8. juni 2018

Postkort frå Canada

Skal jo innrømme at eg hadde med nokre suvenirar heim, men det blei for det meste postkort og pins. Genialt å samle på det som "hovudsuvenirar" sidan det ikkje tar noko særskilt plass. No gjeld det berre å setje dei inn i postkortboka. Postkort frå Lunenburg, Anne of Green Gables-museet, Prince Edward Island, Halifax og nokre fleire. Klarer du forresten å sjå nokre av pinsane eg kjøpte? Biletet er ikkje det største, men det skal no gå an å sjå den eine ;) Har tatt det heilt med ro etter jobb i dag med lesing ute på balkongen. For i morgon er det nok ein jobblaurdag, denne gongen nede i sentrum. Men eg har valt det sjølv og synest det er kjekt å vere i gong med kvardagen igjen.

Legg igjen ein fin tanke