13. sep. 2023

Septembertur i arboretet






Så blei det kanskje ikkje den lengste sundagsturen, for det var ganske mykje å sjå og ta bilete av ;) Men akk, så flott det er i Rogaland arboret! Haustfargane har byrja å poppe fram overalt, og eg blir like varm om hjartet kvart år. Fint med litt lilla blant alt det grøne og ein admiralsommarfugl.






Gjekk forbi eit tre, eller kanskje var det eigentleg ein busk, med nokre rare og kule rosa dingsar. Fascinerande å sjå på, og litt lengre bort dufta magnoliaen heilt himmelsk.




Noko av det kjekke med arboretet er alle vegskilta med namn som "Kjærlighetsstien" og "Via bella". Ein finn også både ja- nei- og vet ikke-benken, og me tok (så klart) ein bitteliten sitjepause på ja-benken. Traska vidare gjennom ein litt trolsk skog og fann også ein bekk med rennane vatn.

Legg igjen ein fin tanke