1. sep. 2023

Biblioteksbesøk på ei koseleg øy


Hallo, sjekk ut fonten på skiltet utanfor Mariehamns stadsbibliotek – minner meg veldig om art deco-stilen! Sjølve biblioteksbygget er nok ikkje så gammalt, det er frå slutten av 80-talet, men eg berre diggar den gamle stilen på skiltet. Ja, takk til fleire slike stilfulle skilt og plakatar! Som så ofte, blei det eit lite hoppebilete foran biblioteket før me gjekk inn for å sjå oss omkring.


Alltid gøy å berre vandre rundt i eit bibliotek eller i ein bokhandel sjølv om ein ikkje skal ha noko, det viktigaste er atmosfæren alle bøkene gir. Runde former i taket, lyst og ope med fargerike stolar og ein stilig, kunstnerisk vegg. Fann roa der, og det blei ein liten pust i bakken før neste stopp.

Legg igjen ein fin tanke