12. sep. 2023

Gjesteheim med ei eiga ro


Hagen ved Granbergs gästhem. Og området generelt. Me likte oss verkeleg ute på Eckerö, og mykje av grunnen til det var koselege Granbergs. Å sitje ute i den store, grøne hagen og berre slappe av.


Käringsunds viltsafari er nærmaste nabo, og me såg hjort på avstand, høyrde villsvina og fekk eit nærmøte med ein av dei kule lamaane. Lesestund i hagen den fyrste kvelden, og ei lita lesestund også dagen etter. Flotte blomar overalt, ein atmosfære som verkeleg trefte oss. Her fann me roa.

Legg igjen ein fin tanke