31. okt. 2023

Boklege illustrasjonar og kjekke sitat




Alle dei kjekke bøkene eg har lese i det siste, tihi, for dei er det nemleg mange av. To av bøkene er meir retta mot yngre lesarar, men eg seier ikkje "nei, takk" til ei bok eller fem med flotte illustrasjonar. Armstrong av Torben Kuhlmann fortel den (nesten) sanne historia om astronautmusa Armstrong. Eg koste meg med å lese den, ete eit par makronar og drikke kaffi no i helga, og i denne lille videoen på Instgram kan du sjå fleire av illustrasjonane frå boka. Og så har me Vindmakeren. Lisa Aisatos illustrasjonar og Maja Lundes fortelling er ein fantastisk kombinasjon. Boka er nummer tre i årstidskvartetten, og som med Snøsøsteren og Solvokteren er dette ei sår, litt mystisk og vakker historie. Samstundes er den relativt tidsaktuell med tanke på alle dei som er på flukt frå sine heim, som står midt i ei beintøff tid (av mangel på andre ord). Til slutt måtte eg berre ha med eit par sitat frå boka Den siste djevelen må dø av Richard Osman, bok nummer fire om Elisabeth, Ibrahim, Joyce og Ron i Torsdagsmordklubben. For Osman har ei heilt eigen måte å skildre på, ein restaurant prata og ser som om den er ein person, humoren sit laust samstundes som me også får eit glimt av demenstunge dagar hos ein nær og kjær person av hovudkarakterane. Å vere i lag med desse herlege folka er som å sitje under eit mjukt teppe og få ein god, varm klem:
 
"Da Ron går gjennom Coopers Chase, smetter en rev over stien. Hvite tipper på begge ørene. Ron ser ham ofte, pilende inn og ut av buskene. Man vet hvor man står med rever. De prøver ikke å lure deg til å tro at de er noe annet enn det de er." (s. 133, Den siste djevelen må dø

"Elizabeth legger seg på ryggen og ser opp på himmelen, hun også. På skyene. Stephen er ikke der oppe, men et eller et sted er han, og hun kan like gjerne finne ham der. Finne smilet hans, og armene hans, og vennskapet han hans og motet hans. Elizabeth begynner å gråte, og gjennom tårene smiler hun sitt første, lille smil siden den forferdelige dagen." (s. 403, Den siste djevelen må dø)

"Restauranten i Coopers Chase har sett litt av hvert i løpet av de siste årene. Den har sett en tidligere høyesterettsdommer dø mens hun ventet på en banan- og toffeepai. Den har sett en krangel som var så opphetet at en kvinne på åttini til slutt skilte seg fra ektemannen gjennom sekstiåtte år, og den har til og med sett et offentlig frieri, som ble møtt med stor jubel da det skjedde, og senere forbigått i stillhet da det viste seg at den aktuelle mannen allerede var gift. Den har sett feiringer, minnestunder, forelskelser, fremvisning av barn, barnebarn og oldebarn, og til og med en hundreårsdag, som endte med at politiet ble tilkalt som følge av en episode der en mannlig stripper var innblandet.
Men den har aldri sett et selskap av den typen som sitter rundt det private bordet i vinterhagen nå. To av Storbritannias største narkotikasmuglere, en styrtrik antikvitetshandler og den enorme kanadiske ektemannen hennes, en professor i historisk arkeologi ved Universitetet i Kent, en tungttatovert polsk håndverker og øverst ved bordet, de stolte vertene: en tidligere sykepleier, en tidligere spion, en tidligere fagforeningsleder og en tidvis praktiserende psykiater." (s. 256, Den siste djevelen må dø).

30. okt. 2023

Gull på bakken


Aller mest på bakken. Fleire av trea byrjar å bli nakne, no ligg hautslauvet på bakken. Blad som er grøne, blad som er gule, nokre er raude, andre er brune. Ein eufoni av gylne fargar som ligg der og lyser opp, viss ein berre ser ned. Gull på bakken før snøen kjem og fargane visnar hen.

Sommarferiens siste etappe




Neida, eg har ikkje heilt gløymt å dele dei siste bileta frå Finlandstur, men det har vore så mykje anna bra å leggje ut her på bloggen i det siste (les: hauststemning). Men her kjem dei altså. Som du ser, brukte eg ikkje kameraet fullt så flittig, og den største grunnen til det var buss for tog mellom Oslo og Kristiansand. Tidleg frukost på Langhus før me tok toget til Oslo S kvart over åtte. Bussen til Kristiansand gjekk halv ti, og det var ein nokså keisam tur utan store utsiksthøgdepunkt. Litt lesing blei det i alle fall. Kluss med togvognene då me kom til Kristiansand, men me fann ein plass til slutt, og sidan var det berre å titte ut. Berg og små vatn, grøne tre og etter kvart det jærske landskapet med kyr og gardar. Me var framme i Stavanger fem minutt før tida, og det var slutten på ein kjempefin sommarferie med togturar i Sverige og Finland og nokre avslappande dagar på vakraste Åland.

29. okt. 2023

Godvêr i slutten av månaden



Sidan torsdagskveld og fram til i ettermiddag, har me hatt finaste krøllebølle på besøk. Både korte og litt lengre turar har det blitt, både med Balto no i helga og i løpet av veka generelt. Sola har titta fram fleire av dagane, siste dagane i oktober har vore fine. Eller, i går var det som om eg hadde stått opp på feil fot, "alt" var kjipt, men det kom seg etter kvart. Orkesterøving, jobbsøknadsskriving, (nok ein) gåtur til byen for å levere bøker og låne nye, lese i bøkene, meir haustfargar og vere i lag med Balto. Oktober går mot slutten, og det gjer også helga, så her kjem denne vekas sundagsliste:
 
som eg koste meg med å lese Den siste djevelen må dø, den fjerde boka om Torsdagsmordklubben 
sjå raudstrupe og toppmeis i nabolaget då eg var ute og gjekk meg ein spasertur
det har blitt mange bøker i det siste, og Rootbound er ei av dei eg nyleg har lese ferdig
tihi, dei bittesmå kattane Bami og Dami er kjempeskjønne i kvar einaste videosnutt
for eit fargespel på himmelen onsdagskveld 
ein haug av fargerike haustblad på eit tre
filmen Supernova med Colin Firth og Stanley Tucci er rørande om demens og kjærleik
og så køyrer dei mykje rundt i vakraste Lake District i filmen
kaffi, eit par makronar, finfin bok og kos med krøllebølle i går då ting var litt grått
kose meg med ein episode av All Creatures Great and Small, eg har verkeleg spart på sesong tre 
ny vlog frå finaste Jonna
garn frå Oslo Mikrospinneri i ein nydeleg raudlilla farge
likte godt boka The Very Secret Society of Irregular Witches Sangu Mandanna
for ein snill hund som prøver å vekke ein bustete, liten kattepus
lese diktsamlinga Jeg lar det være slik av Marianne Teie
gule og grøne blad mot ein blå himmel
kjekt å sjå at ikkje alle nye bygg er grå, keisame klumpar
oppdage at det var komme nye episodar av Verda rundt på skjener på NRK Nett-TV
framleis flotte blomar i den botaniske hagen
gå tur med Balto og min betre halvdel i Sørmarka tidlegare i dag
haustsola over Breiavatnet

27. okt. 2023

Strikkenytt








Joda, litt strikking innmellom all lesinga blir det. For sjølv om det kjem mange bøker på ein gong frå biblioteket, dei fleste med venteliste, er det eit eller anna ved det å ta fram strikkepinnane, eit favorittgarn og berre strikke i veg. Tidlegare har eg strikka to Collett Tee og to Sensommer T-skjorter i Markagarnet frå Oslo Mikrospinneri. Alle dei er korterma, og då spinneriet lanserte ein langerma versjon av Sensommer T-skjorta, visste eg at det kom til å bli neste strikkeprosjekt. Fargen er Plomme, ein mørk raudlilla farge, og det eg fekk strikka eit par omgangar både på togturen i september og den for to veker sidan. Så mykje glede i å strikke endå eit plagg i Markagarn.

26. okt. 2023

Gårsdagens kveldshimmel




Over nabobklokka. Sat i stova og prøvde å lese. Enda opp med å titte ut vindauget, prøvde å få med meg mest mogleg av fargespelet som føregjekk på himmelen. Fire gongar var eg ute på balkongen for å knipse eit par bilete. Det skarpe lyset som gjekk over i eit meir gyllent lys, plusteleg var det over heile himmelen før det til slutt gjekk over i ein lillarosa solnedgang. Rein kvardagsmagi.

25. okt. 2023

Tenk at det blomar enno


Ny fargeeksplosjon, denne gongen frå den botaniske hagen. For slik ser det faktisk ut der no sjølv om det berre er ei veke igjen av oktober. Lilla, raudt, oransje, gult, rosa og grønt, ein heil haug av fargar i ei årstid som innimellom kan vere ganske så grå. At det blomar enno, så haustvakkert.

24. okt. 2023

Musikalsk kveld på den raude mølle




Filmen Moulin Rouge frå 2001 har eg sett fleire gongar. Kan ikkje hugse sist eg såg den, så det er nok ei stund sidan, men songane kan eg enno. Veninna mi og eg sykla til dansetimar og gaula på "Elephant Love Medley" og "Come What May", og Nicole Kidman og Ewan McGregor er den perfekte duoen. Tidlegare i år såg me Så som i himmelen på Oslo Nye Teater. Ikkje lenge etterpå fann me ut at Moulin Rouge! The Musical skulle bli sett opp på Chateau Neuf. Saken var klar: dette måtte me få med oss! Forestillinga skuffa ikkje! Mange nye songar, ein del av dei gode, gamle frå filmversjonen, dyktige artistar, stilig koreografi og flott scenografi. Eg tar gjerne ein ny musikaltur med deg, du veit kven du er ;) Før musikalen åt me på Frenchie ikkje så langt unna teateret (tihi, fransk restaurant var jo eit ypperleg val til ein musikal sett til Frankrike). God middag, crème brûléen var heilt ypperleg og me slappa av, koste oss og berre prata. Ein alle tiders musikalkveld!

23. okt. 2023

Fargeeksplosjon!




Dette. At dette skjer kvart år. På det jamne er ikkje hausten mi favorittårstid med sine kalde, mørke, regntunge, gråe og vindfulle dagar. Men alle fargane som poppar opp ute, dagar når sola skin og fargane berre blir sterkare, det gylne haustlyset og alt det gule, raude og grøne mot himmelen blå. Hjartet blir varmt, og som Anne Shirley sa: "I'm so glad I live in a world where there are Octobers". For på dei dagane som kan verke kjipe, er det dagslyset og haustfargane som driv meg vidare.

22. okt. 2023

Gylne kulørar over heile fjøla




Til og med bileta i sundagslista er full av haustfargar denne gongen! Mello anna ser eg at bokbileta mine er i haustlege tonar, og det er eigentleg berre det eine som er tatt slik med vilje. Men sånn kan det gå når oktober er her, tihi. Eg har prøvd å lande etter den fine musikalhelga i Oslo samstundes som det kjennest som om verda går av hengslene. Eg trur ikkje eg er aleine om å synest at det er mykje leit som skjer for tida. Prøver å lage meg lune morgonar, gå turar når sola skin, lese kjekke bøker. I byrjinga av veka var mannen min av garde på seminar, og det var godt å få han heim igjen. Elles følgjer med på jobbmarknaden, og helga var roleg, noko eg trur me begge trong. Rett under har eg samla opp vekas – i mine auge – høgdepunkt, akkurat slik eg pleier å gjere om sundagane:
 
togmordklassikaren Mord på Orientekspressen blir eg aldri lei av å lese
Vannassen med majestetiske svaner 
oppdage Filmoteket
og der sjå filmen Peanut Butter Falcon – ein ordentleg fin og hjartevarm film
liten tur innom kunstmuseet med ei veninne der det både blei kunst- og kafébesøk
at L. M. Montgomery (ein som spelte forfattaren, altså) var med i ein Murdoch Mysteries-episode 
lenge sidan førre gong me var innom IKEA, på torsdag blei det ein tur innom før REKO-ringen
solnedgangen over Forus då me henta varene på nettopp REKO-ringen
høyre på albumet frå musikalversjonen av Moulin Rouge
rev på rømmen frå Bastøy, synest denne var litt artig
Harmels Skogens usynlige stjerner er kanskje ikkje hennar beste, men likevel ei fengande historie
medan Gjentakelsen av Vigdis Hjorth var ei meir rå og kort leseoppleving 
eit enkelt raudt blad på eit tre blant alle dei grøne blada
og denne saka om seks år gamle Johannes som sette opp eigen revy, var berre herleg
varme skuggar frå eit tre fullt av små, gule haustblad
gå til byen i solskinet
altså, pusane Bami og Dami er rett og slett heilskjønne, eg smeltar heilt!
vise fram den kule T-skjorta som eg nyleg strikka ferdig 
avslutte helga med å høyre litt på ein konsert frå Hovedscenen
fin akvarell og solskin inne hos Ei blå stugu
sola som laga skuggespel på stoveveggen vår fleire av dagane
lun helgemorgon med stearinlys, bok, kaffi og eit par bitar god sjokolade

20. okt. 2023

Min tredje Easy Basic Tee




Toppen er nok for kald til å bruke no, men nyleg blei eg ferdig med min tredje Easy Basic Tee. Toppen er like enkel som den er gøy å strikke, og eg berre diggar fargekomboen. Tidlegare har eg strikka ein raudrosa farge og ein i kongeblå, denne gongen strikka eg toppen i to forskjellige fargar, og eg synest den sennepsgule vrangborden blei akkurat passe kul til den mørke, kalde lillafargen. Gleder meg til å bruke denne ein vår- eller seinsommardag. Vil også få ønskje deg ei riktig god helg!