3. sep. 2023

Offisielt haust




Tredje september er snart over, sommaren er faktisk over. Veit ikkje om eg er klar for hausten, til mørkare dagar og kaldare vêr. Foreløpig er det meir sommar ute enn haust, så eg satsar på at me får nokre slike dagar også, dagar ein nesten kan kalle seinsommardagar. Ut på tur fleire gongar i løpet av veka, seinast i dag i lag med to veninner eg ikkje ser så ofte. Superkoseleg å gå rundt Mostvatnet, berre prate og sidan ta ein kaffi og noko attåt på kunstmuseet. På tysdag hadde me fyrste øving med orkesteret for sesongen. Det var gruppeøving og dimed ikkje fullt så lang eller intensiv øving, men greitt å vere i gong igjen. Me har også passa krøllebølle i helga (finaste Balto om det ikkje var tydeleg), høyrde på ein flott konsert i konserthuset på fredagskvelden og såg ein kjekk animasjonsfilm til laurdagstacoen i går. Fleire bra bøker på lista slik det ofte er om sundagane:
 
Paolo Cognetti kan skrive: De åtte fjellene er ei favorittbok, og eg likte godt den nye Ulvens lykke
landskapet i All Creatures Great and Small, eg saknar Yorkshire og områda der borte!
fleire slike videoar med Crowley og Aziraphale, og denne er ganske så herleg
å høyre "En Alpesymfoni" av Richard Strauss med Stavanger symfoniorkester
gleder meg stort til å sjå Miss Saigon på Folketeateret om berre eit par veker!
fann ikkje så mykje, men gøy å teste ut vintagekonseptet VinoKilo som var i byen på tysdag
lese ferdig Meeting Millie av Clare Ashton, fyrste bok i Oxford-serien
Griegs "I Dovregubbens hall" med ein enkel og morosam animasjon
laurdagstaco og James and the Giant Peach, ein animasjonsfilm basert på Roald Dahls bok 
lite sjølvknips med kunsten i konserthuset i bakgrunnen
kakerestar på måndag etter afternoon tea
ha, ha, denne lille her om irar som ikkje kan snakke irsk ;) 
kanskje litt for søt, men likte likevel å lese Love Letters from Montmartre av Nicolas Barreau
sundagstur rundt Mosvatnet med to gode veninner
beundre keramikken me kjøpte hos Lugnet keramik på Åland
kommentar om det å ta bilete av ulykker og liknande, veldig bra skrive
ut på tur med Balto på lur
lyset ute i skogen nokre av dagane 
alltid heilt nydelege blomebukettar inne hos Et katteliv: april-, mai-, juni- og julibuketten!
ete fleire vegetarmiddagar, faktisk heile fire denne veka
kveldslesing ute på balkongen

Legg igjen ein fin tanke