22. aug. 2023

Sibelius-museo






To overnattingar i Tampere, neste by på vår ferd var Turku. Andre kjenner den kanskje best under namnet Åbo. Togturen var veldig kort, og det blei lite bilete frå den turen. Men eg hadde kameraet klart då me tok turen innom Sibeliusmuseet. For oss som er ganske interessert i klassisk musikk – ikkje minst at me speler i eit symfoniorkester – var dette museet eit sjølvklart stopp. Jean Sibelius (1865-1957) var ein finsk verdsberømt komponist, og allereie i Helsinki såg me spor etter han. Portrettet av Sibelius, fotografert av Yousuf Karsh i 1949, var noko av det fyrste som fanga blikket mitt. Gamle instrument, noter og LP-plater, og messinggruppa er jo den absolutt beste ;)


Instrument blei testa, det same med dirigentdugleikane. Eg ser jo litt artig ut med den store jakka, me det var gøy å prøve å dirigere etter musikk på øyret. Nede i kjellaren var det eit eige rom fullt av forskjellige orgel. Nokre meir ornamenterte enn andre, nokre store og nokre små. Strykmonokorden, instrumentet med både tangentar og boge, hadde ingen av oss sett før.




Bokhylle full av gamle musikkbøker, eit syn heilt etter min smak. Museet er bygga i stilen betongbrutalisme, akkurat som Stavanger svømmehall. Arkitekturen er det Woldemar Baeckman som står bak. Sjølv om det er mykje grått, er det likevel noko stilig med det heile. I midten av museet er det også laga til ei scene og sett ut stolar slik at ein kan ha konsertar der. Flott musikkmuseum!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Takk for turen, jeg har aldri sett en strykemonokord. Hilsen fra Bad Aibling

Silje sa...

Berre hyggeleg! :D Eit veldig kjekt og flott museum (eit av mange på turen vår i Finland og Åland), helsing frå Stavanger :D

Legg igjen ein fin tanke