19. sep. 2023

Heilstøypt musikaloppleving






Musikal nr. 10 på Folketeateret! Det heile starta med Billy Elliot ein januardag i 2015, musikalopplevinga som kanskje også er den sterkaste av dei alle. Men Mary Poppins og Chess er to andre eg hugsar godt. Miss Saigon er ein musikal der eg berre hadde høyrt eit par songar tidlegare, og før me reiste, høyrde eg gjennom albumet på Spotify og las meg gjennom historia på Wikipedia. Sjølv om eg dimed ikkje har hatt eit stort forhold til akkurat denne musikalen, blei det litt av ei forestilling. med. Kjempeflott musikk (både tekst og musikk er av dei same folka som står bak Les Misérables: Alain Boublil og Claude-Michel Schönberg), dyktige skodespelarar, store songstemmar og spektakulær scenografi. Og ja, den berømte helikopterscena var så tøff og mektig som den berre kan bli! Nok ein gong storkoste me oss med ei heilstøpt musikaloppleving produsert av Scenekvelder. Sidan 2016 har dei hatt rettigheitene til Miss Saigon, men dei har venta på dei riktige skodespelarane – det var det vel verdt å vente på! Så er det like gøy kvar gong å juble litt ekstra når orkesteret kjem opp på scena for applaus, eg veit eg har nemnt det før, men eg gjekk musikklinja i lag med han eine som speler slagverk. På veg opp til salen, tok eg det vanlege trappebiletet, og så var det litt artig å prøve den nye fotokiosken som dei har laga til. Han der fine er ikkje alltid like glad i å posere, så han fekk sleppe, tihi ;) Noko anna som var artig var å ta ein liten titt på nokre av kostyma frå tidlegare musikalar, til dømes frå Chess og Mamma Mia. Eit par heilt supre timar i hovudstaden!

Legg igjen ein fin tanke