17. sep. 2023

Lykkestad mellom to permar





Musikalhelg i Oslo, det er lett å plukke ut vekas høgdepunkt. Tenkjer eg skal skrive meir om musikalen etter kvart, men det kan eg seie: det var ei kjempestor oppleving! På fredag tok me toget ti på fem, og me var veldig seint framme på Langhus. No har me prøvd det også, men eg trur nok me liker best å reise tidlegare på dagen. Ein tur til biblioteket i løpet av veka blei det også, eg har nesten for mange bøker på ventelista for tida. Tysdagskveld var me i gong med heile orkesteret. Kanskje ikkje dei mest spennande notane for vår del, men satsar på at resultatet blir bra (me skal setje opp Czardasfyrstinnen i november). Litt regnvêr, ein liten gåtur og to dei dagane det har vore fint ute. Kom heim frå Oslo for eit par timar sidan, og no ventar vel senga. Fyrst gode bøker og litt anna:
 
har likt dei andre bøkene av Emily Henry, men Mitt lykkested stal hjartet mitt litt ekstra 
spennande å lese bok nr. fem, Londonreglene, i spionserien frå Mick Herron
ete knallgod middag ute på Zouq før orkesterøvinga tysdagskveld
tilbakeblikk på lyse vårdagar, kjekke kjøp på REKO-ringen og kafétur inne hos Et katteliv
sesongpremieren av Eventyrlig oppussing på Rott utanfor Tananger med lemming og det heile
kose oss med bakgrunnssnuttar frå Good Omens
✦  "Jupiter" av Gustav Holst er noko av det aller finaste i den klassiske verda
lesestund om morgonen med kaffikopp nr. to
stikke innom Løvås bruktbu – der er det bøker frå golv til tak 
naturen og litt om deira nye galleri/butikk i ein ny vlog frå Jonna
vassliljene i Vannassen
blikkestille vatn overalt langs togruta på veg heim i dag
vekas absolutte høgdepunkt: sjå Miss Saigon på Folketeateret
hallo, sjå denne trøtte, bittelille pusen – innmari nusseleg!
helse på kattane heime hos svoger og familien 
og veldig koseleg å ha kvelden i går til å le og prate med svoger og svigerinne
teste ut den nye fotokiosken på Folketeateret – var ikkje alle bileta som blei like bra, tihi ;) 
anbefaler varmt miniserien The Flatshare basert på boka av Beth O'Leary med same namn
kjekt å gå litt rundt på Grünerløkka og stikke innom Løkkamarkedet før musikalen
kaffi, noko attåt og lesing på toget medan landskapet fauk forbi
Jón Kalman Stefánsson kan det der med å skrive, og Gul ubåt var ei eiga leseoppleving

Legg igjen ein fin tanke