20. sep. 2023

Neste togtur: sol og blå himmel




Frå Oslo og heimover derimot, skein sola utanfor ruta. Blå himmel med berre eit par kvite ulldottar følgde oss heile vegen frå hovudstaden til Stavanger. Fjell og skog, austlandske gardar, togskjener langs eit vatn og ein raud robåt. Kanskje er raude robåtar ei greie ved vatn som ligg langs togruta?!





Kor mange gongar har eg tatt toget mellom Stavanger og Oslo? Talet har eg ikkje, men det byrjar å bli ein del. Likevel blir eg ofte sitjande med boka i fanget utan å ha blikket på sidene. Auga mine prøver å fange opp all naturen som farer forbi der ute, eit syn eg har sett så mange gongar før, men som eg ikkje blir lei. Okei, så er ofte den siste timen laaang, då byrjar eg å kjenne at det er nok. Men før den tid les eg mykje, strikkar litt og får med meg korleis toglandskapet varierer frå det eine minuttet til det andre. By, bygd, små vatn, grøne enger, fjell og skog. Å reise langsamt gjer godt.

Legg igjen ein fin tanke