11. sep. 2023

Gardsbakeri ein plass, gelateria ein annan


Kaffipause langs vegen, eit iskremstopp ein annan plass. Åland hadde fleire koselege bakeri og kaféar, og på Solkulla gårdsbageri blei det ein kaffi og noko attåt. Med sol, sommar og ferie blir det som regel ein is eller to – gelatoen på Anna & Aldo var supergod! Dei hadde så mange gode og spennande smakar å velje mellom, klarte til slutt å bestemme oss for ei kule med pistasj og ei med pasjonsfrukt. Nam, seier eg berre! Sjølv om me sat ute og drakk kaffien på Solkulla, var eg så vidt inne ein tur: koseleg, gammal stil med litt sop i hop av møblar og interiør, det er sånt me kan like.

Legg igjen ein fin tanke