4. sep. 2023

Kastelholms slott


Kastelholms slott på Åland, ein veldig godt bevart slottsruin frå mellomalderen. Det er vanskeleg å tidfeste nøyaktig når slottet blei bygd, men det er fyrste gong nemnt i skrift i 1388, og det hadde si storheitstid under Gustav Vasa og hans sonar då Finland og Åland var under svensk styre. I veggane ligg det mykje historie, mellom anna omleiring og sidan ein brann i 1745, før ein mot slutten av 1800-talet byrja å restaurere slottet og lot det bli den slottsruinen og museet det er i dag.


I det same området ligg også friluftsmuseet Jan Karlsgården. Me var der ikkje så lenge – me hadde leigd ein bil og skulle også sjå andre plassar på øya – men det er alltid koseleg å sjå grå og ullete sauar. Interessant lesing om postvegen mellom Sverige og Finland via Åland, me titta på små, gamle hus, ei vindmølle og ei midsommarstång, alle døme på ålandsk bygge- og bustadskultur.

Legg igjen ein fin tanke