Viser innlegg med etiketten Harry Potter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Harry Potter. Vis alle innlegg

13. des. 2019

Diggar desse illustrasjonane!

Eg sa det kom til å bli ein del bøker her på bloggen denne veka, hi, hi. Veit ikkje kor mange gongar eg har lese Harry Potter-bøkene, men eg las i alle fall nyleg ut den tredje boka for ørtande gong. For ikkje lenge sidan kom den fjerde boka ut i ei illustrert utgåve og den måtte eg jo ha, for eg har byrja å samle på desse utgåvene. Men eg hadde enno ikkje lese Harry Potter og fangen fra Azkaban med dei vakraste illustrasjonane, og så klart skal dei lesast i rekkjefølgje ;) Eg har kost meg med kvar einaste side, både teksten til J.K. Rowling og illustrasjonane til Jim Kay. Sukk. Han har verkeleg klart å fange karakterane, dyrane og skulen, ja, heile stemninga frå boka. Harry, Ron og Hermione, Buckbeak, katten til Hermione, Harrys skytsverge, Sirius Black og den søtaste ugla. Gleder meg til å etter kvart lese bok nummer fire med fleire vakre og stemningsfulle illustrasjonar.

22. nov. 2018

Puslespel på detaljnivå

Det er ikkje kvar dag me set oss ned og bruker tid på å leggje puslespel, men det er jo eigentleg ein superhyggeleg og koseleg aktivitet; dette vil me gjere meir av. I fjor, då me var på besøk i Harry Potter-studioet, var dette det einaste eg kjøpte med meg. I alle fall nesten, trur eg tok med meg ein pin og eit postkort i tillegg ;) Så mange detaljar å sjå på, og me koste oss då me la det.


Klarer du å sjå Humlesnurr på kontoret sitt på det øvste biletet? Kanskje ikkje så lett, men han er der, altså. Eg lovar! Hogwarts Express, trylleformlar, husnamna, matsalen, skulelogoen og endå fleire detaljar. Tøft! Tips til fleire kjekke og kule puslespel blir motteke med takk :)

26. sep. 2018

Midt ute i "Heartbeat"-land

Ute på den engelske landsbygda. Det er som å sjå den britiske serien Med hjartet på rette staden, eller Heartbeat som den heiter på engelsk. Flatt, grøne enger, hei på hei lang bortetter vegen. Gamle murhus, hus med panel som lager mønster, sauar som et gras rett utanfor heimen. Eit gammalt par som tar ein rast saman på ein benk. Mellom York og opphaldet vårt på Cawood Castle, hadde me eit døgn der me besøkte Goathland, Whitby, overnatta i Scalby, besøkte Scarborough og Helmsley. Goathland var fyrste stopp og det er faktisk der dei filma Heartbeat i si tid.


Framleis kjem det mange turistar innom for å sjå på politibilen, handle på nærbutikken, stikke innom Aidensfield Arms eller garasjen og begravingsbyrået til Bernie Scripps. Og me var to av dei ;) Eit par dagar før me var der, gjekk skodesplearen som spelte Bernie Scripps bort. Litt vemodig. Det å besøke Goathland var nok aller mest stas for min del sidan det er eg som er størst fan av serien, og som ein ekte turist måtte eg så klart posere foran politibilen! Titta innom suvenirbutikken (kjøpte nokre postkort og ein fin kjøleskapsmagnet) og åt god lunsj inne hos Goathland Tea Rooms.


Var ikkje heilt ferdig med Goathland etter lunsjen: me "berre måtte" gå ned til togstasjonen, ein nydeleg, liten stasjon lang ute på landsbygda. Fekk sett det i herleg haustvêr med den gylne lyngen i haugevis på den eine sida. Stasjonen har blant anna blitt brukt som Hogsmeade Station i Harry Potter-filmane, så også her dukka nerden opp i meg. Altså, ja takk til fleire slike togstasjonar.

17. sep. 2018

Fyrste møte med York og Yorkshire

Seint blogginnlegg i dag, men no er det no her. Gjekk i eitt på jobben i dag med blant anna rydding og registrering av nye bøker; måndag er alltid ein travel dag. Tenkte eg skulle starte veka med dei fyrste bileta frå Englandsturen. Me reiste frå Sola til Manchester og tok toget vidare til York. Før me tok toget, måtte me ha ein liten matbit og medan han stod i kø og venta på maten, tok eg bilete av bokveggen og det fine mønsteret på golvet. Kan ikkje alle kaféar sjå slik ut?! Og så den gamle teboksen! Fin stasjonsklokke i York og eit koseleg hotellrom hos Crossways Guest House.


Sidan me kom til byen midt på dagen, hadde me god tid. Den ettermiddagen gjekk me rundt i gatene og berre tok til oss det byen hadde å by på. Er så mange kule og flotte hus i England, små og store. Gjekk forbi katedralen York Minster og katedralen er ein av dei største frå middelalderen i landet (og også Nord-Europas største katedral). Den blei bygd i 1220 av Henry III. Såg også såvidt ein del av bymuren. Er ordentleg fint å gå rundt og bli kjent med ein by i vårt eige tempo.


Kanskje inga overrasking at me stakk innom den gamle gata The Shambles. Her var det mykje artig! Dei småskeive husa, fargane på bygningane og så klart namn på butikkane som Fugde Pantry York (var det nokon som sa "fudge"?!) og The Shop That Must Not Be Named. Altså, alt som har med Harry Potter å gjere er eg littegrann svak for. Kjekt å titte i butikkane, men eg fann ikkje noko å ha med heim. Ikkje for det – eg kunne gjerne ha hatt ein liten Niffler ståande på nattbordet mitt, men det kan kanskje bli for mykje ;) Fleire gamle bygg og stilige klokker såg me også på vår veg.


Lyset om kvelden var vakkert, ordentleg septemberlys gjennom hautslauvet. Gjekk forbi butikken Heima og synest jo namnet var fint. Smilte av det, men sidan den var stengt for dagen, tok me ikkje turen inn før dagen etterpå (og der fann me noko til å ha med heim, til heimen vår, "heima"). Fann ein restaurant og åt god og frisk kyllingsalat til middag og traska etter kvart tilbake til gjestehuset

14. sep. 2018

Eit magisk mysteriekammer

Veit ikkje kor mange gongar eg har lese Harry Potter-bøkene, men for ikkje så lenge sidan las eg i alle fall bok nr. to, Harry Potter og Mysteriekammeret, for ørtande gong. Las den illustrerte utgåva der illustrasjonane er laga av Jim Kay, akkurat som den fyrste. Synest desse bøkene er så ordentleg fine. Joda, store og tunge er dei, men akk så vakre. Fargebruken, streken, stemninga. Elskar biletet av Dobby (Noldus) i denne boka. Sukk. Blir glad av å ha desse magiske bøkene i bokhylla vår.

22. mai 2017

Bittelitt magi på ein måndag

Måndag. Ein fin dag på jobb, eg skal ikkje klage, men eg synest likevel at måndagane ofte er litt treige. Det er ei god stund sidan eg byrja å lese i den illustrerte versjonen av den fyrste Harry Potter-boka, men dette er meg i eit nøtteskal: når eg skal kose meg med ei bok, ein film eller kanskje ein TV-serie, ender det plutseleg med at eg lar det liggje ei lita veke som plutseleg blir til ein månad eller fleire. Slik er det med denne boka. Men i dag fann eg ut at eg ville lese i boka igjen, kose meg med både teksten, dei vakre illustrasjonane, verkeleg dykke ned i J.K. Rowlings univers.

27. mars 2017

Studiotur – del 4

Siste del av turen i Harry Potter-studioet kjem her. Synest det er ein bra måte å starte veka på, for ein slik tur får meg til å smile, uansett kor grå dagen er (ikkje for det – det er ikkje så aller verst her i dag). Stilig å sjå nokre av fabeldyra "i levande live", og maskene ser jo både skumle og livaktige ut.


Eit lite besøk i butikkstrøket Diagon Alley (Diagonallmeninngen) blei det også. Flotte søyler utanfor banken og eg berre måtte posere foran tryllestavbutikken til Ollivander. Det som verkeleg fanga blikket mitt, var inngangen til Weasleys' Wizard Wheezes – så fargerikt og morosamt!


Noko av det aller beste kom mot slutten av turen, og det var å få sjå ein stor modell av skulen. Tenk å halde til på ein skule som Hogwarts (Galtvort)! Lyset i rommet skifta farge heile vegen, så i den eine augeblinken var slottet blått, og i den andre i ein mykje varmare farge. Sukk, kunne fint ha brukt endå fleire timar i studioet, verkeleg sett nøye på alt, ta inn alle inntrykka. Neste gong?! ;) Tok ein del bilete inne i den store suvenirbutikken med mobilen, men det blei ikkje dei beste bileta, så eg får sjå om eg deler dei ein annan gong. Ei lita måndagshelsing sånn på tampen av dagen :)