31. okt. 2018

Fire bilete seint utpå kvelden

Sidan me var på hytta i helga, blei det som nemnt inga sundagsliste. Deler difor eit par bilete no i kveld, bilete som skulle ha vore med på sundagslista førre veke. Til ungdommen av Linn Skåber og Lisa Aisato har eg allereie skrive om, men det er ei bok eg berre må nemne endå ei gong. Ei bok eg varmt anbefaler til alle, ikkje berre til ungdommar. Og ikkje minst å sitje på kafé og lese ut dei siste sidene om Eleanor Oliphant i Eleanor Oliphant is Completely Fine. Boka handlar om Eleanor som har hatt ein tøff barndom og som difor ikkje har dei same sosiale antennene som andre. Så varmt og godt skrive om depresjon, og det å vere einsam og om det å få nye venar – eg rett og slett lo og gret om kvarandre. Les den! Ein av dagane gjekk eg med T-skjorte og cardigan kjøpt på ein bruktbutikk i Moncton og smykke laga av steinslipt glasbrot. Bak på døra kan ein skimte den hengjande bileteramma laga av greiner; med andre ord ordentleg bruktfunn og gjenbruk. Det siste biletet, det av dei vakre flisene, såg eg på ein restaurant i England, så det er jo ikkje frå førre veke. Men eg tok eit lite tilbakeblikk med dette biletet då, så difor blir det med her ;) Her i byen har eg i dag vore på eit jobbmøte, rydda på plass ein del bøker og hatt den vanlege seinvakta.

29. okt. 2018

Måndag etter hyttehelg

Tilbake til byen og sivilisasjonen igjen. Blir eit kort innlegg her i dag. Me reiste ikkje heim frå hytta før i dag, og vel i byen skulle eg ha nokre timar med seinvakt og han skulle på fotballtrening. Dagen har med andre ord gått veldig fort unna. Men eg legg no ut eit par bilete frå hyttehelga vår no i kveld. Solstrålar som skein mellom trea, kaffi, bok og noko søtt attåt (med ein tjukk ullgenser på, for det var kaldt nok då me stod opp om morgonen), og på laurdag var me ute på ein liten topptur. Frost på haustlauvet og knallblå himmel då me stod oppe på toppen og titta på utsikta. Mykje lesing og presskannekaffi, radio, quiz og hygge. Ordentleg hyttetur, ingen tvil om det. Kjem fleire bilete i løpet av veka, men akkurat no gjenstår det berre å ønskje alle ein fin måndagskveld!

28. okt. 2018

Presskannekaffi og ei bok å lese i

Sundag. Bok og presskannekaffi. Me er på hytta denne helga, så det var slik det såg ut sundag førre veke. Men det er nok ikkje så stor forskjell, for det pleier å bli mykje tid til kaffi og lesing når ein er på hyttetur. Sidan me er langt oppe på fjellet utan nett, er dette blogginnlegget posta på førehand og det blir ikkje sundagsliste. Håper du til no har hatt ei god helg. Lag deg ein finfin sundag.

27. okt. 2018

Stein overalt i ein grøn hage

Her kjem dei siste bileta frå Newby Hall. Eg fortalde jo at dei finst fleire små hagar på dette området, og på vår lille spasertur, fann me steinhagen. Okei, eg har juksa littegrann, for nokre av bileta er frå andre plassar rundt på området, til dømes biletet av meg på steinbenken. Men den lille steinhagen var fin og spesiell, ei roleg stemning, nesten litt hemmeleg. Sjølv fekk eg assosiasjonar til Den hemmelighetsfulle hagen. Bogegangar, steinbenkar, eføy og buskar som heng over steingjerda og ein statuedings som liknar på Triwizard Cup frå den fjerde Harry Potter-boka.

26. okt. 2018

Til ungdommen

"Å, endå fleire bøker", tenkjer du sikkert no. Men boka Til ungdommen må eg berre skrive eit innlegg om. Linn Skåber har prata med mange ungdommar og har i denne boka sett saman tekster med utgangspunkt i desse samtalene. Om venskap og kjærleik, mobbing og karakterpress og ikkje minst om overgangen mellom barn og vaksen. Mange små tekster, eller monologar som det står utanpå boka. Det er godt skrive og illustrasjonane til Lisa Aisato er berre nydelege. Tekstene og illustrasjonane saman gjer dette til ei veldig god bok som er lett å lese, men som likevel set spor. Den gir ungdommane ei stemme og set ord på kjensler mange av oss nok kjenner igjen.

24. okt. 2018

Rilla-my-Rilla

"I'm so glad I live in a world where there are Octobers" (Anne i den fyrste boka). Så rart, vemodig og fint å vere ferdig med Anne of Green Gables-serien. Rilla of Ingleside er den åttande og siste i serien. I boka får me vite meir om yngstebarnet til Anne og Gilbert, Rilla og korleis ho og familien opplever fyrste verdskrig. Sjølv om den handlar mest om Rilla og dei andre barna, koste eg meg også med å lese denne boka. Eg har lese dei åtte bøkene i serien kronologisk, altså etter kva alder Anne er i bøkene, og ikkje etter kva år dei blei gitt ut. Heldigvis har eg framleis til gode å lese The Blythes Are Quoted, Chronicles of Avonlea og Further Chronicles of Avonlea, alle bøker der mange av karakterane er med vidare i små forteljingar, men i mindre grad enn dei åtte eg allereie har lese. Og så har eg The Landscapes of Anne of Green Gables og så klart filmane med Megan Follows i hovudrolla, filmane som for meg starta det heile. Fann nokre fine og herlege sitat i den siste boka:

"[...] Father says she looked him into love with her years ago in Avonlea school and I can well believe it – though I have heard a weird tale of her banging him over the head with a slate at the very beginning of their acquaintance." (s. 136).

"The station agent had heard the story of Dog Monday. He knew now who the returned soldier was. Dog Monday's long vigil was ended. Jem Blythe had come home." (s. 435). 

"Beyond was the sea in a radiance that glowed and shimmered, to the left the moonlit crests and hollows of the sand-dunes, to the right the rocky shore with its inky shadows and its crystalline coves." (s. 43). 

Ikkje akkurat no, med ein gong, men dette er ein serie eg gjerne les fleire gongar. I alle fall dei fyrste i serien, for det er nok dei eg har likt aller, aller best. Filmane har eg ståande i bokhylla, akkurat som med bøkene. Dei kan eg kose meg med på mørke haustdagar. Eller kanskje i jula :)

22. okt. 2018

Blomar i fleng ved Newby Hall

Ikkje like fin måndagskveld no i dag som den me hadde førre veke med nydeleg, rosa solnedgang over hustaka. Akkurat no regnar det ute, det regnar ned i bøtter og spann. Ordentleg grått haustvêr. Me var i alle fall mykje heldigare med vêret då me besøkte Newby Hall. Sjølv om me ikkje var inne i huset, måtte me jo bort for å sjå det utanfrå. Staseleg hus med ein dansande statue i ein liten vassdam rett utanfor. Fann også ein svææær stol som han berre måtte prøve å sitje på ;) Flott å gå opp mot huset, på det grønaste graset med fargerike blomar både til høgre og til venstre.


La merke til mange detaljar og det var herleg å berre ta oss tid til å gå rundt og titte, nyte det å ha ferie. Eit nydeleg tak inne i ein liten paviljong, fareskilt med varsel om tog, for ein kan køyre ein tur med miniatyrtog i hagen, såg ein admiral (sommarfuglen) og me fekk også auge på to svarte svaner.


Seier ikkje "nei, takk" til ein slik hage. Som ein kan oppleve og besøke, vel å merke, me kunne ikkje ha hatt ein slik sjølv. Eg vil nemleg ikkje påstå at eg har grøne fingrar. Men som sagt, å kunne besøke ein slik plass, ta inn alle fargane, berre slappe av, akkurat det gjer eg gjerne oftare.

21. okt. 2018

Oktoberveke full av flotte kvardagar

Sjølv om det ikkje ser slik ut på bileta, har eg lese mykje denne veka, har verkeleg kost meg med bøkene. For ja, eg les ofte to-tre bøker om gongen ;) Eg vil påstå at dette har vore ei nokså vanleg veke. Så kjem vel spørsmålet om kva ei vanleg eller normal veke eigentleg er. Skal ikkje ta ein lang diskusjon no, men det eg meiner er at det ikkje har vore nokre arrangement på jobb, ikkje konsertar eller kafébesøk, rett og slett ei veke med mykje kvardag. Kvardagen med gode bøker og kjekke dagar på jobb. Fekk ei vond melding på tysdag frå ei god veninne om at hennar far gjekk bort den dagen. Det har difor også vore nokre mindre fine stunder. Men skal møte ho og ei anna god veninne på onsdag, og det trur eg kjem til å gjere godt. Har hatt ein roleg sundag etter å ha jobba i går. Lesing og kaffi (og litt husarbeid). Mørkt ute her no, og snart byrjar ei ny veke:

✦ framleis fint og herleg å sjå dei vakre haustfargane
✦ så kult å lese at Lush opnar butikk her i Stavanger, og det på Amfi Madla
✦ vemodig og fint å lese ut den siste Anne-boka: Rilla of Ingleside
✦ denne søte kattungen, så liten og nusseleg og med namnet Thumbelina
✦ å komme i gong med nye notar og nytt prosjekt saman med orkesteret
✦ oktoberlyset gjennom takvindauga på jobb
✦ og oktoberlyset gjennom haustblada på trea ved Mosvatnet
✦ "River Flows in Africa" – ordentleg fin Yiruma/Toto mashup på piano
✦ nydeleg solnedgang over hustaka på måndag
✦ vassdammen som blei til ein spegel for tre og lauv
✦ sjå ferdig den artige og underfundige serien Dirk Gently's Holistic Detective Agency
✦ "Unsung heroes: Regulus Black" inne på Pottermore
✦ tre rådyr på ein haug då eg sykla til jobben i går
✦ haustlys, blå himmel og eit flott bygg omtrent midt i sentrum
✦ solnedgang ved Mosvatnet etter seinvakta på onsdag
✦ morosamt å lese om "Hercule Poirot's sidekicks"
✦ boka var kanskje betre, men likte filmen The Guernsey Literary & Potato Peel Pie Society
✦ stilig med fargerike mopedar på parkeringa utanfor jobben

20. okt. 2018

"Operafantomet, han er her" 🎭

Laurdag er her. Eg er på jobb, men laurdag for akkurat to veker sidan var me i Oslo for å sjå The Phantom of the Opera, altså sjølvaste Operafantomet, på Folketeateret. Det var den femte musikalen på rad produsert av Scenekvelder sett på Folketeateret for min del. Nok ein gong ei kjempebra forestilling: råbra songprestasjonar, fantastiske kulissar (sjekk ut den lysekrona), dyktige musikarar og alt berre supert gjennomført! I løpet av dei siste ti åra, har det blitt nokre musikalar, ingen tvil om det. Musikalar er berre så gøy! Har programhefta til dei aller fleste, men veit at eg manglar frå den fyrste han og eg såg saman, nemleg Little Shop of Horrors på Rogaland Teater i 2010. Hi, hi, eg hugsar framleis stemma til Audrey II i den oppsettinga! Vanskeleg å plukke ut den beste musikalen eg har sett live, men å gråte til opningssongen i The Lion King for seks år sidan, le meg gjennom heile The Book of Mormon eller å berre sitje og nyte den fyrste opplevinga på Folketeateret, som då var Billy Elliot, sit alle igjen som kjempeflotte minne. Gleder meg til endå fleire: i desember blir det The Book of Mormon (nok ein gong) i Oslo, i februar Grease her i byen og neste haust The Sound of Music, den neste musikaloppsettinga med Scenekvelder. Hei, hurra!

19. okt. 2018

Scones, te og bamsemuseum ved Newby Hall

Som eg skreiv i blogginnlegget om Brontë-museet, drog me vidare til ei ny oppleving den same dagen – me køyrde nemleg til Newby Hall. Her var det fyrst og fremst hagen me ville besøke (det er nemleg forskjellige billettkategoriar alt etter kva ein vil sjå og oppleve, og flotte hus og slott såg me ganske mange av på Interrail-turen i fjor...). Tok litt tid å finne fram, og då me fyrst kom fram til området, var det om å gjere å finne rett innkøyrsel. For jepp, området er stort. Eg trudde "berre" det var eit flott hus og ein nydeleg hage, men det var litt meir enn det. Ved parkeringa traff me mange geiter, og me koste oss med te og scones før me byrja å vandre rundt. I ein liten del av hagen, stod det nokon og lagte kunstverk både av metall og av steinar. Litt for stort å ha med heim i kofferten, men me såg i alle fall mykje tøft og stilig, blant anna alle dyra i The Lion King.


Newby Hall & Gardens, heiter det eigentleg. For det er mange forskjellige hagar på området: hausthage, rosehage, vannhage, steinhage og endå meir. Kanskje ingen løyndom at det blei nokre bilete, så eg kjem til å dele det opp i tre innlegg. Inkludert i billetten me valde å kjøpe, var inngang til eit lite, søtt bamsemuseum. Hi, hi, synest det var småartig og koseleg å møte Paddington og bamsen til Mr.Bean, sjå ein av Muppets-bamsene og til slutt ta del i ein piknik ute i skogen.

18. okt. 2018

Årstid full av kontrastar

Solnedgang ved Mosvatnet i går, solnedgang over hustaka på måndag. I dag skin sola inn i stova, så lyst og varmt. Det gjer godt å få oppleve slike dagar når det no ofte er dagar som er grå av regn og mørke. Hausten er så mangt; den er alt frå dei friskaste fargane til dei tristaste dagane, store kontrastar på rekkje og rad. Men slik er vel alle årstider her på Vestlandet når eg tenkjer meg om.

17. okt. 2018

Mosvatnet bada i rosa lys

Mosvatnet. Ein stad eg ser nesten dagleg. I dag skein det litt ekstra der då eg sykla heim frå seinvakta. Sola farga himmelen og vatnet rosa. Ei svane i einsam majestet der ute, nokre ender nærmare kanten, akkurat slik det ofte er ved Mosvatnet. Så kvardagsleg, samstundes så pent.