8. sep. 2023

Små detaljar frå Granbergs

Overnattinga i Mariehamn var ingenting å skryte av, men dei to siste nettene på Åland, budde me på koselege Granbergs gästhus och gästhem ute på Eckerö. Mykje var allereie tinga – me var jo nokså seint ute med å planleggje sommarferien – men eit ledig rom på gjesteheimen var det (ein kan også leige små hytter (gästhus) frå dei same folka om ein skulle ønskje det). Du skal få sjå meir av Granbergs, for hagen og området rundt er heilt nydeleg. Ville berre starte helga med å dele eit par, små glimt, for det var så koseleg inne i gjestheimen. Lyst og reint rom der me skulle sove, retro taklampe ute i gangen, søt kaffikopp, dagsferske blomar og blondegardiner på felleskjøkkenet.

Legg igjen ein fin tanke