31. des. 2013

Lita liste over det eg har gjort i 2013 som eg ikkje før har gjort

No er 2013 snart over, og etter ein idé frå sitrende.net, vil eg her oppsummere nye ting og opplevingar som 2013 har bringa med seg som eg ikkje har gjort før. I løpet av dette året har eg:

trulova meg med den finaste

blitt meir glad i språk som studieemne enn i litteratur

kjøpt meg blomstrande sko på impuls

vore på kino der det berre var oss to og ingen andre i salen

gråte så mykje at eg hikstar til denne scenen i Tørk aldri tårer uten hansker, med andre ord generelt sjå ein miniserie lik denne som rører meg så mykje

vore på spa med varmt basseng, ansikstmaske, kalde og varme dusjar og massasje

tinga tur til eit anna kontinent, berre oss to, og ingen reiseleiar

blitt ferdig med ein bachelorgrad

byrja å bruke raud leppestift, både i kvardagen og på fest

kjøpt speilreflekskamera

vore invitert til ei større tilstelling, ein konfirmasjon, som eit par ("til Silje med følgje...")

lese alle Harry Potter-bøkene på engelsk i løpet av ein haust

feira noko av påska hos svigers

blitt ramma av flystreik

og sikkert ein heil haug med andre ting, særskilt små trivialitetar i kvardagen som eg ikkje kjem på no i farten. Kvelden og natta blir feira med den same herlege gjengen som dei føregåande åra. Vil få ønskje alle mine kjente og kjære ein riktig god nyttårsaftan! Takk for det gamle og godt nytt år!

29. des. 2013

Romjulsdagar



Medan eg sit her i stua med pledd, ein kaffikopp, hekletøy og Death Comes to Pemberley, vil eg berre få dele denne lille videosnutten. Romjula er snart over, så då må eg jo nesten dele den før det er for seint. Håper alle har hatt nokre fine romjulsdagar saman med kjente og kjære :)

Topp 5 – musikalar

Eg har alltid vore ein fan av musikalar, det er min "guilty pleasure". Mykje av musikken som ein finn i mine spelelister, er henta frå diverse musikalar. Å plukke ut berre fem er veldig, veldig vanskeleg. Eg har sett nokre på scenen, mange på film og høyrd så utruleg mykje på musikalmusikk opp gjennom åra. Sikkert mange som er ueinige i denne lista, men eg har tatt utgangspunkt i spesifikke opplevingar som eg har hatt med desse fem musikalane:

Jesus Christ Superstar - mamma har denne rockeoperaen på LP, og heilt sidan eg høyrde "I Don't Know How to Love Him" (med Yvonne Elliman) då eg var ti-elleve år, har eg sett to filmar, ein sceneoppsetjing og høyrd alle songane så ufatteleg mange gongar

The Sound of Music - ein av dei fyrste filmane eg fekk på DVD, og den fekk eg av mormor. Når Maria spring opp på fjellet, dansar rundt i kjolen og syng "The hills are alive with the sound of music...", vel, den scenen gjer meg så glad!

Rent - kvar gong eg høyrer ein song frå denne musikalen, tenkjer eg på året mitt på folkehøgskulen

Chess - då me i fyrste klasse på vidaregåande skulle setje opp denne musikalen, hadde eg berre høyrd ein song frå før. No har eg mange, mange minne frå musikalen og songtekstane kan eg enno!

Lion King - å sjå denne på scenen i London, høyre den fyrste songen ("Circle of Life") slik at ein får gåsegud og berre nyte heile opplevinga - fantastisk!

27. des. 2013

Teselskap

Kanskje ikkje eit ordentleg teselskap, for eg kan ikkje påstå at eg serverte noko særskilt med te, men eg har nettopp hatt tre fine middagsgjester på besøk ("måtte" berre få leggje ut eit bilete av den stilige tekanna me fann her heime og dei fine tekoppøyredobbane som eg fekk til jul). Me spiste litt middag, drakk kaffi, åt nokre julekaker, spelte "Party Alias" og lo ganske høglydt til tider! Kjempekjekt med besøk av så fine veninner, og du kan trygt seie at eg gleder meg til nyttårsaftan allereie! Elles har eg hatt nokre fine dagar her i heimen med familien. I går var me alle fire på kino, saman, for å sjå Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant. Eg hadde jo lese boka, men filmen var verkeleg artig, akkurat som boka. Me sat og lo gjennom heile filmen alle fire!

25. des. 2013

Jul i heimen

Sjølvaste julaftan blei feira i bunad for morgon til kveld. Tok på meg den fine bunaden min så tidleg som halv elleve slik at eg sat i sofaen og såg Tre Nøtter til Askepott i bunaden og med ein kaffikopp i handa. Då klokka var halv ett, drog me bort til mormor ein tur med litt julemat og gåver. Også i år var eg i kyrkja og spelte med skulekorpset mitt – blir ikkje for gammal til det! Ved bordet då me åt julemiddagen, var me syv stk. Kvelden blei fin med god mat, fine folk og nissen kom ein tur innom med pakker (sjølv om me ikkje såg han). Eg er veldig takknemleg for at eg kan feire jula saman med familien; eg veit det ikkje er alle som er like heldige... Jula er jo familietid for mange av oss, men det er ikkje ein sjølvfølgje. Eg er så utruleg glad i den fine familien min 

Mange fine julegåver

Eg er heldig som har så fine vener og kjente, ein fin kjærast og ein utruleg fin familie, for under treet i år låg det mange fine gåver: ei veske, fine pynteting, øyredobbar som eg såg då eg var på PWC-messa (mamma fekk med seg at likte akkurat dei øyredobbane), knivblokk, fin fødselsdagbok og prikkete sminkevese, klede og raud clutch (som ikkje har komme i posten enno) og heimelaga nupperellesmykke! Fra ei av mine beste veninner, ho eg har spurt om vil vere min forlovar, fekk eg ei bryllaupseske, så sjølv om me har god tid, er det berre å byrje på planlegginga. Kjempenydeleg gåve og heilt genialt! Og av kjærasten min fekk eg god bodylotion frå Body Shop og ein stilig kjole med skulderputer og mange, mange prikkar. Midt i blinken! Tusen takk alle saman! Tenk at eg har så mange fine personar i livet mitt – ikkje på grunn av gåvene, men fordi dei personane er akkurat som dei er! Eg er heldig! Håper alle mine kjente hadde ein fin julaftan saman med herlege folk :)

24. des. 2013

Gledeleg jul!

23. des. 2013

Me har pynta treet – no er det jul!

No er det verkeleg jul her. Huset er rydda, risgrauten er ete og treet er pynta med julestjerna, puslespelkulene, den fine ugla og alt det andre som me pleier å ha på treet. Eg har til og med kost meg med Reisen til Julestjernen (den frå 1976) fordi eg ikkje får sett den i morgon på grunn av speling i kyrkja med "det gamle" skulekorpset mitt. Håper de koser dykk på kvelden før kvelden.

"Når en pepperkakebaker..."

Kanskje litt seint ute med å bake peparkakene i år, men betre seint enn aldri. Fekk besøk av syskenbarnet vårt i går kveld, så då stod han, broren min og eg ute på kjøkkenet i nesten to timar for å bake ut peparkakedeigen. Med musikk på nesten full guffe hadde me det ganske så artig!

22. des. 2013

Topp 5 – juletradisjonar

Bittelille julaftan. Sjølvaste julaftan nærmar seg med stormskritt. Forventningane er kanskje ikkje det same som før, men julaftan er likevel ein av dei finaste dagane i året. Familie, god mat, fine samtalar, nydeleg julemusikk og av og til eit kvitt landskap. Her er mine favorittjuletradisjonar:

bunad - i og med at eg spelte med skulekorpset på syttande mai heilt fram til eg var nitten år, og dei i det skulekorpset hadde regel om "alltid korpsuniform på syttande mai, bortsett frå det året du er russ", kunne eg ikkje bruke den fine bunaden min på nasjonaldagen vår dei åra eg spelte i korpset. Med det har julaftan blitt min bunaddag, og eg berre elskar å ha på meg bunaden medan eg ser på Tre Nøtter til Askepott  (Trǐ oříšky pro Popelku)

pynting av juletreet lille julaftan - i mange, mange år har min bror og eg pynta juletreet på lille julaftan, ikkje før, ikkje seinare. Og medan me pyntar treet, høyrer me på finfin julemusikk

det lille julehuset - ute i gangen vår, på ein kommode, har me kvar einaste jul ståande eit lite hus som me pyntar med bomull (som då liksom skal vere snøen) og små nissar. Det blir ikkje jul utan det lille julehuset

opne ei og ei gåve - på julaftan har me i ein god del år hatt ein som finn ei gåve under treet, les høgt kven det er til (og frå) og så opnar personen gåva medan me andre ser på. Spennande og kjekt å sjå på kva dei andre får også, at ein ikkje berre er opptatt av kva ein får sjølv

adventskalender - å få små, fine og artige gåver i pakkekalenderen som morfaren vår broderte tidleg på nitti-talet, det er tradisjon, det.

20. des. 2013

Reiselysten

Sur vind som suser forbi. Grått vêr, øspøsende regn. Snø som fyk overalt. Når det er slik, har eg så innmari lyst til å rømme landet. Hausten og vinteren er verkeleg ikkje mine årstider, og eg er nok ein av mange nordmenn som helst skulle ha vore ein heilt annan plass. Likevel overlever eg, år etter år sjølv om reiselysten stor. Men no har eg endeleg noko å sjå fram til: neste år, nærmare bestemt i mai, skal me ta ein tur til Island og til USA! Okei, mai månad i Noreg er ikkje så aller verst, men gurimalla, det skal bli så fint å rømme landet litt likevel, utforske nye plassar, oppleve mykje rart, kjekt og fint som me ikkje har opplevd før, vere på reis, berre oss to. Er det nokon av dykk som har vore på Island eller i USA (særskilt i New York), og har noko å anbefale oss, noko me berre må sjå eller oppleve, så skriv gjerne ein kommentar eller to i kommentarfeltet. Og apropos reise: veldig kjekt og spennande å følgje denne bloggen der to som eg kjenner er på si livs reise :)

18. des. 2013

Kakemennbaking og måling av soverom

Kom heim til Sola seint i går kveld med ein svær koffert, ein liten sekk og ein vanleg plastpose som (nesten) var fylt til randen med sjokoladestenger og kvite kakemenn. På måndag prøvde me nemleg ei oppskrift på kvite kakemenn og den viste seg å vere ganske så stor! Sov lenge i dag og stod ikkje opp før klokka hadde passert halv ti. Mykje av dagen har blitt brukt til å rydde, støvsuge og finne fram julepynten. Eg var også ein tur innom Coop Byggmix for å kjøpe måling, for rommet som er mitt når eg er her på Sola, skal no målast og bli nytt etter alt vatnet som var innom ein tur i kjellaren vår i sommar. Trur rommet (og også alle dei andre romma) blir veldig fint og okei :) Kjærasten kom med toget utpå kvelden, alle fem åt god middag og så har me fått måla eit strok med måling allereie – i "fine" arbeidsklede. Målingsfargen ser litt forskjellig ut på bileta, alt etter kor lyset stod då bileta blei tatt. Utgangspunktet er i alle fall denne fargen med namnet "sjøgløtt".

16. des. 2013

Korpsjulebord

Med herleg tapas, artige leikar, mykje prat og ein god porsjon med julemusikk, hadde i alle fall eg det gøy på julebord på fredag. Me var ikkje så mange, men stemninga var veldig god i eit aldeles nydeleg hus ute på Flekkerøy! Og me i trombonegruppa hadde tatt me oss instrumenta våre og spelte ein juletrall og tre, noko dei andre sette pris på. Ein veldig kjekk kveld med festlege folk!

15. des. 2013

Fin sistehelg i byen

Denne helga har vore så ufatteleg fin og morosam! Kjempekjekt med julebord på fredag (eg får leggje ut bilete frå den hendinga seinare)! I går, på dagen vår, blei det baking av sjokoladestenger, kinodate der me såg Hobbiten: Smaugs ødemark, god middag heime i leilegheita med fine stearinlys i søte lyshaldarar – som eg fekk av ho veninna eg besøkte på fredag – og til slutt fekk eg ei gåve frå han og han ei frå meg. Som ein kan sjå av biletet fekk eg tredje sesong av Heartbeat på DVD. Stornøgd! I dag har me hatt julekonsert ("Syng julen inn") med brassbandet i Grim kirke. Då den var ferdig, fekk kjærasten med seg ein kjempefin blomebukett :) Nissespeling i gågata i sentrum ein time etter konserten, så det har verkeleg blitt ein del julemusikk i dag (og med det enno meir julestemning). Ni dagar igjen til julaftan, og berre to dagar til eg er heime på Sola :)

Topp 5 – vegetarrettar



Kvar veke prøver me å ha minst ein vegetarmiddag, både fordi det er sunt, fordi det er godt og for å variere meir enn det me kanskje elles ville ha gjort. Mine topp fem denne veka er vegetarrettar:

linserisotto - eller linsegryte om du vil. God smak på noko eg for berre nokre år sidan ikkje ville ha trudd at eg kom til å like

moussaka - han der fine laga denne middagen førre veke, og den var berre så himla god

risgraut - no seier de vel "å, så fantasilaust", og det har de kanskje rett i. Men graut er jo så utruleg godt og ein veldig enkel vegetarrett (som i tillegg passar godt no i desse juletider)

enchiladas - varme tortillas med tomatsaus og masse grønsaker smaker for det fyrste veldig godt og er for det andre enkelt å lage – sjølv om det kan bli ein del søl på kjøkkenbenken

pestosnurrar - enkel, men ein veldig god variant av pizzasnurrar

14. des. 2013

Eit halvt tiår ♥

Ho har sommarfuglar i magen. Mange sommarfuglar. Om berre nokre timar får ho besøk. Kva kjem til å skje då? Kjem det til å skje noko i det heile tatt? Det er så mange spørsmål som fyk rundt i hovudet hennar. Mange tankar som ho ikkje har tenkt noko særskilt på før i dag. "Kva om...?," tenkjer ho. "Eller tenk om...?". Ho veit eigentleg ikkje heilt kva ho kan vente seg av besøket. Kva om han ikkje ser for seg det ho ser for seg. Berre ho blir ferdig med speleoppdraget, slik at ho kan komme seg heim, ta av nisselua, ta fram nokre fine klede og kanskje slappe av før han kjem...

Dei er ute i mørket no. Ute i eit snøkvitt landskap. Stjernene skin klart på himmelen. Dei har nettopp vore inne og sett film, begge ganske spente. Der inne sat dei seg tettare og tettare, heilt til dei sat inntil kvarandre. To par augo titta på kvarandre, så lukka dei seg og munnane møttest. No står dei ute, ho lener seg mot han, han held rundt henne. Ho spør om dei er kjærestar no. Han svarar at det er dei, viss ho vil. Dei kyssar kvarandre igjen, tek hendene til kvarandre og går bortover. Bortover til busshaldeplassen. Der sit dei tett i tett, heilt til ein kjenning kjem forbi i ein bil og spør om dei vil sitje på. Dei blir raude i andleta, ristar på hovudet og svarar "nei". Kjenningen køyrer vidare, og dei ler litt. No går det ikkje an å halde det løynd. Ho seier "ha det" til han, og han set seg på bussen, vel vitande om at det er tre veker til neste gong dei kjem til å sjå kvarandre. Kva kjem til å skje no? Det veit ingen. Men at det er starten på noko nytt, det veit dei begge to.

For akkurat fem år sidan skjedde nettopp dette. Slik blei me saman, ti dagar før julaftan i totusenogåtte. Sidan har det vore oss to, og eg trur me begge to er glade for at me tok den sjansen. Sjansen på å vere kjærastar, og etter kvart sambuare og trulova. Biletet over (det til venstre) er tatt nesten tre månadar etter at me blei saman, så det byrjar å bli ei stund sidan. I dag feirar me fem heile år som kjærastar, og eg håper det blir mange, mange slike feiringar i løpet av dei neste åra. Gratulerer så mykje med dagen, kjærasten og sambuaren min, min trulova, min beste ven ♥

13. des. 2013

Livemusikk etter eksamen

Etter å ha levert eksamensoppgåva på onsdag, gjekk eg ut døra og vidare bortover gangen og ned trappene. Plutseleg byrja eg å høyre musikk, og då eg kom til trappa ned til Vrimlehallen (hovudhallen på skulen, og ja, det er eit mobilbilete), såg eg eit ensemble frå KSO som stod og spelte herleg musikk, og songen dei spelte akkurat då eg var ferdig med eksamen var "Deilig er jorden". Folk som stod og høyrde på, song med og eg fekk frysningar langt nedover ryggen. Vakkert, og julestemninga slo verkeleg inn! Har nettopp vore hos ei veninne for å ete litt lunsj og prate, og det var kjempehyggeleg! Om ikkje mange timane er det julebord med korpset :)

11. des. 2013

Juleferiegleder

No har eg faktisk juleferie, og det er ei fantastisk herleg kjensle! Etter ein litt grå og tung start på veka (lang måndag der eg ikkje fekk lese så mykje som eg hadde tenkt og det faktum at det var speilblank is ute, noko som gjorde gåturen til skulen svært lang), var eg så klar som det eg kunne bli då eg gjekk inn i klasserommet klokka ni i dag. Og plutseleg var eg ferdig. Alle tiders! Har nettopp ete god middag, og no vil eg dele nokre punkt som gleder meg denne veka:

✦ juleferie
✦ Flåklypa medley på gitar
✦ kjempefine julelys i Kr.sand sentrum
✦ prikkete julegåvepapir (har eg nemnt at eg liker prikkar?!)
✦ at den tredje sesongen av Sherlock blir å sjå på norske TV-skjermar tredje januar, berre to dagar etter den britiske premieren
"If Harry Potter was made by Disney"
✦ og når me snakkar om Harry Potter: eg er no ferdig med den sjette boka og gleder meg som ein liten unge til å lese den sjuande og siste heime i ferien
✦ denne fine og viktige teksten om det å ha ein god ven
✦ at me skal på Vinjerock saman med fine og herlege vener neste sommar
"The Fox" i ein episode av Glee – med Muppet Show-figurar
✦ julebord med Agder Brass på fredag