4. aug. 2023

Suomenlinna




Nei, det er ikkje det store bygget som heiter Suomenlinna, det kjem om litt. Men altså, sjekk ut Helsingin tuomiokirkko (Helsinki domkirke). Kyrkja er eit av dei mest kjente landemerka i Finland, og er bygd mellom 1830 og 1852 til tsar Nikolai I. Arkitekturen er nyklassisistisk, eit storslått bygg midt i byen. Nesten litt pompøst. For å spare føtene våre innimellom (det blei nærmare tjue tusen skritt den fyrste dagen i byen), prøvde me ut trikketilbodet. Ein koseleg måte å sjå byen på.




Med same billett som me brukte på trikken, tok me båt ut til Suomenlinna (Sveaborg er kanskje lettare for oss å uttale). Suomenlinna er eit av verdas største kystfort og ligg på fleire øyer rett utanfor Helsinki. Kystfortet blei påbyrja i 1748 og er no på UNESCOs verdsarvliste. Ingen stor plan anna enn å gå rundt og utforske fortet, landskapet, titte innom nokre av butikkane og ete ein is i sola. Og fleire små gjæser, så søte der dei plaska rundt i dammen. Vel tilbake til studioleilegheita, blei det middag og sidan dambadstue og boblebad. Kan ikkje klage på ein slik kveld.

Legg igjen ein fin tanke