26. sep. 2023

Heimestrikka T-skjorte med kul sjattering







Markagarnet frå Oslo Mikrospinneri er verkeleg ein favoritt. Tidlegare i år strikka eg denne T-skjorta, og då spinneriet selde eit feilfarga garnparti til ein lågare pris, visste eg med ein gong at dette kom til å bli ei ny T-skjorte for min del. Oppskrifta er Sensommer T-skjorte, og det er ein enkel topp med ein knallfin båthals og sadelskulder. Eg diggar fargespelet og sjatteringane i garnet, og synest denne blei faktisk endå finare enn den fyrste eg strikka. No nærmar det seg oktober, så T-skjorta er nok litt for kald å bruke utan cardigan etter kvart, men fin og mjuk er den likevel.

Legg igjen ein fin tanke