28. sep. 2023

Gullblomar




Trasketur opp Fantastien her om dagen. Blå himmel. Store solsikker som lyste som gull.


Smørblomane lyste også som gull, og under eit tre såg eg ein søt kanin. Kyrne beita på eit jorde, og ikkje langt unna fann også gjæsene noko mat. Ullandhaug har mykje å by på, ikkje berre tårnet. Å kunne ta meg ein slik trasketur så å seie rett utanfor heimen vår, det er sånn kvardagsfint.

Legg igjen ein fin tanke