31. mai 2016

Musikk ute på tur

Annankvar dag med pøsande regn og strålande sol her i byen for tida, og då må me jo prøve å utnytte dei fine dagane best mogleg :) På sundag gjekk me difor ein tur i nabolaget der me traska gater og stiar me ikkje hadde gått før. Alltid kjekt å vandre rundt og kikke omkring, oppdage fine og artige detaljar, slik som ein liten allé med "klubbete" tre og blomar i alle slags fargar.


Måtte stoppe opp og nyte utsikta litt også innimellom all trasking (ein kan skimte Ullandhaugtårnet heilt til høgre i det øvste biletet). Eg måtte hysje litt på min betre halvdel, for plutseleg meinte eg at eg kunne høyre noko brassbandmusikk. Og joda, oppe ved Vålandstårnet hadde Stavanger Brass Band ein konsert med herleg musikk, og der var det også eit lite olabilløp. Kjekt å høyre korpsmusikk og snakke med nokre bekjente ute på ein liten spasertur den siste sundagen i mai.

30. mai 2016

Du legg handa di inn i mi. Verda tek ein pause

Eitt år sidan. Eit heilt år sidan han og eg sa "ja" til kvarandre, valde kvarandre nok ein gong. Det gjer me også i dag, me gjer det kvar dag. Å få vakne opp med den eg elskar mest, min fyrste og største kjærleik, er ubeskriveleg fint. Eg er så takksam for det, og eg håper du veit kor mykje du betyr for meg. Takk for all den støtta og kjærleiken du gir meg kvar einaste dag og kanskje særskilt dei dagane der eg treng det som mest. Takk for at eg får halde handa di, sitje i armkronen din, vere kona di  Gratulerer med papirbryllaupsdagen! Eg elskar deg ♡ (Dikt i tittelen: Helge Torvund).

29. mai 2016

Tre bøker og ei heil veke på jobb



Har ikkje tenkt så mykje på det, men denne veka var eg jaggu meg på jobb kvar dag! Ein dag borte på Madla og dei fire andre nede i byen. På kveldane har eg lese pensum, men innimellom har eg også fått tid til å lese skjønnlitterære bøker som ikkje er pensum :) Er godt å kjenne at eg har ordentleg leselyst igjen etter ein lang vår med masterskriving og lite ork til å lese. Sånn elles så har eg ikkje så veldig mykje nytt å fortelje, så eg lar heller sundagslista oppsummere mi veke:

✦ høyre nokon spele "River Flows in You" på piano inne på Sølvberget
✦ lukta av ein nyopna pose med kaffi. Alltid
✦ magiske og vakre bilete frå Abisko inne på bloggen til Jonna
✦ gå tur i eit boligfelt på Våland, ein plass me ikkje har utforske før, og plutseleg høyre brassbandmusikk – Stavanger Brass Band hadde nemleg ein liten konsert ved Vålandstårnet
✦ "1o ting vi lo av på 1990-tallet"
✦ at me har papirbryllaupsdag i morgon 
✦ "Det er lov å gi opp!" – ein viktig tekst der eg kjenner meg litt igjen
✦ følgje livet rundt Breiavatnet månad for månad
✦ ei geit og eit morosamt nashorn
✦ skrive lappar til minneglaset
tute til "Se" med Andrea Bocelli, den finaste songen frå Cinema Paradiso som også blei spelt i kyrkja for nesten eitt år sidan
✦ kjekt med varierte arbeidsoppgåver på jobb
✦ setje av tid kvar kveld til å lese ikkje-pensumlitteratur (to bøker ferdig og ei nesten ferdig)
✦ morosam, rar og herleg film: The Music Man frå 1962 (sjå videosnutten over og "76 Trombones")
✦ sjå svaneungar ved Vannassen

28. mai 2016

Mange små og fine lappar

Å samle på fine minne, som kjekke opplevingar, ein herleg gåtur eller berre ein roleg kveld i armkroken til min fine mann, er noko eg set veldig pris på. For meg er slike minne ekstra godt å skrive ned eller sjå tilbake på når dagane er grå. Veit at eg har nemnt dette før, men innimellom set me oss ned og skriv nokre lappar som me legg oppi eit glas. På onsdag hadde eg seinvakt på jobb, så eg las pensum før eg dro og hadde kvelden fri då eg kom heim halv åtte. Etter å ha fått i oss litt middag, sette me oss til rette og skreiv ein liten haug med lappar som me bretta saman og til slutt la oppi minneglaset. Er så stas og veldig koseleg å lese dei høgt mot slutten av året eller akkurat når eit nytt år har byrja. Og på hylla over døra inn til gjesterommet står det små glas med fine minne frå tidlegare år :) Blir ein roleg kveld her hos oss, noko som passar meg ypperleg etter travel veke.

27. mai 2016

Breiavatnet v5

Det er noko eige ved å følgje ein spesfikk plass gjennom vinter, vår, sommar og haust. Gjennom fire årstider, gjennom tolv månadar. I går gjekk me tur rundt Vannassen og då såg me ei svane med to små svaneungar. Er ikkje komme nokre svaneungar ved Breiavatnet enno, men trea har fått grøne blad, blomane har fått vakre fargar og det er generelt mykje liv rundt Breiavatnet og i byen. Bileta er tatt på veg heim frå jobb på onsdag kveld. Med det knallfine vêret som var i går og i dag, var det kanskje då eg burde tatt bilete for å få med meir av folkelivet, men det gir likevel eit inntrykk.


Tåke. Sjølv om det ikkje er like fint som sol og blå himmel, er det likevel noko magisk over det heile. Desse to bileta tok eg då eg var på veg til jobb i dag morges. Sol og blå himmel blei det etter kvart, men det var dette synet som møtte meg då eg hadde komme meg ned til sentrum kvart over åtte. Dagane fyk, men eg skal prøve å nyte helga før oppgåva for munnleg eksamen kjem på måndag.

25. mai 2016

Gåsungar i nabolaget

Sjå så søte dei er! Berre nokre kvartal unna oss, kan ein finne ein gard med både kalkunar, gjæser, høner, ja, til og med ein kanin. No er det komme gåsungar der, og eg trur me talde sju av dei til saman. Og sjå korleis dei spring etter mora på det siste biletet – dei er jo berre kjempeskjønne!


Kven kan la vere å ta bilete av så fine blomar? Eg klarer det i alle fall ikkje ;) Blir så glad av å sjå dei knallsterke og vakre fargane som finst ute i naturen. Sjølv om det ikkje var ein lang tur, er slike turar som dette noko eg ser fram til etter fleire timar på jobb og kveldar med pensumlesing.

23. mai 2016

Den perfekte boka for alle HP-nerdar

Du veit du les ei god bok når du må fram med ørten lappar for å hugse gode avsnitt og herlege sitat :) Og kanskje bør eg ha ein eigen Harry Potter-kategori her på bloggen; det byrjar å bli nokre innlegg om temaet no. Rart med det – eg har alltid likt bøkene og filmane, men det er fyrst det tre-fire siste åra at eg verkeleg har blitt hekta og at alle detaljar, alle artiklar og saker om emnet er noko eg sluker. Sidan slutten av februar har eg hatt ei bok her i heimen, ei bok som er skriven av Melissa Anelli, redaktøren bak nettstaden The Leaky Cauldron. Eg må ærleg innrømme at eg plukka med meg boka ganske tilfeldig på veg heim frå eit møte i barne- og ungdomsavdelinga på hovudbiblioteket. Eg plukka den med meg fordi tittelen var (og er) Historien om Harry Potter.



Men sjølv om eg hadde høyrt lite om Anelli og om nettstaden Leaky, fann eg ut etter berre nokre sider at denne boka kom eg til å like. Og det er også grunnen til at eg hadde  her heime så lenge: eg ville kose meg med boka! Med masteroppgåva som krevde sitt, tok det nok endå litt lengre tid enn vanleg. Boka er ikkje ny, den kom i 2008, men for min del gjorde ikkje det noko sidan mykje av det som står der var nytt for meg. Den skildrar Harry Potter-fenomenet, både generelt og særskilt Anelli si eiga rolle oppi det heile, og eg kan seie at det var kun eitt kapittel som i mine auge var litt kjedeleg. Resten av boka er ein fryd, og det kom både latter og tårer då eg las den! Som ein kan sjå, har eg funne nokre fine passasjar som eg gjerne vil dele: Albus Severus var visst ikkje tenkeleg som namn, den kjensla over å bli dratt inn i ei bok og kjensla over å sjå skodespelarane som skulle spele hovudrollene for fyrste gong. Og tenk at Anelli dagdrøymde om å skrive ei bok, ei bok som allereie nærmar seg ti år ;) Ei bok som eg verkeleg anbefaler vidare, og særskilt til HP-nerdar som meg!

22. mai 2016

Blomar ute og blomar i heimen

Har sagt det mange gongar før, men eg seier det igjen: Kor blir tida av?! Mai er nesten over, og om ei dryg veke er juni og sommaren her. For min del har veka vore både travel og fin. Starta den roleg (det var jo helligdag) med ein liten tur og elles berre avslapping. Feiringa av 17. mai var relativt roleg og veldig fin :) Onsdag var fyrste jobbdag ved hovudbiblioteket. Fine kollegaer og kjekke arbeidsoppgåver! Var på jobb også torsdag og fredag, og om kveldane har det vore pensumlesing og laging av fotobok. Har nokre fine punkt som eg gjerne vil dele også denne sundagen:

✦ høyre på det nyaste albumet til Enya medan eg les pensumlitteratur
✦ lese ferdig den gode boka Historien om Harry Potter av Melissa Anelli
✦ og apropos Harry Potter: sjå ferdig den siste filmen for n-te gong (og som vanleg: det kom nokre tårer og mannen min kom med kommentarar om at dei ikkje ser gamle nok ut i epilogen)
✦ sjå trailerane til The BFG her og her
✦ om ei dryg veke har me vore mann og kone i eit heilt år
✦ utruleg fine mandalaar hos Tone
✦ å gå ein heil dag i bunad :)
✦ gå tur for å sjå gåsungar og fine tre med rosa blomar
✦ for ei herleg skildring av vegkroene mellom Stavanger og Kristiansand
✦ gå ein annan tur for besøk av ein liten loppemarknad og Vålandstårnet for fin utsikt og kafébesøk
✦ var lenge sidan me hadde sett denne, og me lo begge veldig høgt då me såg den igjen i går
jobbe ved biblioteket nede i sentrum
den åttande podcasten til fine Synne
✦ plukke små blomar til heimen
✦ endå ei Harry Potter-greie
✦ byrje på ei ny bok, nemleg Bienes historie av Maja Lunde
✦ "21 Book Titles That Are So Funny When You Remove One Letter"
✦ lese i lesekroken og verkeleg ta i bruk den "nye" bokhylla
✦ les denne: "Oppskrift på å gjøre språket helt flatt" – så sant, så sant!

20. mai 2016

Ei lita og fargerik hylle

Ordet farge har vore temaet denne månaden i skaperutfordringa Monthly Makers. Temaet kan tolkast ganske breitt, med alt frå fargerike foto og maleri, sy nokre fine klede av fargerikt tøyt eller kanskje noko heilt anna. Og det er det eg diggar med Monthly Makers: ein kan gjere nøyaktig det ein ønskjer, og alle bidraga blir så forskjellige :) I kjellarbua vår har me hatt ståande eit enkelt nattbord sidan me fiksa soverommet vårt for eit halvt år sidan. No var tida komme for å ta i eit tak og gjere noko med dette lille bordet. Henta fram to bøtter med måling, teipa med maskeringsteip og byrja å måle bordet med den grøne fargen. Dagen etterpå var det den kvite fargen som blei brukt. Kjekt å kunne bruke ting (bord og måling) som me allereie hadde ståande i heimen.


Her er resultatet! Eit lite, fargerikt bord som nok fyrst og fremst kjem til å fungere som ei bokhylle i lesekroken inne på fleirbruksrommet vårt. No må me berre finne ei fin leselampe, så blir det verkeleg bra :) Grønfargen er forresten den same som på soveromsveggen vår om nokon skulle lure. Gleder meg til å sjå alle dei flotte bidraga som kjem til å komme i løpet av de neste dagane!

19. mai 2016

Noko vakkert ein torsdag i mai

Rett ved nærbutikken vår, på parkeringsplassen, står det ein god del tre. Ikkje at dei er særskilt spesielle størsteparten av året, men no i desse tidar er dei berre så utruleg vakre. Rosa blomar overalt, og eg blir så glad og i veldig godt humør av å sjå den rosa fargen mot den blå himmelen.


Dei kvite blomane på liknande tre er også veldig fine! Trur av og til at min betre halvdel blir litt lei av at eg tek med meg kameraet på tur, for så å stoppe anna kvart sekund fordi eg ser slike fine blomar ;) Litt rolegare dagar no når oppgåva er levert, men det er likevel nok å gjere på jobb på hovudbiblioteket samstundes som eg kvar dag prøver å lese på pensum for å få ein nokonlunde oversikt (mtp. den munnlege eksamenen). Og tenk, plutseleg er det nesten helg igjen.

18. mai 2016

Syttande mai totusenogseksten

Heller ikkje i år blei det korpsspeling på nokon av oss på nasjonaldagen. Det er framleis rart, men eg må jo innrømme at det er heilt greitt å ha god tid om morgonen, kunne nyte ein god frukost og ein kopp eller to med nytrakta kaffi. I elleve-tida traska me bort til ein skule i nabolaget der me delte eit kakestykke, veiva litt med kvart vårt flagg og såg skulekorpset marsjere i skulegarden.


Fekk også høyre korpset spele og då var dagen redda; i fjor høyrde me nemleg ikkje på noko korps, og utan korps, ingen 17. mai! Kjekt å sjå fargerike heliumballongar og så berre måtte eg ta bilete av dette skiltet. Litt uheldig med kor store mellomrom det var mellom dei ulike bokstavane.


Og litt bunadbonanza må jo til når det er 17. mai! Om det er noko som helst tvil, så er eg veldig stolt av bunaden min, glad i den, og eg er utruleg takksam for at eg har ein bunad med historie (tenk, den er 61 år no i desse dagar...). Fekk til og med tatt eit bilete av mannen i finstasen ;) Etter å ha høyrt korpset spele, drog me heim der me slappa av nokre timar før det blei grilling, latter, mykje prat og knallgod pavlova saman med fine vener. Ei kjekk og akkurat passe feiring av nasjonaldagen!