10. sep. 2023

Turar, lesestunder og latterkrampe




Som sikkert fleire andre her i landet, har også me hatt flotte og varme dagar i det siste. Nesten litt for varmt, for med vindstille og godt over tjue gradar, blir det faktisk for mykje for min del til å sitje ute på balkongen. Men eg har hatt lesestund ved eit lite vatn og me har lese i lyset av lanterner om kveldane. I dag var det akkurat passe temperatur til å gå ein ekte sundagstur, og det med piknik etter turen før me drog heim. I går var det grilling og spelekveld på Sola, og det blei mykje lått og løye! Henta gode bøker på "biblå" har eg også gjort denne veka, og elles har eg mellom anna øvd i lag med grovmessinggruppa (byrjar med fulle orkesterøvingar denne veka som kjem), sjekka ut nokre bruktbutikka og fått unnagjort ein del orkesterstyregreier. Hei og hopp, ei septemberveke er over:
 
ikkje så lenge sidan sist, men likte likevel å gjenlese Poirot-boka Stevnemøte med døden
ha, ha, det blei fullstendig latterkrampe då me spelte "Ryktet går" i lag med familien på Sola i går!
Annie Proulx kan det å skrive noveller
nok ei kjempebra melding av Miss Saigon
skjønne kaninar ute på Heddas gård  
at han og eg ser litt på på The Wheel of Time og "behind the scenes" frå Good Omens
Haru er eit lite sjarmtroll
skogslyset no om dagane! 
"The Parting Glass" er nydeleg, anten det er Glen Hansard, Celtic Woman eller desse som syng
krøllebølle som var kamuflasjehund medan me spelte spel i går kveld
av og til les han fine og eg den same boka: Tress of the Emerald Sea var ei slik bok, ganske så artig
lesestund i skjørt og berre leggar ved Vannassen rett før helga tok til 
høyre Samuel West lese forskjellige dikt, til dømes nr. 3: "I Opened a Book"
treffe på kjentfolk ved Vannassen og prate litt med ho før ho skulle vidare
strikke ei T-skjorte i ein ordentleg glad fargekombinasjon
søtaste, lille flodhesten Omo som skal prøve å ete ei vassmelon 
sjå ferdig Paddington 2, og eg skal innrømme at det kom ein del tårer på slutten, ja  
sundagstur og piknik i Rogaland Arboret, og haustfargane har no byrja å poppe fram
framleis hekta på Good Omens, og gøy å høyre Sheen og Tennant prate om karakterane deira
høyre slageren "One Night in Bangkok" med Murray Head på radioen ein kveld i bilen
kvardagshygge med lanterner og lesestund ute på balkongen i lag med min kjære

Legg igjen ein fin tanke