2. juni 2023

Ei T-skjorte til seinsommaren





Viss eg hugser riktig, er dette den tredje toppen eg strikkar i Markagarn frå Oslo Mikrospinneri. Å, alle dei flotte fargane dei har i det garnet, og eg heier verkeleg på små bedriftar! Oslo Mikrospinneri får ulla si frå norske sauar, ta gjerne ein titt på nettsida deira, bla deg gjennom dei forskjellige garntypane og nyt alle dei nydelege fargane. Markagarnet er ein storfavoritt der lamulla, linet og morbærsilken lagar eit nydeleg fargespel i lag. Nyleg var eg ferdig med Sensommer T-skjorte frå same butikk i fargen frostrøyk. Alltid litt vanskeleg å fange fargen på bilete, men det er ein grøngrå farge med eit lite hint av blått. Båthalsen og skulderkonstruksjonen, både enkelt og samstundes fint.Kjem til å bruke denne toppen både vår, sommar og haust, ikkje berre utpå seinsommaren ;)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Herlighet så nydelig topp ♥ Både fargen og fasongen. Og den satt jo som et skudd på deg Silje ;) Fikk nesten lyst å bestille en sånn en hos deg ;) Du er så flink til å strikke.

Silje sa...

Markagarnet frå Oslo Mikrospinneri er verkeleg eit herleg garn, og denne toppen kjem til å bli ein av favorittane! :D Og takk for fin kommentar, Ida! ♥

Legg igjen ein fin tanke