4. sep. 2023

Uffe på berget

 
Utsiktskaféen Uffe på berget var neste post på programmet denne julidagen. Kaféen ligg berre fem minutt unna Kastelholm (med bil), og me stoppa der både for ein kaffipause og for å nyte utsikta. Litt sånn herleg hyttepreg over kaféskilta, generelt stilen og interiøret inne i kaféen.
 



Gotland då me var der, prøvde me saffranspannkaka, på Åland var det Ålandspannkaka me måtte smake på. Det er ei type omnsbakt pannekake laga av semulegryn og med mykje kardemomme; min betre halvdel syntets det blei litt mykje av sistsnemnde ;) I midten av kaféen var det ei lita grue, og då fekk i alle fall eg endå meir hyttestemning. Etterpå traska eg opp 120 trappetrinn i eit lite tårn rett ved kaféen for å sjå utsikta over øya. Ein del vind var det, men kult å landskapet ovanfrå.

Legg igjen ein fin tanke