21. sep. 2023

Postbrygge og eit minifyrtårn




Måtte jo ta ein titt på sjølvaste postbrygga då me var ferdige med å sjå oss omkring på Eckerö post- och tullhus. Knallblå himmel denne dagen, og dei gule blomane mot det raude naustet lyste om kapp med sola. I nærleiken er det reist eit monument til minne om alle dei som rodde med posten ute på havet. Vidare stoppa me ved Käringsund fyrlykt. Sat eit par minutt på berget og las i kvar vår bok, men det varte dessverre ikkje lenge: vepsen var plutseleg rundt hovuda våre! Ja, ja, det var fint så lenge det varte. Om ikkje anna blei det god lunsj og sidan ei lesestund i hagen ved Granbergs.

Legg igjen ein fin tanke