film: Two-Way Stretch
✦ trur eg kan seie det allereie no: The Love Hypothesis kjem til å vere ei av dei bese bøkene i 2022!

11. feb. 2022

Skinande song ♥︎


Svømmestemne heile helga, med andre ord lang dag både i morgon og sundag. Om ikkje anna gir det mykje glede og energi når det i dag har vore sol frå me stod opp og til no. Dei siste dagane har vêret vore veldig vekslande (med trykk på veldig), og eg tar alt det solskinet eg kan få. Litt ekstra fint er det når solstrålane treff biletet med lydfrekvensen frå Cinema Paradiso-kjærleikstemaet, eit bilete eg laga som morgongåve til han der fine. Tenk at det er dryge tre år sidan me fekk oppleve å høyre denne live på scena med fullt orkester og at det var sjølvaste Morricone som dirigerte. Året etterpå var han borte. For meg vil den konserten for alltid stå igjen som ein av dei største musikalske opplevinga. Filmen frå 1988 kan eg sjå om og om igjen. Og eg græt like mykje kvar gong når sluttscena kjem. Temaet er eit av musikkinnslaga me høyrde i kyrkja den dagen me sa "ja" til kvarandre. Om ein dryg månad skal me spele denne songen i lag med orkesteret som eit av stykka på filmmusikkonserten. Når sola skin inn på akkurat denne lille hylla, kjenner eg det litt ekstra ♥︎

9. feb. 2022

Opplett etter ei kraftig haglbøye




Etter ein tur på kunstmuseet, traska me langs Mosvatnet og sidan heim. På veg til museet hagla det som aldri før, og det kvite du kan skimte på bakken er meir hagl enn det er snø. Himmelen var knallblå og sola skein etter at me hadde sett utstillinga. Februar har til no vore relativt grå, men innimellom kjem sola fram og varmar med sine gylne strålar. Bobla på Gamlingen kom verkeleg til sin rett og sjølv om det ikkje er blad å spore på trea enno, er løypa rundt Mosvatnet fin å sjå til når sollyset kjem tittande fram gjennom greinene. Om litt er det av garde til nok eit kveldsskift på jobb.

7. feb. 2022

Oljå (som dei seier her i Stavanger)




Objekt som svever i lause lufta, fargerike pleksiglas med korte frasar, teikningar der oljeriggar, natur og kadaver er tett vevde saman, installasjon med eit gjennomsiktig lerret der ein film blei spelt av medan me høyrde bankelydar og ein skulptur som står på ein granittbase. I går var me som nemnt innom Stavanger kunstmuseum som ligg ved Mosvatnet. Hovudutstillinga som er der no heiter "Opplevelser av olje". No som både Lykkeland og Katastrofen Kielland ligg ute på nett-TV, er det veldig i vinden å reflektere over kva olja har betydd for landet vårt. Fascinerande å gå rundt i museet og sjå, høyre og oppleve ulike sider av oljå på eit anna vis enn "berre" det svarte gullet. Eg er ingen kunstkritikar, og veit difor ikkje heilt kva ord ein skal bruke for å skildre ei slik utstilling. Men å gå rundt og sanse alt dette frå forskjellige kunstnarar, det var ein time vel verd. Monira Al Qadiri, Raqs Media Collective, Brynhild Grødeland Winther, Apichatpong Weerasethakul/Chai Siris og Ane Graff er namna bak dei verka du ser rett over, dei verka som eg beit meg litt ekstra merke i.


Himmelen var kvit og haglet hadde lagt seg i kvite flekkar på glastaket til museet. Ein dryg time etterpå var himmelen blå og sola skein inn der me sat og åt eit lite kakestykke. Før me kom så langt, såg me ferdig resten av utstillinga der installasjonen turbulence av Christopher Cozier også fanga blikket mitt. Den er sett saman av fleire teikningar som er montert i tre panel. Til slutt tok me også ein liten runde blant den permanente utstillinga: lyset i fossen som Hans Fredrik Gude har fått fram – det ser jo så ekte ut, nesten meir ekte enn eit fotografi! Og speilingane i vatnet er like detaljerte, dette måleriet av Kitty Kielland. Tida har stått stille i desse måleria. Nesten som ei lita tidsreise.