11. aug. 2020

Rennande vatn, så klart og blågrønt

Etter å ha køyrt over Valdresflye, stoppa me i Lom der me stakk innom Fossheim steinsenter (eg har alltid vore steingalen, tihi) og åt ein god lunsj. Så gjekk turen vidare, over fjellet, ned mot Geiranger og heim til svigers på Sjøholt. På vegen stoppa me langs ei elv og køyrde opp til utsiktspunktet Dalsnibba. Blei ståande og berre stirre på denne elva. Den heiter Torda, og utløpet ligg nær Billingen i Otta. Fargen var så klar og blågrøn. Fascinerande å sjå vatnet som fossa nedover med stor kraft. Godt å strekke på føtene, og eg måtte som vanleg ta eit par hoppebilete.

Legg igjen ein fin tanke