21. aug. 2023

Skodjebruene




I fjor var det Ribblehead viadukt, i år var det dei gamle Skodjebruene. Bruene blei bygde mellom 1911-1919 og offisielt opna i 1922. Med andre ord: dei var hundre år i fjor! Fram til 2004 då den nye Straumsbrua opna, var desse to i bruk på veg over Skodjestraumen til Skodje kommune. Steinkvelvingsbruer frå ei anna tid, som enno står der rake og flotte. Det er eit fascinerande syn.


Eigentleg rart at me aldri har tatt turen ut dit tidlegare, for det var ikkje lange køyreturen frå svigers og ut til bruene. Tihi, som du sikkert ser, tok eg bilete frå fleire vinklar og plassar, for eg syntest dei var så vakre å sjå på. Kanskje me må køyre på jakt etter fleire gamle bruer og viaduktar?!

Legg igjen ein fin tanke