19. sep. 2023

Rundt på Løkka


Laurdagsformiddag på Grünerløkka. Me hadde billettar til matinéforestillinga av Miss Saigon, og som i fjor drog me inn til Oslo ikkje så lenge etter frukosten. Det var visstnok Løkkadagene på (nettopp) Grünerløkka med matbuer, sal i fleire butikkar, brukskunst og andre fine ting i små buer. Sirkel Oslo hadde mykje fint, mellom anna nydelege notisbøker. Åt gode vårruller frå ei bu til lunsj, og etterpå stakk me bort til Haralds vaffel. For ein kaffitår og noko attåt måtte me jo ha ;)

Legg igjen ein fin tanke