7. aug. 2023

Køyretur frå nord til sør på Vestlandet


Køyretur langs Vestlandet. Ikkje i dag når det stormar, toga står, vegane blir øydelagde og det er vatn overalt. Men ein tur slik me hadde førre måndag i akkurat passe sommarvêr, det må ein kunne seie er ganske fint. Blei litt stressa i Bergen då me køyrde feil og det i tillegg blei stopp rett ved ein av tunnelane, men utanom det koste me oss med musikk i bilen, prat og totalt fire ferjer. Langdistansebuss og bobil kjem ein ikkje utanom når ein køyrer i Noreg. Låge skyer rundt fjella, verdas lengste berg-og-dalbane (vegen mellom Grodås og Hellesylt) og vestlandsk natur.


Vatnet låg blikkstille fleire av plassane me passerte. Og når ein køyrer langs Vestlandet, møter ein så klart både kyr og geiter. Tihi, særskilt geitene låg i vegen og berre breidde seg, det var som om det eigde vegen! Etter den siste ferja, er det berre ein dryg halvtime å køyre heim. På den halvtimen er det kanskje ikkje så mykje å sjå langs vegen, men ein kanonflott solnedgang fekk me no oppleve.

Legg igjen ein fin tanke