Nærmare ti år sidan sist eg var i Atlanterhavsparken, og med gråvêret som var i går, passa det å ta ein tur ut til Ålesund. Atlanterhavsparken er eit akvarium med formål om å "drive offentlig akvarium med naturlig tilhørende fasiliteter i Ålesund, for å formidle kunnskap om - og å skape interesse, for livet i havet." Dei vil også "illustrere sammenhengen mellom ressurser i havet og marint basert verdiskaping, og sammen med andre institusjoner drive forsking tilknyttet livet i havet" (henta frå Atlanterhavsparkens nettside). Eg er ikkje ein ekspert på fiskar og livet i havet, men eg synest det er fascinerande å gå rundt, lese om dei forskjellige artane og sjå korleis dei beveger seg i vatnet. Skata med det søte andletet, steinbiten med det ikkje fullt så søte andletet, flyndrene som gjemmer seg i sanden, blekkspruten med alle sine armar, dei er alle så stilige.
Slangestjernene som hadde klistra seg på det eine glaset, fanga blikket mitt. Veit ikkje heilt kvifor, men på ein eller annan måte syntest eg desse var så spesielle og kule. Ute var vêret noko betre, så me slapp å gå rundt med paraplyar då me skulle helse på pingvinane, selane og otrane. Ha, ha, den eine selen låg på ein stein og gjorde seg til for oss, nesten som om den hadde ei forestilling og me var publikum! ;) Eit par kjekke timar blant dei fine sjødyra før me åt lunsj på stamkaféen i byen.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Og når vi har sommerferien på vestlandet skal vi selvfølgelig besøke Atlanterhavsparken også ;) Jeg fikk akutt lyst å dra dit nå, for bildene dine er så fine og stemningsfulle. Du er en god fotograf Silje ;)
Tusen takk, Ida! Eg synest no det er kjekt å gå rundt med kameraet og prøve å få nokre gode bilete når eg ser eit kult eller flott motiv :) Atlanterhavsparken er vel verdt eit besøk!
Legg igjen ein fin tanke