14. sep. 2020

Vindhellavegen



På'an igjen med morgonskift, og eg må innrømme at gjerne skulle ha sove lenger. Men eg kom meg av garde på sykkelen ti over seks og rakk jobben halv sju med god margin. Eg tenkjer å starte veka her på bloggen med eit tilbakeblikk på ein tur me gjekk ein av dei siste dagane av bilferien vår. Etter å ha vore ein times tid i Lærdal, køyrde me ein liten omveg, sette bilen frå oss på ei parkering og fann vegen bort til Vindhellavegen. Dette er ein del av Kongevegen over Filefjell, og turen startar i lett terreng på ein graskledd sti med steinrøys og gamle, små stabbur langs stien.


Vindhellavegen blei laga i 1843, og den gamle Kongevegen frå 1790-åra kan ein skimte innimellom på utsida av traséen. Kongevegen var bygd bratt, og det kom difor ein ny veg i 1843. Stigninga var framleis bratt sjølv om den blei noko betre, men den var likevel for bratt, og etter tretti år blei den avløyst av (endå) ein ny veg. Ein kan kanskje seie at desse to vegane var mislykka sidan dei var for bratte og ikkje kunne brukast lenge, men det å byggje ein slik veg – med murar og flotte svingar – det er kunstverk i seg sjølv. Stilig å gå ned denne svingete vegen, ein veg full av historie. 


Sjølve Vindhellavegen er ikkje så lang, så me valde å gå rundturen Vindhellavegen-Sverrestigen. Her var det nokre verkeleg bratte partiar, men alt hjelper når ein kan stoppe for ein rast på ein stein med litt kjeks og kaffi. Høge fjell og gamle hus, og då me nærma oss parkerinfa, møtte me sauar som alle ville helse på oss. Den eine sauen syntest i alle fall det var innmari gøy å "leike-stange" mannen min, tihi! Herleg å bevege på beina før me sette oss inn i bilen og køyrde mot Aurland. 

Legg igjen ein fin tanke