17. aug. 2020

Den løyndomsfulle hagen

Alle blomane og fargane i den botaniske hagen. Mannen min skulle innom kontoret onsdag førre veke. Ute var det knallvarmt, og for min del for varmt til å sitje ute på balkongen. Eg sykla i lag med han bort til jobben hans, for rett ved UiS ligg den botaniske hagen. Fann ein benk og sette meg til rette med boka i fanget. Den kjensla ein får når ein berre sit der og slappar av, djupt inne i ei bok, alle fargane og luktene frå blomane, det er ei kjensle eg gjerne vil kjenne på kvar veke. Ei ordentleg kvardagsglede (eller skal eg seie sommarferieglede?!). Medan eg sat der, såg ein kanin som hoppa rundt. Å, den var så søt! Og som om ikkje det var nok, så kom det plutseleg ein raudstrupe og sette seg på ein pinne blant blomane. For meg var det som raudstrupen i Den løyndomsfulle hagen. Barndomsminne og nostalgi, mangla berre sjølve boka foran meg. Kanskje eg må lese denne no, eller sjå ei av filmatiseringane, eller kanskje høyre på musikalmusikken. Hit må eg komme oftare.

Legg igjen ein fin tanke