3. juli 2023

Dette garnet!


Er det eitt garn eg har forelska meg heilt i, må det vere Markagarnet frå Oslo Mikrospinneri. Norsk ull, lin og morbærsilke, Supernøgd med denne T-skjorta, og visste eg kom til å strikke ein til. Så då spinneriet hadde eit parti med failfarga garn og selde det til litt billegare pris, slo eg til. Alltid litt vanskeleg å fange fargen riktig når eg tar bilete, men det er altså ein lys beigeaktig farge med dæsj av rosalilla, og viss ein ser nøye etter, er det eit lite hint av ein blålilla farge også. Ein herleg kombo!

Legg igjen ein fin tanke