14. sep. 2023

Piknik etter tur


Piknik på det grøne graset i arboretet. Sjølv om vår lille sundagstur ikkje blei så lang, måtte me jo ha i oss litt mat, eller kva seier du?! Hadde kjøpt gode rundstykke på Brustadbua, pålegg låg i kjølebagen og på termosen var det nytrakta kaffi. Både piknikkorga og piknikteppet var med, og til dessert åt me heimelaga scones med aprikosmarmelade. Tommel opp frå meg i alle fall ;) Og dei flotte vassliljene rett ved der me sat, det er ganske så fint der borte i arboretet.

Legg igjen ein fin tanke