8. sep. 2023

Ved Vannassen tidlegare i dag


8. september. Ei av mine beste veninner har bursdag i dag. Fredag og helg er det også. Eigentleg haust, men det kjennest ikkje sånn ut. For lesing ved eit vatn nok ein gong. I heimestrikka T-skjorte og lett skjørt i ein knæsj farge. Eg gjekk berrføtt i graset, kjente sola varma andletet, las nokre sider. Endene svømte forbi i ro og mak, eit par avslappa timar ved eit lite vatn i septembersola.

Legg igjen ein fin tanke