19. aug. 2020

Seterliv

Setrene mot dei vestlandske fjella. Blå himmel ei retning, grått og noko mystisk ei anna retning. Begge delar like fint. Små og noko større fossefall, heile stemninga. Om somrane har dei ope ei lita kaffistove, og det var så koseleg inne i stova. Men sidan vêret var ganske så bra, sette me oss ned på ein benk ute i staden for å sitje inne. Me åt litt rømmegraut med knallgod bringebærsaft, og me kjøpte også ei lita eske med geitekaramellar. Å kunne vere eit par timar til fjells, med gamle, flotte setrar og geiter rundt på alle kantar, det skulle eg gjerne ha gjort oftare. Seterlivet ein sommardag.

Legg igjen ein fin tanke