20. sep. 2023

Regnvêrsettermiddag på toget


Regn på ruta her heime. Regn på ruta då me drog til Oslo fredagsettermiddag. Kaffi i ein kopp og ein liten sjokoladebit, perfekt lesestund. Gardar og sauar fauk forbi i det jærske landskapet.
 

Meir dropar på ruta etter kvart som me kom lengre og lengre ut mot Høg-Jæren, og det var vanskeleg å skimte landskapet anna enn som flyktige vatn og grå berg. Om ikkje anna fekk eg tid til å lese mykje i ei tjukk bok, to hundre sider gjekk unna i ein fei. Ein regnvêrsettermiddag på toget.

Legg igjen ein fin tanke