Litt for langt å reise for å besøke ein av dei finaste kaféane kvar veke, men hadde Stolt Mat vore i nærleiken, hadde eg glatt tatt ein kaffi der ganske så ofte. Kan jo uansett skryte litt av den her på bloggen, nett slik eg også gjorde i fjor. Sjøholt har nemleg denne perla langs vegen, ei perle me alltid kjem tilbake til når me er heime hos svigers. Ein plass for lesestund og ein ordentleg kaffipause.
Koseleg atmosfære, loppissjarm og retrointeriør, heimelaga ostekake, god kaffi, lokale varer og folk bak disken som alltid smiler. Alle detaljane, som blå og kvite tallerkenar som pynt på ein vegg, fargerike broderi på ein annan. "Velkommen til mitt hjem", og det er akkurat slik det kjennest ut.
Legg igjen ein fin tanke