Ikkje så lett å fange på film, men eg prøvde likevel. Ein av plassane me besøkte medan me budde i Bakewell, var landstaden Haddon Hall. Inga overrasking at eg knipsa maaange bilete der, kanskje litt for mange, og difor byrjar eg i det små med med kunstutstillinga The Art of Paper. Tenk at det går an å klippe ut og lage så små kunstverk av papir! Noko av det mest slåande var "Girl Sweeping Words" av Su Blackwell. Det er også ho som står bak fuglane og dei flygande notane. Utstillinga stod spreidd over fleire av romma, og eg synest den intrikate papirkunsten passa inn i denne landstaden.
Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg
10. nov. 2026
Intrikat papirkunst
Ikkje så lett å fange på film, men eg prøvde likevel. Ein av plassane me besøkte medan me budde i Bakewell, var landstaden Haddon Hall. Inga overrasking at eg knipsa maaange bilete der, kanskje litt for mange, og difor byrjar eg i det små med med kunstutstillinga The Art of Paper. Tenk at det går an å klippe ut og lage så små kunstverk av papir! Noko av det mest slåande var "Girl Sweeping Words" av Su Blackwell. Det er også ho som står bak fuglane og dei flygande notane. Utstillinga stod spreidd over fleire av romma, og eg synest den intrikate papirkunsten passa inn i denne landstaden.
Merkelapp
reise
7. nov. 2026
Laurdag for akkurat fire veker sidan
Spaserte ein liten tur i dag, prøver å nyte dagslyset og solstrålane når dei fyrst tittar fram – november er ikkje den beste månaden i mine auge. Ofte regnar det sidelengs, og når det denne veka har vore ganske fint, tar eg det til meg medan eg kan. På veg heim frå Oslo i haustferien, tok eg berre desse tre bileta. Bilturen starta nemleg med sludd som gjekk over i heftig regn og det var ikkje det kjekkaste vêret å køyre i. Heldigvis letna det slik at me slapp å køyre slik heile vegen heim. Lyseblå himmel, blikkstille vatn, eit haustbrunt landskap – det treng ikkje å glitre for å vere fint.
Merkelapp
reise
3. nov. 2026
Britisk kaffipause
Så klart, når ein fyrst er i England, må ein jo ha cream tea. Etter damplokomotivturen, fann me ein kafé i Bakewell som serverte scones med tilbehør. Viss ein skal ete ekte cream tea, må ein vel eigentleg drikke te ved sidan av, men me gjekk for cappuccino, tihi. Alt smakte ypperleg! Me sat ei stund og las medan me åt og drakk opp kaffien, akkurat slik me gjorde om morgonane medan me var i byen. Synest me var heldige med den leilegheita som me budde i dei dagane i Bakewell, for der slappa me av og hadde alt me trong. Ja, me vaska til og med kleda våre ein kveld, eit stort pluss.
Merkelapp
bøker,
mat og drikke,
reise
30. okt. 2026
Peak Rail 🚂
Ingen tur til dei britiske øyer utan veterantog! I fjor køyrde me ein minitur langs demolinja på Didcot Railway Centre og for to år sidan tøffa me rundt med Watercress Line ved Alton. På vår andre heile dag i Bakewell, laga med oss ein god frukost før me tok bussen til Northwood der stasjonen Rowsley South ligg. Veterantoglinja Peak Rail startar der. Stasjonen var superkoseleg (det er dei alltid), og medan me venta på damloket, kjøpte me billett og titta innom suvenirbutikken.
Lokførarane styrte litt med å få det heile i gong, men me hadde god tid og det er like fascinerande kvar gong å sjå korleis det startar sakte, men sikkert. Lyden, dampen og lukta som kjem sigande.
Interiøret kjente me igjen frå andre togturar i England, tihi! Køyrde forbi endå eit par små, koselege stasjonar (raud telefonkiosk!), såg sauar på eit jorde og berre naut det å ha ferie medan me tøffa av garde. Toget snudde ved Darley Dale, og me sat på tilbake igjen sidan me hadde returbillett. For oss er det noko eige og spesielt med slike saktegåande opplevingar, det er slik me liker å feriere.
Merkelapp
reise
28. okt. 2026
OL-byen
Før me såg Les Misérables, tok me lunsjpausen i Lillehammer. Etter å ha ete ein knallgod frukost i Vågå, køyrde me av garde, og me køyrde i eit nydeleg haustvêr. Vatna var blikkstille og trea lyste gult overalt. Vel framme i Lillehammer, blei det lunsj på Lillehammer bakeri. Me hadde greitt med tid og tok difor ein lesepause med kvar vår bok, cappuccino og ein Lillehammerbolle på deling.
Lufta var kald, samstundes varma sola litt og det var fint å berre gå rundt i gatene. Gjekk forbi ein kjempefin bokhandel, men dei hadde dessverre haustferiestengd. Ja, ja, får ta turen innom ein annan gong. Også i bybiletet var det haustfargar, og eg måtte smile av eit kumlok som eg såg; det skal ikkje vere noko tvil om at i denne byen har det vore vinter-OL! Etter ein dryg time i byen, køyrde me vidare med snuten mot Oslo. Tok ein liten avstikkar til Sjusjøen for å besøke onkel på hytta, og det var veldig hyggeleg å sitje ute ein liten halvtime i solveggen og berre prate.
Merkelapp
bøker,
hygge,
mat og drikke,
reise
27. okt. 2026
Dei elendige
"Kan du høre folkets sang?" Tenk, det er allereie ni (!) år sidan såg Les Misérables førre gong, og som den gongen såg eg den på Folketeateret, produsert av Scenekvelder. Som eg så ofte har skrive, må eg også om denne oppsettinga seie at den er heilstøypt frå topp til tå, det var eit av haustferiens store høgdepunkt! Espen Grjotheim og Anders Gjønnes som høvesvis Jean Valjean og Javert viser både styrke og sårbarheit, den indre kampen kjem til uttrykk i songane, og stemmene deira er har ei kraft utan like – både "Før ham hjem" og "Stjerner" fekk fram tårene – eg bøyer meg i støvet! Fantine er ikkje den karakteren som har lengst scenetid, men når Sanne Kvitnes syng "Jeg trodde en gang på en drøm", kjennest sorgen langt inn i hjerterota. Eg må også nemne Thomas Brasel og Andrea Rymoen som Marius og Cosette, for dei får fram håpet om kjærleiken midt i studentopprøret. Ingrid Aspaas og Alexander Langset er dyktige som Eponine og Enjolra, og latteren dukkar opp når Gard B. Eidsvold og Siren Jørgensen kjem dinglande inn på scena som dei übersleske herr og fru Thenardier. Ikkje minst er det eit stort og bra ensemble som løftar hovudrollene, og mange bak scena med lyd, lys, kulissar, koreografri, kostymar, scenografi og orkester som gjer at eg kjem tilbake år etter år – jepp, dette er min fjortande gong eg ser ein musikal på nettopp Folketeateret! Gøy å lese fun fact i programbladet om korleis ein kan sitje i sjette etasje og spele trommer medan resten av orkesteret sit i grava. Tihi, dette visste eg frå før sidan eg kjenner trommisen, men artig å ha det med lell. Viss det er ein musikal du bør få med deg i år, er det denne!
26. okt. 2026
Avdemsbue
Tåke og små regndropar i lufta, slik er det ofte når ein køyrer på Vestlandet. Likevel var det gylne haustfargar å sjå på trea og opp fjellsidene då me køyrde frå Sjøholt til Vågå for to og ei halv veke sidan. Små fossar sildra ned blant dei mektige fjella, og goget på Raumabanen suste forbi.
Trass mykje vegarbeid, fekk me stoppa på Avdemsbue før dei stengde, ein landhandel med røter tilbake til 1878. Her finn du mykje bra lokalmat, mellom anna ost frå Avdem Gardsysteri, det er noko for ein kvar smak (bokstaveleg tala), både i butikken og i kaféen. For jepp, det er ein kafé der også, og me rakk å drikke kvar vår cappuccino og dele ein kardemommebolle. Herleg og gjennomført stil! Køyrer du forbi Lesja, er dette absolutt plassen å ta ein liten rast.
Merkelapp
mat og drikke,
reise
23. okt. 2026
Frukost, middag og noko attåt
Utan mat og drikke, og så vidare. Tar ein liten pause frå lesinga no i kveld med desse fire bileta frå ein dag i Bakewell. Nærmare bestemt den same dagen som då me gjekk i Jane Eyres fotspor. Sjølv om det ikkje er like fancy som å ete hotellfrukost og restaurantmiddag, hadde me det veldig greitt i Bookeeper's Place der me ordna oss sjølve både tidleg og seint. Me unna oss ein is på deling ved elva etter turen og litt kveldssnacks etter middagen. Ferielivet. Og no tilbake til boka.
Merkelapp
mat og drikke,
reise
Abonner på:
Innlegg (Atom)





