24. sep. 2023

Blomar om hausten




Heime hos oss denne veka har Zalo vore på besøk. Han er sin eigen sjef, det er tydeleg, og han har ikkje vore så mykje ute i lag med oss som han av og til er. Men det går litt i bølgjer, til dømes har han dei siste dagane komme ut for å ete frukost i lag med oss nesten før me er i gong. Tihi, ein liten raring er han! Ordentleg sundagstur i dag medan eg kom meg ut på ein liten gåtur på torsdag og sykla fram og tilbake byen på fredag for å levere og hente nye bøker på biblioteket. Tysdagskveld med orkesterøving, dagar med mykje regn, men også dagar med sol og lesing ute. Er litt treig med å dele sundagslista denne gongen, så eg tenkjer at eg ikkje skriv så mykje meir, men berre deler:
 
gjenlese Eleanor Oliphant har det helt fint av Gail Honeyman
passe kulaste Zalo ei veke
David Tennant som overraskar Michael Sheen med å uttale eit langt walisisk stadsnamn
tilbakeblikk på morgonlyset som møtte oss førre sundag på veg til toget
blå himmel, grøn eng og gule blomar 
finaste Bailey blir litt sliten av å leike med denne skjønne kvalpen
ååå, eit lite utdrag frå songen "Circle of Life" frå Lion King i Beat for beat
"Top 20 Most Ridiculous 90s Music Videos Ever" – sjå denne med Hasselhoff, eg ler høgt!
kanskje ikkje beste boka av Grebe, men Dvalen var no likevel litt spennande
balkonglesing også i september 
alle dei fargerike blomane eg såg i eit bed då me gjekk Bjørnøyturen tidlegare i dag
del ein og del to av Last Night of the Proms på NRK Nett-TV
The Marvels-temaet i denne nydelege versjonen frå The Last Night of the Proms
utsikta frå dagens gåtur
lage gyros og heimelaga tzatziki til middag
boka En dag vil vi le av det, den andre om Tue og hans dysfunksjonelle familie
kva er oddsen for at andre har den same T-skjorta som eg fann på ein bruktbutikk i Canada?!
kjempestilig med sekskanta eikefliser frå Hekkan Design som no pyntar oppgangen i blokka vår 
kaffibesøk av mamma og pappa i dag før dei tok med seg Zalo heim
laurdagstaco og animasjonsfilmen The Book of Life
lun helgemorgon med heimelaga kaffe latte, eit mjukt teppe og ei god bok

Legg igjen ein fin tanke