27. sep. 2023

Bjørnøyturen for andre gong




Joda, det er andre gong me har gått akkurat denne kvardagsturen, men det er nesten seks og eit halvt år sidan sist, så på ein måte var det som å gå den for fyrste gong. Ormøy, Roaldsøy og Bjørnøy rett utanfor Hundvåg utgjer Bjørnøyturen. Me gjekk over små bruer, langs gater og ute ved kysten, eg såg eit bra minibibliotek, ein plass hadde eføyen byrja å få haustfargar, ei postkasse var så fin med ordentleg haustmotiv og eit blåskjell låg på bakken opna som eit lite hjarte. Eit epletre var full av raude og gule eplar og lyste opp med sine friske fargar mot den blå himmelen.


Høge berg var det no ikkje, men me fekk faktisk greit utsikt over byen lell, med Bybrua i det fjerne. Vêret var passe sundagsturvêr, og sånn sett var me heldige, for det regna seinare på dagen. Men litt vind var det, så me sat ikkje lenge. Og messinglavet – den okergule fargen får stadig mi merksemd.


Maritim stil var det fleire som hadde i hagane eller oppkøyrsla sine. Store blomar og roser, ein lilla benk og artige betongfigurar, turen hadde alt dette. Det er fint ute på desse småøyene, og dei femtito kvardagsturane er heilt geniale, ein får sett så mykje av byen som ein (kanskje) ikkje har sett før.

Legg igjen ein fin tanke