18. sep. 2023

Eckerö post- och tullhus




Eckerö på Åland var ein fin plass å vere, ferieroa fann me der ute ved kysten. På vår siste heile dag på øya, besøkte me mellom anna Eckerö post- och tullhus. I 1828, under tsar Nikolai I si regjeringstid, kom dette bygget på plass, og det var det fyrste offisielle bygget som møtte dei reisande frå Ålands hav. Postvegen mellom Sverige og Finland gjekk jo som nemnt over Åland, og Eckerö post- och tullhus var både arbeidsplass og bustad for dei som jobba i postverket.






Gammal tapet kunne ein skimte inne i huset, og så var det kjekt å sjå eit par utstillingar. I både fyrste og andre etasje er det noko å sjå, til dømes glasutstilling og brukskunstutstilling. Påfuglen i glasmosaikk var nesten det aller finaste, og så fekk eg auge på keramikken til Lugnet keramik. Kunne glatt ha kjøpt dei flotte tallerkenane, men så var det det der med plass i bagasjen, tihi ;)

Legg igjen ein fin tanke