20. aug. 2020

Finaste krøllebølle og kjekke timar i Florø

Torsdag for akkurat to veker sidan var me i Florø (jepp, eg hoppar litt i kronologien igjen). Me køyrde frå Sjøholt rett etter frukosten på onsdag og var framme i Florø halv fire på ettermiddagen. I Florø besøkte me tanta mi og den finaste krøllebøllen Balto. Han er så søt og artig når han ligg på teppet og slappar av – han går jo i eitt med fargen på teppet! Me åt ein god bønnegryte til middag, slappa av litt med ei bok og utpå kvelden kom kusina mi, og alle fire fekk latterkrampe då me spelte "Ryktet går". Måtte beundre David Trubridge-lampa som tanta mi har i stova; den gir så varmt lys og ein nydeleg skugge på veggen. Dagen etterpå, altså torsdag, gjekk me ein liten tur og var også innom sentrum for god lunsj. Fann to stilige gatekunstmotiv å ta bilete av, begge i herlege blåtonar.


Den lille turen me gjekk, var ute ved kysten på svaberga og bort til Sørstrand folkepark. Hi, hi, den der katten som du kan sjå øvst hadde eit majestetisk uttrykk der den sat. Må også le litt av det biletet tanta mi tok av oss der me begge står og ser utover havet. Og så smiler eg av det andre biletet, meg og han på brua. Han er den aller finaste! Eller, er det no eg skal skrive Balto?! For han var ganske så fin der han sat og speida etter noko langt borte. Me blei ikkje så lenge i Florø denne gongen, men me slappa av og hadde det superhyggeleg. Takk for at me fekk komme på besøk.

Legg igjen ein fin tanke