7. sep. 2023

Sommarstemning ved eit vatn




Sykla ein tur bort til Lassa. Sette sykkelen frå meg der, gjekk ned til Stokkavatnet på ein grussti eg ikkje hadde gått før. Traska i skogen, naut solstrålane som titta fram gjennom trea. Fann ein plass å sitje nær vatnet, og der blei det lesestund. Liten pust i bakken, berre meg, boka og skuggane i vatnet. Ein stor og gammal Volksvagen i ein knalloransje farge var ganske tøff. Sjølv om temperaturen er meir sommar enn haust, kunne eg sjå hint av hausten fleire stadar. Det kan gjerne få vere sommarstemning ei lita stund til. Etter kvart gjekk eg tilbake til sykkelen og sykla heim.

Legg igjen ein fin tanke